Eg er eit nattmenneske. Eg sit her og lyttar til Leonard Cohen. Har ikkje lyst til å krypa under fellen enno. Det er noko med desse natt-timane. Livet er så nært. Det er så ope, det såre, det ømme. Det er som om huda er tynnare, som om spegelbildet er klarare. Det som blei slik det blei. Alle dei nære møta ein fekk del i.

Eg fann ein test på nettet: Kor lykkeleg er du? Eg skulle berre kryssa av på spørsmål. Men kva svarer ein på spørsmålet om ein er lykkelegare enn folk flest? Eg fekk som svar på testen at eg var åttitre prosent lykkeleg. Åttitre prosent?

Kva i all verda er lykke? Er det å ha eit bakteppe å måla gleda mot? Er det å vita at gode øyeblikk ikkje er sjølvsagte? At det å kjenna sorg og sakn og einsemd ikkje er det same som mangel på lykke? Er det å ha vilje til å snu livet ein god veg? Neimen om eg veit, her eg sit ein sein nattetime, lyttar til musikk og har det uanstendig godt. Med det ømme og såre ope i meg. Eg kjenner at eg lever.