Eg var hos frisøren i dag, og sat og las i eit vekeblad. Ei som blei intervjua hadde veslebroren som ideal. Han var eventyrlysten og det var så mykje han ville. Også ting andre ikkje synes om eller heia til. Det hende ho kom til å seia til han når han ville i gang at det kanskje ikkje var så lurt. ” Jag tar stryken”, sa han.

“Jag tar stryken”. Det er vel å vera viljug til å betala prisen. Det kan kosta å følgja draumane sine, våga kasta seg utpå og prøva gjera det ein gjerne vil. Ein kan koma til å misslukkast, ein kan bli flirt av, ein kan mista noko anna.

“Jag tar stryken”. Ja, jammen vil eg det. Om hubdre år er all ting gløymt. Men det er no vi lever. Det er no vi kan!