Eg blei utfordra til å tenkja litt nærare på korleis vi viser oss for kvarandre, av ein facebookvenn som sat på kafe og såg på alle dei tilsynelatande lykkelege. Er det samsvar mellom den vi er og det vi viser? No er det vel ingen av oss som vil gå rundt og visa gråten vår offentleg, eller skilta med at vi har det begredeleg nettop no. Men går vi rundt og presenterer eit bilde av oss sjølv som ikkje er sant? For vi er vel alle meir enn det vi viser. Vi har vel alle lag i oss vi ikkje ber utanpå. Og slik kan vi feiltolka kvarandre, som om alle andre har det så mykje betre enn eg har det. Mens vi vel alle har det både litt godt, når sola skin, og har våre skuggesider med sorg og lengsel og uoppfylte draumar andre dagar.

Eg ser alltid lykkelege par, når eg går meg ein tur. Ser dei som er to. Ei venninne som ikkje fekk barn, ho såg berre kvinner med barnevogn eller magar. Den som slit med helsa ser berre desse spreke som fyk til fjells og er friske og lette i hamsen. Vi lar oss kanskje blenda av lengselen vår. Vi ser det vi gjerne skulle hatt, utan å vita noko om korleis dei som tilsynelatande har det eigentleg har det.

Nei, eg vil ikkje gå rundt og visa mine dårlege dagar ope til skue. Eg vil ikkje kasta sinne og frustrasjon framfor føtene til folk når eg har den dagen. Eg vil ikkje visa mi einsemd og gråten i meg over det som er tapt. Eg vil smila. Eg vil fokusera på det eg har av godt. Eg vil finna det mulege mellom det umulige. Er eg då falsk? Eller er det slik at vi skal få lov til å smila og visa vårt beste, men heile tida vita at vi alle er meir enn det som viser. Og i blant mellom dei som tåler det og som er nære kan vi visa det alt. Den vi er, med alle våre sider.

Vi er alle meir enn vi viser, og må ikkje la oss blenda. Heller gje kvarandre eit stort rom å leva i.