Det er eit spørsmål som har surra i meg i dag. Kvifor er det så få som bryr seg? Kvifor lar vi urett skje, lukkar augo for styggeskap og overgrep rundt oss, og smiler og lograr for maktmenneske og lar dei tura fram. Bilde flimrar over TV-skjermen og vi grøssar. Dette er for fælt. Så slår vi av TV-en og livet vårt går vidare. Vi les i avisene og blar om fordi det er for vondt å ta det vi les innover oss. Vi blir fortald ting, og vi snur samtalen over på noko anna. Å bry seg vil krevja tid, det vil krevja at vi stikk hovuda fram, og kanskje vil vi koma i konflikt med nokon. Det er som om det er blitt det farlegaste som kan skje oss det, at nokon kanskje ikkje likar det vi seier. At den blanke pelsen får rifter. Vi prøver tekkast alle.

Kor er det blitt av protestsongarane, av aktivistane, av dei som ropar høgt mot urettferda? Jau, nokon står opp. Nokon greier ikkje sjå det vonde utan å reagera. Nokon ropar ut når urett skjer. Nokon tar sjansen på å bli kalt gneldrebikkjer og oppviglarar. Fordi saka er større enn deira personlege status. Det er desse menneska eg beundrar mest. Dei som bryr seg. Dei som ikkje teier, som ikkje tåler, og som ikkje sluttar å seia frå same kor tause dei store massane rundt er. Vi må ikkje bli så mette og late i vår velstand at vi lar det som skjer skje utansett om det er godt eller vondt. Er det ikkje verdiar vi vil hegna om og som er så viktige at vi ikkje må sova!