Kva krefter er det som blir utløyste i oss når noko blir løfta fram som støttar våre fordommar. Då brennpunkt viste programmet om tiggarar i Bergen, så førte det til lynsjing og sjikanering og hatutfall mot dei som dagen etter sat i gatene med koppane sine. Var det skuldkjensla vi har gått med når vi har luska oss forbi koppane utan å gje som vi endeleg kunne sleppa, var det den vemmelege kjensla over å møta det vi trudde var fattigdom som vi brått kunne fri oss frå. Vi kunne pusta letta ut og høglydt gi uttrykk for vår indignasjon over “dette pakket”.

Eg vil ikkje meina noko om tigginga, og kriminalitet er politiet si sak, men eg vil meina noko om oss som møter menneske. Går det an å vita at det er bakmenn og kriminelle som står bak mykje av tiggarverksemda, og samstundes sjå som medmenneske dei slitne kvinnene som sit med koppen sin, oftast er dei utnytta, redde, utan mulighet til å koma seg fri. Går det an å tenkja at somme av desse er døtre, søstre, mødre som er pressa inn i ein situasjon som dei ikkje kjem ut av, kanskje med små born heime som gissel, eller gamle foreldre. Går det an å sjå at dette er medmenneske?

Tigging er inga løysing på eit fattigdomsproblem. Det må finnast politiske løysingar som kan hjelpa dei som ikkje er rike og festløver og kjeltringer, og politi som kan fanga opp dei som er kriminelle. Det er i alle fall inga hjelp for nokon med hån og sjikane og valdelege angrep. Det må gå an å ha to tankar i same hovud. Og at vi evner sjå den menneskelege nauden som ofte ligg bak mange av desse sjebnene. Om vi ikkje gir pengar i koppen, kan vi i det minste gi smil og vennlege ord. Det er eit medmenneske som sit der med koppen, og alle er meir enn vi ser.