Bentes tanker...

Kven er eg, Bente? Namnet mitt er Bente Bratlund. Eg er forfatter, har bak med over 70 bøker i ulike genrer. Eg bur i Os i Hordaland, har utsyn frå veranden min til Bjørnefjorden, og har i same bygda begge min barn buande, vaksne barn, og svigerdatter og to barnebarn. Eg skriv dagleg, av og til litt, av og til meir. Dikt dryp det heile tida, eg prøver heile tida fanga tanker og opplevingar og gje det ord. Denne bloggen ønskjer eg å bruka til å dela tankar, litt lenger enn dikt. Så får tida visa kva som vil dukka opp...  E-post til bloggen min kan senders på e-post: tanker@benteord.com

Eg skriv fordi eg må

EG SKRIV FORDI EG MÅ Eg møtte ei gammal venninne som eg ikkje hadde sett på mange tiår. Ho hadde med seg ein billedalbum frå vår felles fortid. Vi sat og bladde og mimra, og så dukka det opp eit intervju med meg som ho hadde klippa ut frå ei avis då eg debuterte som forfattar. Til overskrift sto det: «Eg skriv fordi eg må». Eit øyeblikk blei eg litt flau, for dette var svært ambisiøst sagt av ein debutant. Men så tenkte at ja, slik var det og slik er det enno, eg skriv fordi eg må. Eg skriv ikkje fordi eg er flink til å skriva. Eg skriv ikkje fordi eg er opptatt av språk. Eg skriv ikkje for å ha ein jobb. Eg skriv fordi det er ei indre drivkraft i meg. Eg skriv fordi eg må. Eg har alltid hatt dette i meg. Denne uroen, denne trongen, lenge før eg starta å skriva. Eg var på eit vis heimlaus, sjølv om eg hadde ein heim. Eg var så ulik dei andre i familien min at eg lenge trudde eg måtte vera adoptert. Men så fant eg orda. Og der fant eg min heim. Eg fant det som var mitt rom i livet. Eg starta med å skriva dikt. Det blei min kanal og min pust. Og eg var heldig, eg starta å skriva då det var opne dører for nye stemmer. I dag er det annleis. Nålauget for å koma ut er trangt. Likevel trur eg at eg hadde halde fram med å skriva uansett om eg fekk det utgitt eller ikkje. Eg hadde funne min «heim», min friplass og mitt rom å gå inn i. Og uansett kva som har skjedd meg i livet, så har eg hatt dette rommet. «Du putlar no med ditt, du», var det ein kollega som sa til meg ein gong. Eg valde å ta det som eit kompliment. For ja, eg putlar med mitt. Bøkene mine speglar det som er viktig for meg. Eg vekslar mellom dei små nære kvardagshendingar og dei tunge og vonde tema. Livet inneheld alt, og diktinga skal slik eg tenkjer gjenspegla det som er. Eg sit på veranden min og puster ut små øyeblikk og eg går inn i dei tunge tema, som i min siste roman «Prestens hus», som handler om makt og overgrep. I dette spenn-viddet skriv eg. Eg putlar på med mitt, og eg trur eg har vore trufast mot det som er mitt heile vegen. Kanskje berre med ein utruskap der eg prøvde meg på ein krimroman, som kom ut med heldigvis gjekk forbi i stillhet. Ellers så har eg tenkt å halda fram med å putla på med mitt. Å levera frå seg ei bok, å sleppa ho ut der en ikkje har kontroll over noko som vidare skjer, kan vera sårbart. Når eg skriv er eg vidopen og nær det sårbare i meg, og så når boka blir send ut skulle ein hatt elefanthud. Ein venn av meg som nyleg gav ut ei bok, var litt usikker på om lesarane ville lesa hans eige liv inn i boka. Eg måtte berre seia at det må ein rekna med. Kva lesarane les inn i det vi har skrive, det har vi ingen kontroll på. Eg har så absolutt opplevd å bli tolka inn i mine bøker. Då eg skreiv ein liten roman om ei datter med ei Alzheimramma mor, las til og med kritikere inn at eg skreiv om mi eiga mor, sjølv om mor var absolutt oppegåande og lynende klar. Vi er mange som skriv. Eg likar å tenkja at kvar av oss har vår teig vi skal skjøtta i det store litterære landskapet. Det er mange og ulike lesere så ulike bøker både trengs og er ønska. Som i alle yrke er det somme som er meir begava. Slik skal det vera. Men det hindrar ikkje at det er ein plass til alle og at det trengs breidd. Det er ingen konkurranse, det handler om å utfylle. Vi må kvar ta vare på det som er vårt, fiksfakseri kan føra til at vi mister vår eiga stemma. Vi må våga gå der hjartet fører oss, for å seia det litt naivt. Og så leiter vi vel alle etter å formidla det som ikkje er for ord. Elevane spør meg i blant når eg er på skulebesøk kor lenge eg skal halda fram med å skriva. Då svarer eg alltid, eg vil ikkje stoppa før eg er daud eller senil. Eg har denne driven i meg. Eg skriv fordi eg må.

