Etter å ha skumma dagens aviser på nettet, kan ein kjenne ein ørliten depresjon koma sigande. Så mykje elende, så mykje trist. Korleis skal vi kunne gi håp og livslyst inn i ei verd av krig, kampar, nød, smerte og uforstand? Då treng vi det vakre. Gud hjelpe oss kor vi treng det vakre. Det som berører våre indre rom, det som gir oss øyeblikk å kvila i. Det som tenner lys over det grå.

Vi treng parkane der vatnet sildrar dansande lett frå fontener, vi treng blomane som sprer farge og fryd. Vi treng katten som stryk seg langs leggen vår. Vi treng bilda som vi kan kvila augo på. Vi treng musikken. Og vi treng orda, dei vi kan ta inn i oss og la våre draumar få venger ved.

Gjennom det vakre kan vi få krefter, styrke og mot til å kjempa for det vi trur på, for det som er viktig for oss. Det vakre er ei kjelde å henta glede frå, og gleda treng vi så visst. Livet krev av oss alle, men det vakre er der. Er der til å bli tatt imot.