Det skal god rygg til å bera gode dagar, var det ein som sa. Eg sit og tenkjer på dei orda no. Ser ut på sola, har sote ved fjorden og nytt å bli stroken over huda av sola. Og så sit eg her med klump i halsen og varme bak augo. Vil gråta. Fordi eg har det så godt? Er det alderdommen som har teke meg? Eg har jo sett dei gamle mennene som stadig tørkar augo. Er det noko med å bli særleg ømhuda eller tynnhuda med åra, at alt, godt som gale, går rett i fletta på ein. Går det an å gråta når ein har det som plomma i egget? Må ein ikkje dansa og jubla og senda takk som lette såpebobler oppover i lufta? Går det an å vera tristglad?

Ja, visst er det grunnar nok til å gråta. Visst er det berre å kasta eit ørlite blikk på dagsnytt og aviser for å få meir enn god nok grunn til gråten. Eller å sjå inn i sine indre kammer, der det ligg små rennande elvar frå det levde livet. Men når ein har det godt? Har nok mat, klede så ein kan skifta tre gonger om dagen om ein vil, tak over hovudet, gode venner. Familie ein er glad i. Og så ligg gråten der? Ikkje til å forstå. Kan ein savna når ein har nesten alt? Kan ein ønskja når ein har hendene så fulle at det flyt over?

Det er forunderleg dette livet. Det har i seg så mange nyansar. Eg bryr meg ikkje så mykje om kvifor og kva, eg sit her og lar berre tårene vera. Dei er ein bit av livet dei også. Ein er ikkje sjuk om ein er trist og litt melankolsk i blant, ein er berre eit levande menneske som tør kjenna. Og det vil eg jo vera.

Ja, eg har det godt, veldig godt. Og eg gret likevel. Kanskje av takk for alt det fine eg har fått med meg i livet. For all den rikdom eg har tatt imot og måtta sleppa, slik ein må i livet, fordi det alltid går vidare. Sola skin, fjorden glitrar, og eg seier som Arja: Jag vil takka livet!