Så er det 17. mai igjen. Dagen med hurra og flagg og glade born. Dagen der familiar stasar seg opp for å gå ut og skina saman, same kva som gøymer seg bak i kvardagen. Men nokon har ingen å skina saman med. Ingen familie nær nok til å promenera med. Ingen kjærast til å halda i armen. Ingen å visa seg fram i lag med. 17. mai kan vera den einsamste av alle dagar.

Somme vel å dra til fjells for å koma seg bort. Somme leiger seg ein god film og held seg heime. Men mange tar seg på tak, kler seg opp og drar ut for å ta del i feiringa, same kor vondt det kan kjennas bak smilet dei set opp. Eg veit kva det handlar om. Eg har vore der. Stått mellom alle dei smilande og tilsynelatande vellykka og glade og smilt sjølv, mens det inni meg var eit einaste ope sår. Vi veit aldri kva som ligg under hos nokon.

17. mai er ein fin dag. Og det er ein dag folk møtest. Går ut av husa sine, ut av dei vante konstellasjonane og opplever noko saman, uavhengig av stand og stilling. Det er ein mulighet til møte. Til å sjå kvarandre og oppleva fellesskap viss vi berre evnar sjå utover den nære krinsen.

I år skal eg feira 17. mai aleine. Eg kunne ha vore saman med nokon. Eg har hatt valet. Men ikkje alle har det.