Eg har nesten døydd av kjærleikssorg. Hovudstups forelska drog eg til Amerika til den store kjærleiken. Opp som ein hjort, ned som ein lort, sa far min. Og mykje var det ikkje med meg der eg sat på flyet heim att med knust hjarte. Eg gret og gret og gret og det var umoglege å stogga. Dama i setet ved sida av meg bøygde seg over mot meg og spurde om det var noko ho kunne hjelpa meg med. Ja, sa eg, slå meg så hardt i hovudet at eg søv til flyet landar.

I staden gav ho meg ein sovetablett. Og eg sovna. Eg sov meg frå San Fransico til Amsterdam, og vakna først då flyet var klart for landing. Berre at då eg vakna, kunne eg verken snakka eller forstå. Eg såg munnen til flyvertinna opna og lukka seg, men eg forsto ikkje eit ord. Og då eg skulle spørja, kunne eg ikkje gjera meg forstått. Men flyvertinna fann billetten min, det blei tilkalt hjelp, og eg blei trilla i eit lita vogn frå eine flyet til neste, eg og så ei svartkledd bittelita rynka dame på over nitti. Så fekk dei meg på plass i neste fly, der dei førte meg til første klasse og plasserte meg skjerma, oppløyst som eg var i tårer.

Akksan, der reiste eg på første klasse for første og truleg siste gong i livet og kunne ikkje nyta eit sekund av det heile. Eg sat der og var sikker på at eg kom til å døy, eller i alle falla enda som grønsak resten av livet.

No overlevde eg. Og legen som tok seg av meg då eg vel var framme, meinte eg truleg hadde fått i meg narkotika, ikkje sovetablett. Og det må eg seia, det har aldri freista til gjentaking. Verken narkotikaen eller ein så stor kjærleik. Ho hadde rett, læraren min som sa til meg, ikkje ver så grådig Bente! Alt med måte!