Nei, eg er ikkje versjuk. Så absolutt ikkje. Eg dansar i regnet og nyt å løfta ansiktet å bli reinsa av dei friske dråpane. Eg likar å trampa gjennom sølepyttar og tenkjer at det er ei velsigning med regn, korleis hadde livet vore om det ikkje kom ein dråpe av det slaget. Men i dag kjenner eg at nok er nok. For vi kunne vel fått ein einaste heil dag utan å bli vaska og skylt og forfriska. Det kunne vore så søkkande godt med å bli stroken over huda av mjuke solstrålar, og å kjenne varmen smyga seg om kroppen. Det er rett og slett nådd eit mettingspunkt i meg no, med dette regnet.

Nei, eg har det ikkje med å vera i dårleg lune. Men i dag når eg no ser ut på endå ei regnbye så kjenner eg noko smyg seg gjennom kroppen, noko eg ikkje likar å kjenna på. Eit tungsinn. Nei, la oss kalla det melankoli, det høyres kjekkare ut. Men det kjennest meir ut som tungsinn. Eg stirrer intenst opp mot skyene for å sjå om det ikkje er ei glipe der, eit ørlite håp. Og så synes eg eg ser håpet, men det varer ikkje lenge før det pøsar ned igjen.

Vatn er ei livets gåve, men kjære vene, no har vi fått nok for ei stund. Er det ein klageinstans mon tru? Er det nokon ein kan påkalla for eit par dagar med sol og varme. Det kan no ikkje vera storforlangande å ønskja seg det vel? Eit par dagar, nei ei veke, to, eller gjerne tre. Det har vi sanneleg fortent no. Basta!