VI HAR ALLE EIN BARNDOM

Er det ein del av det å bli eldre, det å mimra om det som var. Og særleg barndommen kjem så nær. Ein hugsar. Og eg hugsar bestemor. Bestemor som betydde så mykje for meg. Ho må ha vore ei klok kvinne. Eg er blitt fortalt at frå eg var ein baby så snakka ho med meg heile tida, for barn skulle snakkast med så dei fekk godt språk. Ho nærast tvinga bestefar til å lesa høgt for meg, for barn skulle lesast til, og sjølv hadde ho hendene fulle av strikketøy og med lapping av klede. Og bestefar låg der på den grå divanen med meg i armkroken og las om Fjellmus og Bymus, om Heidi og om Dukken som ingen eide. Og særleg den siste var mi yndlingsbok, ho var så inderleg trist. Og bestefar las med trykk på t-en i «det» og sleit seg gjennom bøkene han fekk utlevert hos bestemor. Eg lytta og i stova hos bestemor og bestefar var alt varmt og trygt og godt. Den kvite pusen låg kanskje på føtene til bestefar, og vegg-klokka slo halv og heil time. For meg gjekk verda i knas den dagen bestemor døydde. Eg var elleve år og var aleine med henne då ho fall om. Ho sto og skrelte poteter, det var tante sin bursdag og slekt skulle koma til middag. «Eg blei så løyen» sa ho, og ho tok seg for og greidde krypa frå bislaget der vi sto og inn på kjøkkengolvet. Lenger kom ho ikkje. Eg sørgde så året etter er stroke ut av minnet mitt. Men bestemor har vore med meg sidan. Ja, ho var streng, ho var bestemt, men ho var trygg og eg visste ho alltid var der for meg. Det var under spisebordet hennar eg blei dikter. Ho hadde ofte nokon innom for ein prat, vegen til sentrum gjekk forbi huset, og eit stopp hos bestemor til eit glas likør og ein kjeks, og så å få vita nytt frå bygda sidan bestemor var kokke og fekk med seg det mest, det låg lageleg til. Eg hugsar ordlyden frå gjestane når dei kom: «er det nokon fødande eller døyande». Og om eg gøymde meg under bordet og sat musestille, så gløymde dei at eg var der og snakka om meir enn dei ville ha gjort om dei hugsa at eit barn var der. Eg sat der og lytta til det eg forsto og det eg ikkje forsto, og historier kom fram i hovudet mitt. Så leika eg det sidan, med å la knappane i knappeskrinet til bestemor vera folk. Eg hadde nok anlegget for å laga historier, med stor fantasi og evne til å dikta opp. Eg skuldar nok bestemor mykje av det eg sidan er blitt, språket, bokgleda og det å dikta. Bestemor tok meg med til byen for å sjå dei to-etasjar bussene som gjesta Bergen frå England. Bestemor tok meg med på Lio for å sjå den første hydrofoylen som skulle dra frå Bergen til Sunnhordland. Bestemor var oppgitt over meg som ikkje greidde å få til eit strikketøy utan at det blei ein svart klump. Ho hadde nok sagt om meg om ho hadde levd til eg blei vaksen som ho sa om tante, «skal ho ha seg ein mann får det bli ein sjømann, noko husmoremne er ho ikkje». Men eg var alltid trygg på at ho var glad i meg. På divanen hos henne kunne eg gråte ut når eg trong det, og eg kunne syngja høgt utan at det var skrål. Så mellom mine barndomsminne, så har bestemor ein veldig stor plass.

