Rart dette med skam. Kva ein skammar seg over. Sjølv kan eg le av ein rakna strømpe i fint selskap, og eg blei berre litt flau då eg oppdaga eg hadde stått og lest opp med genseren på vranga. Om eg seier noko feil ein stad der det  absolutt skulle vore rett, så bergar humoren meg. Men no har eg ete ein bolle på ein heilt vanleg onsdag, og eg skammar meg. Skammar meg inderleg over min svake karakter. At lysten er større en prinsippet. Skammar meg over kiloane eg ikkje greier halda under kontroll. Eg greier ikkje bli slank, eller slank og fin som folk seier i same andedrettet. Det er jo berre å bestemma seg, seier dei. Ja visst, det er berre å bestemma seg. For kva er vel meir skammeleg enn å ha stor appetitt.

Eg har alltid hatt stor appetitt. På mat, på gleder, på kropp og hud, på livet. Men skulle det vera skamfullt å vera ein nytar? Eg skulle vel heller skamma meg over mitt overforbruk i ei verd der så mange treng så mykje. Eg skulle ha skamma meg over å tåla den urett eg veit om men lukkar augo for. Eg skulle ha skamma meg over mitt manglande engasjement for den jorda vi lever på og har ansvar for. Den skamma er på sin plass.

Og eg sit her og har ete bolle på ein vanleg onsdag og kjenner skam. Fordi eg ikkje sto imot freistinga. I staden for å klappa meg sjølv på skuldra og sei: Vel unt Bente! Vel unt! Gå no ut og unn også andre noko godt!