Eg sit ved stranda i sommarvarmen og tenkjer på mennene i livet mitt. No har alltid idealet mitt vore å møta den einaste eine som ung og halda trufast saman med han til dei grå hår. Men slik blei det ikkje for meg. Så då vel eg å gleda meg over dei menn eg har fått elska. Kvar av dei har tilført livet mitt noko eg ber med meg vidare med takksemd.

To ekteskap har eg fått oppleva. På kvar sitt vis har dei vore med på å utvida livet mitt og å tilføra det rike opplevingar og erfaringar å veksa på. Men også dei meir kortvarige menn har gitt meg minne å ta med. Som han som tok meg med på konsertar i konserthuset og behandla meg som den mest dyrebare juvel. Eller han som forførte meg bakerst i flytoget. Eller han som gav meg gummistøvlar og tok meg med på fiske, og fekk meg til å reia garn. Eller han som var ei beslekta sjel så vi kunne høyra kva den andre sa før orda var sagt.

Det var han som var ein heftig elskar, men som bad meg slutta å tenkja så mykje, det å tenkja blei det berre surr av. Og han som tok meg med til Las Vegas, men som ikkje ville gifta seg med meg i “The white chapel”. Eller han der det var så mykje varme, men som det aldri blei noko meir med. Dei står der framfor meg i rekkje.

Eg fekk aldri den einaste eine eit heilt liv. Men når det først blei som det blei, så kjenner eg meg jammen velsigna som har eit hjarte så fullt av levd glede. Eg vel å gløyma alle sorger her eg sit i sola, og eg angrar ingen ting!