TUSTEN

Er ein nokon gong meir open, meir mottakeleg enn når ein er ung? For meg står det som skjellsetjande og noko avgjerande stort då vi tredje gymnasklasse fekk ein kandidat frå pedagogisk seminar som skulle undervisa oss om boka "Fuglane" av Tarjei Vesaas. Noko skjedde i meg dei vekene. Om det var kandidaten sin dyktighet eller teksten aleine, den veka forandra noko i livet mitt. Gløymt var forelskinga i han på midtrekka, gløymt var usikkerheten og alt det som elles rørte seg i meg. Eg blei gripen av Mattis. Eg blei så djupt berørt av Tusten og tustegranene at eg var som i ein rus. Eg var vidopen, og heile mitt hungrande og sårbare sinn blei møtt. Timane der Tusten vaks inn i meg blei kanskje det som dreiv meg til å skriva meir medvite. Eg ville tåla å vera Tusten, den annleise. Eg ville snakka med granene, med fuglane, med stjernene og det stormande havet. Eg ville skriva. No går "Fuglane" som teaterstykke, men eg vegrar meg for å gå og sjå. For enno lever opplevinga for snart femti år sidan så sterkt i meg. Enno har Mattis ein plass i sjelsdjupet. Slik kan ei god bok verka. Slik kan ei god bok vera med på å forma eit liv.

Alle fine familier har eit utskudd

Å skriva bøker er det ingen tradisjon for i min familie. Der har folk skikkelege jobbar som ein veit kva er. Å skriva bøker, den slags var det lite status med. Det blei sagt om bestefar at då han var forlova med bestemor, så skreiv han dikt til henne, den tullingen. Det blei neppe skrive meir. Men så dreiv eg med slikt. Eg ikkje berre skreiv sånn hemmeleg, men eg skreiv bøker som kom ut og blei synlege. Eg skjemte ut familien. Mor syntes det var så skammeleg at ho ikkje ville gå på jobb då eg kom i avisa omtalt som forfattar. Og når det først skulle bli bok, så då å velja dikt. Ei tante av meg gjekk i bokhandelen for å sjå kva det var eg hadde skrive, men ho la boka tilbake på disken. Ho kjøpte ikkje ei bok der det sto så lite på kvar side. Men dei vende seg til det. Alle fine familier skal ha ei gammal tante, sa mi ugifte tante. Eg trøysta meg med at alle fine familier må ha eit utskudd. No har eg brote familietradisjonen på fleire vis enn å skriva bok. Eg blei den første skilde i familien. Og skrekk og gru, eg har klart å bli skild to gonger. Eg har tatt val dei nok har rista på hovudet av, bøkene mine har dei neppe lese. No er den gamle generasjonen langt på veg borte. Eg er av dei eldste sjølv. Men skriva gjer eg. Ustoppeleg.

Å BLI SETT

Ein forfattar som betydde mykje for meg i min første start, var Ingvar Moe. Å møta han var å møta ei beslekta sjel, sjølv om vi var så uendelig ulike på mange vis. Han var glad i det sterke, eg avholdskvinne på den tida. Men der var nokre strengar i oss som klang saman. Han var ofte hos oss i Solbakken, og han var ein svært ønska og elska opplesar i galleriet. Han vågde. Han skreiv dikt som var så ærlege at han blei sett skeivt på i heimbygda, og han kåserte om desse svakhetane våre som vi helst vil gøyma. Han fekk sagt sitt om "dei som har noko med det". Han var ei så var sjel, eg hugsar ein gong han kom. Han hadde kolidert på vegen og var som ein skjelvande nervebunt, eg hugsar eg sat og heldt han i handa og tenkte, greier han opplesinga no? Men han greidde. Han gjekk på scenene og var glitrande. Han lærte meg noko om å våga, om å gje av seg sjølv og stå for den ein er. Eg var ny og fersk og usikker, han såg meg og løfta meg. Han har sett spor i meg, og det er slik at dei som set spor i oss, dei lever vidare lenge etter at dei sjølv er borte. 

