I år reiser i frå påskedepresjonen. Eg flyr til varmare land. Men påsken skal ein ikkje kimsa av. Det er den aller verste tida å vera aleine på. I alle fall har eg opplevd det slik. I jula er storfamilien ofte saman, då er alle opne og velviljuge og tar gjerne ein ekstra inn. Ofte er det ikkje slik i påsken. Då drar dei på påsketur dei som er dei næraste. Då gjeld det å ha barn og barnebarn og ektefelle som har tradisjonar i lag, eller i det minst ein kjæraste å finna på ting med, eller ei venninne/ein venn i same situasjon som seg sjølv. Men er ein aleine så er ein også ofte stolt og viser det blide ansikt utad så alle trur at det er heilt greit å vera ei attegløyme. Den som er aleine ber sjeldan om noko.

Eg har hata påskar. Eg har kjent på den store einsemd når “alle” har dratt med sine. På hytta eller på reise eller er saman med nokon. Når alle venner er tørka bort, når familien er spreidd for alle vindar. Og det er så uendeleg mange fridagar utan opne handlesenter ein kan gøyma seg i, og på bygda også utan opne kafear. Så ein blir tuslande rundt sine eigen føter. Det er grenser for kor mykje tur ein orkar. Det er grense for kor mykje marsipan det er stas å eta aleine.

Kvar påske kjenner eg den snikande depresjonen koma, jammen også i år. For systemet mitt har ikkje heilt forstått at i år så skal eg ikkje vera aleine. Eg skal til syden. Eg skal dra saman med ei venninne. Eg skal ikkje gå rundt og prøva av alle krefter finna på noko for å halda dagane ut. Men mange blir aleine. Og mange er flinke til å vera aleine, mange finn også på så mykje kjekt dei kan gjera. Men så er det desse kveldane då, der det heldigvis er krim på tv så ein får dei til å gå.

Det går bra. Det går alltid bra. Men at påsken er ei dritt-tid å vera aleine på, det kan eg skriva under.