Somme menneske får ein til å bli glad berre ein ser dei. Same kor sliten ein er, same kva ein tumlar rundt med av tankar, så skjer det noko med ein når ein møter desse. Det er noko med det opne, det som lukkar ein inn. Det rause, det varme. Kanskje er det det at ein blir sett. Det er noko med desse menneska.

Eg fekk telefon frå ei i dag, ei som alltid får meg til å kjenne meg annleis når vi har snakka saman. Eg kjenner meg gladare, sterkare, som om alt er mogeleg. Eg høyrde den lyse stemma hennar i telefonen og eg såg henne for meg. Og energien hennar nådde meg trass i avstanden. Eg som like før hadde vore trøytt, eg kjende korleis det vakna i meg. Korleis kreftene kom tilbake og gleda vaks.

Somme er slik at ein blir rik av å møta dei. At til og med ein telefonsamtale gjer noko med ein. Og heldige er vi som kjenner slike menneske.