Eg har tenkt litt i det siste, på draumar. Dei vi drøymer i vaken tilstand. Kva det gjer med oss å ha draumar, og kva det gjer å ikkje ha det. Draumane er jo steget før handling. Og draumane er jo det som sitrar og får oss til å gå vidare framover om vi blir slitne og lei. Draumane er drivkraft og stimulans. Og om draumane blir borte, ja, visnar vi då? Eg vil ikkje visna!

Eg har stått her og prøvd å gripa fatt i kva draumar eg har no, her eg er i livet i dag? Mange draumar er oppfylte, mange draumar har misst sin glans. Men då eg gjekk inn i meg sjølv, så fant eg jammen at der var nye og uoppfylte draumar som låg der. Og eg kjende korleis eg vakna då eg såg dette.  Men draumar utan handling blir det lite av. Ein kjem ikkje langt av å stå stille. Eg held fast på orda til ein venn av meg då eg nølte fordi noko syntes så vanskeleg og umogeleg: “Go for it”. At ting verkar umogeleg betyr kanskje berre at det tar litt meir tid og stahet å få gjennomført det.