Eg kom over ei overskrift i dag. Der sto det: “Eg hatar ansiktsrynker”. Eg måtte lesa to gonger. Så gjekk eg og stilte meg opp framfor spegelen. Der studerte eg mitt eige andlet. Ja, visst er der rynker. Men hatar eg dei? Nei, handa på hjarta, eg gjer ikkje det. Eg synes eg kler dei! Dessutan, rynkene fortel jo at eg har levd. Dei ber i seg alt det eg har opplevd, alt eg har erfart. Dei ber i seg sorgene og smertene, og tapa, men også alle gledene. All fryd, all lykke, all dansen eg har dansa! Det er jo min konto dette. Min velfylte konto. Eg har hatt eit liv!

Det går visst an å gjera noko med rynker, seier dei som veit noko om det. Ein kan bli glatta ut og bli blank som ei barnerompe visst. Men er det eit mål? Forever young? Nei, det er ikkje noko for meg. Ein gong var eg ung, ein gong var eg nesten ung og framleis glatt. Ein gong kom dei aller første rynkene snikandes ved augo og munnvika. Fortalde at no var eg blitt vaksen. No hadde eg fått karakter. Skal det bort?

Kvar alder har sine gleder. Kvar alder har sine utfordringar. No er eg her. Og nei, eg hatar slett ikkje rynkene. Eg viser dei stolt fram. Dette er eg. Dette er kvinna eg er blitt etter alle dei ulike dagane eg har levd. Ser du ikkje at eg er vakker akkurat slik, så får du la vera det. For eg trives med det andletet eg har. Visst kan eg leggja raudt på leppene og svart rundt augo, og noko brunt på huda når eg skal vera fin, men rynkene, dei skal få vera der. Same kor mange dei blir!