Det fins menneske som set spor i livet eins på godt. Men også på vondt. Her dukka det på facebook opp eit bilde frå farne dagar. Kassen i gymsalen. Den vi måtte hoppa over. Vi sto der på rekkje og skulle hoppa etter tur. Ta fart, opp på springbrettet og så koma oss over. Berre det at somme av oss kom aldri over.

Fremst i køen sto dei spreke og spretne. Dei som alltid greide det. Dei same som blei valt først i ballspel. Mens somme av oss sto heilt bak i køen og prøvde forbli der. Det gjekk aldri. Gymlærarar er visst eit eige folkeslag. Dei står der med ein usynleg pisk og driv ein ut i elendet. For du veit det sjølv, du kjem aldri over.

Det var ikkje det at eg var så tung i baken den gongen. Men eg var forsiktig. Og engsteleg. Kassen såg ut som eit monster der han sto, stor og skummel. Til pers måtte eg. Med vondt i magen og hjartet i halsen tok eg springfart, satsa på brettet, og buklanda på kassen. Kvar gong.

Eg hata det. Eg hadde gløymt kor eg hata det til bildet av kassen dukka opp der framfor meg. Det var som om nederlaget, frykten og fortvilinga kom som ein flaum og dreiv meg med. Eg visste ikkje at det låg slike fæle, svarte kjensler og sov inni meg, klar til å bli vekte opp.

Det er jo ei æve sidan. Det er då berre ein kasse. Og eg er stor jente no, og ingen kan tvinga meg til eit einaste hopp. Likevel sit eg her klar til krig mot alle omsynslause gymlærarar i verda.