Eg sto framfor spegelen i dagmorges og studerte meg sjølv i heile min velde. Strauk hendene nedover brysta, som tyngekrafta har gjort sitt med, og den mjuke magen som har fått litt nedheng. Eg er inga ung kvinne lenger. Eg er ikkje fast i fisken, her er både striper og bulker og humpar. Eg blei ståande i tankar. Er det for seint no, å kunne håpa på å vera ørlite sexy?

Ikkje at eg nokon gong har kunne påberopa meg å vera av dei sexye. Det er vel ikkje det som har vore mitt største fortrinn. Men eg var ein gong yngre, eg var ein gong strammare i kroppen. Eg var ein gong meir attraktiv. Det er ikkje å koma frå at den tida då menn snudde seg etter meg på gata no synes over.

Igjen måtte eg ta eit blikk i spegelen. Vil eg vera sexy? Er ikkje det eit ord som ikkje høyrer med i ei aldrande kvinne sitt vokabular? Men så er det noko med det at alderen, den kjem berre på utsida, ikkje på innsida. Og så tenkjer eg på mor som for lengst har passert nitti. Ho går aldri ut døra utan å ha sjekka håret i spegelen, ho bekymrar seg når buksa begynner å bli litt trong. Eg trur ikkje ho prøver å vera sexy, men det er noko med dette å vera kvinne.

Framfor spegelen tok eg meg sjølv i nakken og retta ryggen, og så sa eg til meg sjølv, sexy eller ikkje, du er kvinne. Du har enno ein varm mjuk kropp som er huset du bur i. Og du har enno både evna til å bli begeistra og til bli såra, og enno brenn elden i deg, noko som vel høyrer til dei som ikkje er utgått på datoen. Huset du bur i får du ta vare på så godt det går, og så får det som er inni få vera både ungt og erfarent på ein gong. Eg lever enno, med alle sansar på plass. Sexy? Ja, kanskje også det, for dei augo som evner sjå det. Kven veit.