LITT NOSTALGI OG REFLEKSJON

Eg har funne fram utklipp med omtale av mine første bøker, samt intervju, og eg ser eg snakka med adskillig større bokstavar som ung enn eg gjer i dag. Men eg blir også overraska over kor mykje omtale eg har fått fram gjennom åra. Eg debuterte på ei god tid, det var opne dører og stor nysgjerrighet på nye stemmer. Og eg var vel litt sånn vanskeleg å definera, kristen som eg den gong var, så var eg for verdsleg for dei kristne og for kristen til dei verdslege. Ein eksotisk fugl kanskje. Litt meir fritt-talande enn forventa, og eg tok opp tema som var kevjande. Eg seier så tøfft i eit intervju at eg er facinert av kriser. Så kasta eg meg inn i tema som var litt før si tid. Hiv og aids på åttitalet var ikkje det mest omskrivne, og i alle fall ikkje når det blei putta inn i bedehusrama. Og å skriva om overgrep i kristne miljø, ja då var du på farlege vegar. Eg hugsar Rottem i Dagladet skreiv at det ikkje var truverdig at slike ting skjedde i kristne miljø, den gongen tenkte ein slik. Dessverre hadde eg rett. Også i barnebøkene mine har eg teke opp krevjande tema, død, incest, psykisk sjuk mamma og så vidare. Men det med tøffe tema må seiast å vera inn på åttitalet då eg skreiv mange av mine bøker for barn og unge. Likevel trur eg at eg kan seia at eg gjorde det på min måte, med ømhet og varme. Det har vore viktig for meg når eg har skrive barnebøker og ungdomsbøker at eg skal skriva ærleg om livet, både på vondt og godt, og at alle barn skal finna ei bok uansett kva dei slit med i livet, ei bok som fortel dei, du er ikkje aleine. Eg ville noko med bøkene mine. Eg ville formidla håp, same kva livet baud på. Og å villa noko er vel ikkje heilt inn i dei litterære krinsar for tida. Men for meg er det viktig å vera tru mot det som er mitt. Så har eg kanskje også mildnast med åra, så bøkene mine er blitt litt lysare, med meir humor. Men enno vil eg formidla det heile og ærlege livet, både i dikt og i prosa. Å sjå tilbake på produksjonen min, blir å følgja meg sjølv gjennom eit liv med svingar og krokar, med tunge stunder og i glede. Men skrive har eg gjort heile tida, same kva livet har bydd meg. Å skriva har vore pusten min, det sunnaste i livet mitt.

BARNET I OSS

Kva pregar ein som menneske? Og for meg, kva er blitt viktig for meg som forfattar? Det er vel desse små og store øyeblik som legg seg i kroppen. Det nesten umerkelige for andre kan bli avgjerande for ein sjøl. Den vesle replikken, det vesle øyeblikket. Det set seg fast og blir med ein vidare, like til dei grå hår. Det såre og det vakre, begge deler er ein del av ein. Eg hugsar eit øyeblikk som blei avgjerande for meg og som heng ved. Eg var så glad i å syngja. Eg song over alt og alltid. Så skulle vi ha ei forestilling på skulen, eg trur det var i tredje eller fjerde klasse. Eg fekk syngja solo. Og enno kan eg kjenna den berusande kjensla då eg sto der på scenen og song. Ei kjensle eg enno kan ha når eg entrar ein scene. Det sterke, pulserande. Eg song "Eg heiter Ola fin og rød", og eg song med heile mi vidopne glede. Eg song med hjarte og sinn. Mor mi hadde vel ein dårleg dag den dagen, det var nok noko anna som var hennar agenda, men då vi kom ut etter forestillinga sa ho berre til meg "Stå slik og gaula framfor alle desse folka". Ja, eg hadde nok sunge både høgt og utan å halda att. Og eg kjende kor skamma kom krypande innover meg, gleda var borte. Og eg song ikkje meir. Det var heilt slutt. Då eg studerte drama på åttitalet hadde vi songundervisning, men eg greidde ikkje få fram ein tone. Ikkje for godt eller vondt. Strupen min lukka seg. Den dag i dag skjer noko med meg når songark blir delt ut, nei, eg syng ikkje, seier eg. Ein liten replikk, og han sit fast, han var heilt sikkert ikkje vondt meint. Vi kan alle i gitte situasjonar sei noko vi ikkje skulle sagt. Og eg kan undras kva mine barn ber med seg av replikkar som ubetenksamt har kome ut av min munn. Eg hugsar øyeblikket då mormor sa at eg hadde så fine bein. Og då naboen sa der eg gjekk og raka høy med bestefar "du har ei god arbeidsjente der". Noko arbeidsjente blei eg vel aldri, det meste arbeidet mitt har skjedd i hovudet, men desse to replikkane har eg stått på når eg har kjent meg stygg og udugeleg. To små kommentarer, heilt ut av det blå, og dei sit og har vore eit løft. Når eg skriv har eg med alt dette, øyeblikka som kan knusa og ta bort, og øyeblikka som kan løfta og vera ståplass. Det er min ressursbank. Livet gir oss så mykje av alt, men det vi får som barn, er kanskje det som pregar oss aller mest. Der har vi eit forråd som skrivande, og der har vi ei utfordring i livet. Å la dei små stikka og det som slo oss ned bli det dei var, dumme hendingar og ikkje ein sannhet om oss. Og så takka for det som gav oss mot til å stå oppreiste og gå vidare, eller som vi kan bruka til å reisa oss på når vi ligg nede. Det er noko rart i dette at barnet i oss blir med oss heile livet. At same kor mykje vi erobrar i livet, same kor trygg plattform vi lagar oss, så er det usikre og sårbare barnet likevel ein stad i oss. Kanskje er det det som gjer livet den ekstra dimensjonen.

