Eg har vore på konsert i dag, høyrt glade barnestemmer, sett opne, strålande andlet, der dei unge ivrige sto og sang Jubajuba av full hals. Og vi bestemødre, bestefedre, mammaer og pappaer og tanter og onklar, vi syntes vel aldri vi hadde høyrt noko finare, og sett noko vakrare. Ingen ting rører hjarto våre sterkare enn barn. Og kor fantastisk det er at nokon tar det arbeidet det er å gi barna opplevinga av å vera med i eit kor, i eit teaterstykke, eller i eit musikk-korps.

Kva var 17. mai utan korpsmusikk? Kva var livet utan sang og musikkgleda? Kor mange har ikkje fått finna tryggleik gjennom å få stå på ein scene og bruka seg sjølv slik. I det samfunnet vi har byrja få no, der nettet er blitt ein viktig møtestad, der fleire timar blir brukt på dataspel enn på samtale og menneskeleg kontakt, der trengs desse fellesskapsgledene. Men nokon må orka ta jobben. Nokon må orka bråket med ivrige ungar, nokon må orka repetera og repetera til dei må vera småkvalme, og framleis visa entusiasme og løfta dei små.

Nokon tar den jobben. Nokon orkar stå på, med dei mange slitsame timane før den store forestillinga. Med dei mange små detaljane som sjeldan går av seg sjølv. Nokon trur på det dei gjer, og held ut, og tåler stå att når lyset er sløkkt og så mange gløymer å gje dei takk. Honnør fortener dei. Og roser på døra. Måtte dei kjenna på all den varmen som er der mot dei, også der orda ikkje blir sagt. Vi kjente det nok alle vi som var på konsert i dag, kor heldige vi var.