Det var ei som fortalde meg at ho hadde lese ei overskrift i ei avis der det sto: “Er det noko liv etter 40?” Jøye meg, eg som er over 65 no. Skulle livet mitt vera over? Å nei, du, slett ikkje. Eg er framleis på føtene og eg har ikkje tenkt å leggja meg ned så lenge eg greier kravla meg inn i dagen. Sant nok kan det skrangla litt her og der i skrotten, men eg trøystar meg med orda til Lill Babs “vaknar du ein morgon etter at du er femti og ikkje kjenner noko, då er du død”. Eg lever. Jammen kjenner eg så visst at eg lever.

Det er ei tid for alt i livet. Det er ulike årstider og ulike utfordringar. Det var ei tid å vera ung og at alt låg ope og ein måtte ta val i livet, – det var ei tid å få barn og fylla hendene og tida med den varmen og utfordringa. Det var ei tid å fullføra jobben ein hadde tatt på seg. Det er ei tid med gamle foreldre og utfordringane det gir. Men det er også ei tid for å nyta livet, og kor tid kan ein det meir enn etter godt fylte 60? Etter kvart førtidspensjonert eller pensjonert. Vi kan fylla dagane med omsorgsarbeid framleis, vi kan fyka av stad med tusen gjeremål, men det er val. Pliktløpet er unnagjort, no kan vi velja, dei fleste av oss.

Snill jente syndromet heng i så mange av oss fødde på førti og femtitalet, men om vi ikkje skulle gi oss sjølv gledene no, kor tid skulle dei då koma? Ta oss tid til å kjenna på lystene, eller henta dei fram att om dei har sovna. Gjera dei sprø tinga vi ikkje har tillatt oss før. Om ikkje no, kor tid då? Når vi blir demente og ikkje greier kontrollera oss lenger, får vi vel lite glede av sprella vi finn på.

Vi som er i det gode livet godt etter seksti, la oss gløyma dei haltende skrottane, la oss hoppa over begrensingane og våga leva. Det er vår tid no, det er no, no no! Om det er liv etter 40? Og etter 60? Å ja, gjett om!!! Hos meg er våren enno i kroppen.