Møte med ULF (NBU)

Eg var eit gudsord frå landet då eg første gong møtte på årsmøte i Norske Barne og Ungdomsbokforfattere, som den gongen heitte ULF. Eg hadde ikkje vågd meg dit før, eg kjente ingen andre forfattere. Og det blei overveldande. Der var dei, dei som eg berre hadde sett namnet til på ei forside på ei bok. Og alle var som ein stor familie. Eg blei teken imot, og flørta med, sjølv om eg ikkje forsto det den gongen, utrent som eg var til slikt. Der sat eg med viodope sinn og tok inn alt som skjedde. Eg som hadde sote på min stubbe ute i mitt eige selskap, eg fekk snakka med andre som skreiv, eg lytta, eg tok inn. Og om kvelden på festen hugsar eg at eg sat mellom to karer som hadde armane om meg frå kvar si side. Ikkje forsto eg at dei hadde sine planar, eg gjekk lykkeleg og la meg før festen var nådd toppen. Og så blei eg etter kvart valt inn i styret, framleis eit gudsord frå landet. Då to karer begynte å sloss då vi hadde nattfest på hotellkjøkkenet, gjekk eg og la meg, og fekk sidan vita at dei sloss om meg. For eit eventyr. Og så nettene når vi sat stua saman som sardin i boks på eit hotelrom og song salmar. Eg som kom frå salmeland var stort forundra, her sat dei mest festglade og kunne alle salmane til siste vers. Eg lærte etter kvart. Eg smakte vin for første gong, men ikkje siste. Eg dansa og eg flørta nok litt også. Eg forsto at det som skjedde innan forfattarfamilien, det var lov. Vi kom saman frå krevjande liv og fann hos kvarandre beslekta sjeler. Når eg ser på dei unge forfattarane i dag, dei verkar så alvorlege og bevisste sin forfattargjerning, om dei opplever litt av det vi hadde den gong. Det nære. Vi gråt og betrudde oss til kvarandre, vi var glade i kvarandre og støtta kvarandre. Slik hugsar eg det. Ei fin tid. Det betydde nok mykje for skrivinga mi å få koma inn i eit slikt fellesskap. Eg er djupt takksam. Og eg kjenner noko sårt og vondt når somme av dei eg møtte då eg var ung og ny takkar av og blir borte. Og ser eg i ei avis eller på nettet namnet til nokon av dei eg sat der og song salmar med utover nettene tett saman ei stor seng, så veks noko varmt sterkt opp i meg. Som i dag då eg såg namnet til ei på facebook og brått hugsa at vi to dansa aleine på scenen i Stavanger under ein litteraturfestival, langt på natt når dei andre sat i djupe akoholsamtalar rundt borda. Smilet som kom, takknemligheten over å ha fått vera med i ein slik fellesskap.

Somme bøker kjem så stille og blir borte...

