Eg har aldri vore kjend for min praktiske sans. Og ikkje har eg vore synderleg nysgjerrig på å finna ut kva ulike verkty skal brukast til heller. Eg har vore velsigna med praktiske menn rundt meg. Men ingen ting varer evig. Ikkje dei praktiske mennene i mitt liv i alle fall. Og her står eg og må greia meg sjølv. Og jammen har eg greid å renska sluken på badet og skifta batteri i brannvarslaren same kor høgt oppe i taket han var og kor høgredd eg er. Eg har fått bilde opp på veggen ved hjelp av kjevelet som hammar, og eg  har til og med lagt fliser på verandagolvet. Så sjølvtilliten var ad oppadgåande. Men så rauk pæra i den historiske stålampen min, innkjøpt på loppemarknad. Pease of a cake, tenkte eg og labba på butikken etter ei pære som skulle passa.

Der skulle i grunnen historien slutta, for det var jo berre å få pæra i og så lysa opp stova igjen. Men var det så vel? Eg tok tak og skulle skru ut den gamle pæra. Ho var styggeleg treg. Så eg tok tak og drog til. Berre at der sto eg med heile kva det no heiter i handa, brote tvert i to. Spetakkelet var ikkje til å reparera. Ny pære var ikkje å få i. Eg såg i anden for meg dei praktiske mennene i livet mitt på rekkje og rad, høyrde sukket kor det gjekk som ein haustvind gjennom stova. Så eg tok heile lampen med meg og slepte han med til avfallsboda. Der heiv eg han ned mellom anna overlatt til ein usalig slutt og lot han fara inn i gløymsla.

Det var det, sa eg på godt Fleksnesspråk og kosta av nevane. Ein kan ikkje lukkast med alt her i livet!