Heng ei stjerne over vogna di, las eg i eit dikt ein gong. Kven som skreiv diktet har eg gløymt, men ikkje orda. Heng noko over livet ditt, noko å navigera etter. Eit liv under ein stjernetom himmel vil vel bli ganske grått.

Eg er glad i dei små tinga. Dei som kan gjera kvardagen lysare. For tida har eg mi fredagsglede. Eg har gitt meg sjølv lov til å eta kake kun fredagen. Og du og du kor eg gler meg til kvar fredag. Heile veka kan eg gå med denne forventninga. Tre dagar til fredag. To dagar. Jammen er det godt å ha noko å gå og gle seg til, sjølv om det berre er eit kakestykke.

Livet skiftar, og det er ei tid for alt. Ei tid for dei store utfordringane, ei tid for å brenna og satsa på det nestn umogelege. Og ei ti for slitne kvardgar. Men vi treng stjerna over oss uansett. Noko å løfta blikket mot, noko å henta lys frå. Stort eller lite. Og akkurat no har eg funne mi kakeglede. Kvar fredag! Det skal ikkje meir til akkurat no.