Eg har no skrive over 70 bøker, ein plass på vegen mista eg oversiktetn og talet, det er blitt så mange bøker av ulikt slag. Det er barne- og ungdomsbøker, romanar, diktsamlingar, og så dei bøkene som er vanskeleg å putta i bås. Bøker som er blitt til gjennom over førti år. Og i dag fekk eg ei påminning om ei bok eg skreiv for så lenge sidan at eg hadde gløymt henne. Ein facebookvenn sende meg bilde av forsida og sa at denne boka las han i dag. Og eg kjende igjen forsida og måtte tenkja. Ja visst, den boka kom ut i 1983. Og framleis fins ho. Framleis kan nokon sitja og lesa i henne ein fin vårsøndag i 2019. Eg merka at det gjorde noko med meg. For ofte så blir bøkene borte. Tre år og dei er gått på mammutsalet. Litt tid til og dei er ikkje-eksisterande i bokhandlar og ellers. Dei støvar ned i biblioteket ei stund, så havnar dei i kjelleren der også, eller blir lagt i ein gi bort kasse. Og så kan dei likevel dukka opp hos nokon og bli lest, etter lang lang tid. Eg måtte ta ein tur på boklageret mitt, sjå i hyllene. Var dei dårlege dei første bøkene mine? Har eg lært meg noko undervegs i forfatterskapet. Ja, det får eg då håpa, men eg ser i mine første bøker eit engasjement, ein driv, ein sterk vilje som eg trur eg må leita tilbake. Og så tenkjer eg at litt leit er det, at bøker som er skrive med stort trykk, men stor vilje, og med djupt engasjement blir berre borte. Eg plukka fram ungdomsboka "Liv" frå 1995 og tenkjer det kanskje er ei av dei beste ungdomsbøkene eg har skrive, og ho er borte. Restopplaget støvar bort på lageret hos meg. Og boka "Ei stjerne i hjartet" som blei seld ut frå forlaget på tre månader og aldri blei trykka opp på ny, ho har også dette hjartenære. Dei kom så stille og blei så borte, så mange av bøkene mine. Der det ikkje er sensasjon, der er det vanskeleg å bli sett i den store bokmengda. Det er kanskje ikkje dei beste bøkene alltid som får mest oppmerksomhet. Tenkjer eg her eg sit søndag kveld og er blitt minna på ei bok eg hadde gløymt.

DET TRENGS ALLE SLAG

Det du elskar, det er viktig for deg. Det handler ikkje om pris eller markedsverdi, men om at hjartet ditt er berørt. Eg hugsar eit dikt frå min ungdom, om rasehundane og dei andre. Den som er glad i hunden sin spør ikkje etter rase. "Det trengs alle slag, ikkje sant Lurven", slutta diktet. Det trengs alle slag. Det er hjartet vårt som avgjer kva som har verdi for oss. Og dette gjeld også litteraturen, tenkjer eg. Eller kunsten i det heile. Men så ofte deler vi inn i A-lag, B-lag og C-lag. A-laget blir dyrka og prisa. B-laget blir akseptert, mens C-laget blir det lett rynka på nasen av. Der er dei lett-leste bøkene, seriane og underhaldningslitteraturen. Men for ein arroganse det er å ikkje sjå at breidde er viktig. Det kan vera verka til C-laget som har ført ein lesar til A-laget. Det er kanskje C-laget som har blitt døropnaren og har ført ein lesar inn i lesegleda. Og at nokon får oppleva leseglede er vel eit mål i seg sjølv, om det berre forblir C-laget sine bøker som blir lest. Ein kan undrast, kor ofte får ein utøvar frå C-laget ein pris, eller blir invitert til festivalar og litteraturhus? Sjølv om desse C-lags forfattarane kanskje er dei aller viktigste vi har. Dei når mange, dei blir leste, og dei gir leseglede til store grupper. Og det er ofte slett ikkje dårlege bøker dei lagar. Dei har berre fått eit dårleg rykte. "Det trengs alle slag, ikkje sant Lurven?" Ja, det trengs alle slag. Så tenk om vi kunne leggja bort arrogansen og ha respekt for dei ulike teigane som blir skjøtta i det litterærre landskapet. Og i kunsten ellers.

