Endå ein gong skulle eg få oppleva det. Å forelska meg. Gamle dama, snart utgått på datoen, kjenner våren brusa i kroppen. Å nei, eg har ingen kjæreste, ingen mann som held meg i handa på tur eller som eg kan krypa inntil når kvelden kjem. Han som har fått det til å dansa i brystet mitt veit ikkje kva glede han er i livet mitt. Og det treng han slett ikkje få vita. For denne tida her med eld i hjarta og brusande blod, denne tida er så dyrebar at ingen kvardag skal få røra ved ho.

Å starta på nytt forhold i min alder og med mi ballast, å måtta tilpassa seg eller aller verst, risikera å bli avvist, nei det vågar eg neppe utsetja meg for. Men deilig er det, at det enno er mogeleg å kjenna slik. At det enno kan dansa småalvar i blodet, at eg kan kjenna korleis hjarta hoppar ved eit blikk eller eit tilfeldig møte. Eg gøymer skatten min djupt i det varmaste og lunaste i meg. Og kjenner at eg lever, eg lever. Det er ein ekstra dimensjon i kvardagen. Eg har vore der før, og det har gått over. Men er ikkje mindre sterkt når det står på. Det opnar så mange rom inst inne.

Og han som er gjenstand for alt dette, han som uvitande er sentrum i livet mitt, i tankane mine, i alt eg er desse dagane, han går omkring i sin kvardag og lever sitt liv utan å kjenna til kor stor lykke det er for meg berre å vita at han fins. Nei, eg drøymer ikkje om ei framtid med han. Eg drøymer om at eg må greia nyta og ta vare på desse dagane mens elden enno brenn i meg, så eg kan nyta endå ein gong slik det er, å vera dirrande yr og levande. Heldige eg, som i denne fase av livet får kjenna på dette, og eg nyt det. Ja, eg nyt det alt eg kan og kallar det nåde.