Det er noko med turnehotell-livet. Aleine på hotell ei veke, to verker, kanskje meir. Det er så mange kveldar å fylla. No er det nok ulikt kva ein finn på å bruka tida til, men du og du kor mange aviser eg les. Her er det å gå over heile lina. Osloavisene, Bergensavisene. Lokalaviser der eg er, eller der eg har vore. Artiklar eg aldri ellers ville gitt meg tid til å kasta meg over.

Men jammen er det mykje elende desse avisene fortel om. Anten det er innanlands eller utanlands så er det ingen ende på fælskapen. Her er korrupsjon, maktarroganse, overgrep, fatale feilbehandlingar, psykiatri som bommar med dei verste følgjer. Her er dårlege vegar, dårlege leiarar, dårlege prosjekt, dårlege val. Og det er vel ikkje usant noko av det dei skriv. Men eg har lyst til å ropa: Gje meg ei gladmelding! Gje meg noko å strekkja meg etter, noko å tru på, noko å stå opp for, så eg ikkje misser motet og snur meg bort og sovnar.

Vis meg dei gode eksempla. Vis meg dei som kjempar for rettferd og fred. Vis meg idealistane med dei bankande hjarto. Vis meg dei som går inn og ikkje er redde for å ta eit tak der dei ser det trengs, utan at profitt er i tanken. Vis meg dei rettskafne og redelege, dei som kan peika ut retning for ei betre verd.

Det vi fyller oss med, det pregar oss. Det vi lyttar til og gir vår oppmerksomhet, det formar kven vi blir, seier eit gammalt ord. Skummelt då, å lesa aviser.