Så mykje stygt, så mykje vondskap og hatsk som er blitt virvla opp i denne valkampen, kan vi greia forsoninga etterpå, same kven som vinn? Kan vi greia leggja bak oss kamp og aggresjon og gå vidare som eitt folk, samla om det å byggja dette landet som vi alle er glade i? Kan vi greia takka for at vi har eit demokrati, same kven som går sigrande ut?

Kan vi no evna leggja bort sinne, frykt og antipati og heller bruka kreftene på saman å jobba vidare for det gode vi har her i landet, verdiar som er djupt forankra i oss som folk. Overordna verdiar som skulle samla oss.

Ja, vi skal ha overtydingar, vi skal ha meininger og engasjement. Og vi skal halda fram med å jobba for det vi trur på. Men ikkje med hat og skitkasting og splittande angrep. Vi kan med våre ulike tankar og overtydingar møtast med respekt, og aksept for det eit demokratisk val gir oss som svar. Same om vi står på vinnar eller taparsida. Som norske borgarar er vi vel vinnarar uansett.

Måtte vi no leggja det vonde bak oss og sjå at vi alle vil landet vårt det beste, og gå vidare derifrå. Det er eit liv etter valet.