Når dikta lever der ute

Av og til får ein slike vakre historier frå sine lesarar. Eg har skrive dikt i mange og førti år, gitt ut fleire diktsamlingar enn eg har tal på etter kvart, og det kjem fantastiske tilbakemeldingar om at dikta mine lever der ute. Dei er i bruk i glede og i sorg, til bryllup, barnedåp, konfirmasjon og gravferder, og til runde og ulike dagar. Dikt skrive ut frå mine dagar og mitt liv møter andre der dei er i sitt liv. Og same diktet kan bli brukt både i glede og sorg. Som diktet "Dans dotter mi" som eg skreiv til mi datter sin konfirmasjon for over tjue år sidan. Kor mange jenter som har fortalt meg at det diktet har dei fått til sin konfirmasjon, det har eg ikkje tal på. Og diktet blir brukt både til kvinnedagsfeiring og til andre feiringer. Men aller sterkast var det då eg fekk høyra at nettop dette diktet blei brukt i ei gravferd. Ho som var død hadde bede om at diktet blei lese i kyrkja med påminning til kvar av dei som sat der om å ta det til seg og setja inn sitt eige namn der eg har skrive dotter mi. Det er så mange vakre historier som blir fortalt. Som ho som var så glad i eitt av dikta mine at då kjærasten skulle fri til henne, hadde han fått tatovert diktet inn på underarmen sin og la armen fram for henne og spurde om ho ville sova på denne armen resten av livet. Ho sa ja. Og er enno gift med han. Siste historien no heilt nyleg, var om mi nyaste diktsamling "Å dansa med livet", der trehundre og femti bøker rauk ut frå lageret første veka ho var til sals. Ein lesar skreiv til meg at ho hadde vore til kontroll på rikshospitalet i Oslo frå ein annan  plass i landet. Ho hadde litt god tid, så ho sette seg på ein benk utfor sjukehuset og las i mi nyaste diktsamling. Så oppdaga ho at på benken ved sida av henne sat ei vilt framand kvinne og las i same diktsamlinga. Det blei eit møte mellom to diktlesande kvinner frå kvar sin kant av landet. Sei ikkje at det norske folk ikkje er diktlesarar. Og eg er audmjuk over at det eg gir frå mitt hjarte når fram til andre hjarter. Det er stort.

Kommentarer

30.06.2021 19:43

Dag Skottene

Hei!
Jeg heter Dag Skottene og er faren til Guro Skottene som du kjenner. Jeg skriver en kronikk hver 14 dag til Sarpsborg Arbeiderblad og håper at jeg kan få bruke diktet ditt: "Dans dotter mi" snart

30.06.2021 19:47

Bente

Hei, så kjekt du vil bruka diktet. Det er ei glede. Hels mykje til fine Guro.

15.04.2021 09:25

Aud Nordbæk

Hei. Jeg leser Hav og himmel. Hvor mange bøker kommer det ut i denne serien? Føler at det går fryktelig sakte fremover. Liker måten du skriver på men føler at det blir langtekkelig.

15.04.2021 16:58

Bente Bratlund

Hei, enn så lenge er planen 20 bøker. Trist du synes det er langtekkelig, jeg liker å dvele ved personene sine tanker og reaksjoner. Godhilsen til deg.

26.11.2020 12:00

Tove Kayser

Tusen takk for alle de vakre ordene. Takk for din siste bok om Arne, han som laget den nydelige statuen av min far på Storetveitmarken. Fikk boken av min venninne Mette Samdal. Gleder meg til zoom-møt

13.11.2020 17:02

Rigmor Birkeland

Hei!
Jeg leste diktet ditt som begynner med " Ingen er berre det du ser" og så ble jeg nysgjerrig. Måtte google deg!
Yngvar Moe vokste jeg opp med gjennom " Jul i gamledagar". Skal følge med videre!

09.11.2020 08:36

Peter

hei

18.07.2019 17:25

Eileen Svendsen

Vakkert det du skriver om bøker som kommer stille og blir borte. Det fikk meg til å se på disse bøkene på en ny måte. Jeg har bare lest Besatt av demoner, men den syntes jeg var veldig interessant.

07.04.2019 19:05

Iris Bauge Johannessen

Veldig bra Bente, jeg blir fanget så jeg må lese alt. Har flere av diktbøkene dine, og leser de ofte

17.03.2019 21:55

Helga Håland

Her var mykje å lesa, med små bokstavar. Eg kan no lesa litt, tenkte eg Brått hadde eg lese alt. Det betyr at teksten din fanga meg. Eg har diktsamlingene dine. Les ofte dikta dine❣️