Det er så godt med menneske som har romsleg sinn og romslege armar. Menneske som raust tar imot småfrosne medvandrarar og gir av sin varme. Eg har ein slik venn. Vi møtes ikkje ofte, men kvar gong vi møtes, opnar han dei kraftige armane sine og eg kan gå rett inn i dei. “Å, får eg ein klem til” pustar eg mot den store, gode magen hans. Og han ler og seier “Ver så god, forsyn deg”. Og eg forsyner meg. Tar inn varmen, aksepten – livsnerva. Var det ikkje for skams skuld ville eg bede om endå ein klem, så godt er det.

Denne vennen byr på seg sjølv. Han tåler glede og sorg, mørke og lys, og alle desse skuggar frå dei menneskelege irrgangar. Han kjenner det frå sitt eige liv. Han har tryggleik nok til både å ta imot og gje.

Det er ei gåve å kjenna eit slikt menneske.