Å vera på turne er å møta flotte ungar. Men det er også å koma inn på lærarrom og møta lærarar. Og det kan vera svært ulike opplevingar frå skule til skule. Alt frå dei som går i ring rundt meg som om eg skulle vore spedalsk og veldig ikkje ser meg. Og der eg får meldinga: “vil du ha kaffi får du putta fem kroner i boksen der borte”. Til dei som dekker festbord for meg og underheld meg med lokale historiar.

I storfriminuttet i dag fekk eg som bordkavaler ein av det siste slaget. Vel åt han opp brorparten av maten dei hadde dekka på til meg, men det var vel unt. Tilbake fekk eg ei halv bok med historiar. Han hadde tydelegvis ei fargerik slekt. Han teikna bilde med orda sine så eg såg alt som ein film. Om dei to tantene og mennene deira der dei fire hadde eit sertifikat på deling. Og der onkel Laurits  kjørte i rundkjøring for første gong, og var så finsleg og høfleg at han stogga midt i rundkjøringa for å sleppa dei andre bilane forbi. Samt dei to tantene og mora som ikkje akkurat var småjenter og hadde ei badedrakt på deling. To sto bak eit tre og venta mens den tredje bada, så bytte dei på.

Eg var så fasinert at eg nesten gløymde å gå til time. Ei pliktoppfyllande dame måtte henta meg. Nei, eg sluttar aldri å fryda meg over alle dei flotte historiane frå det levde livet. Den skal vera god, den romanen som toppar livet!