Kvifor er det så flott å vera unik, og meir tvilsamt å vera annleis? Er det ikkje to sider av same sak? Eg blei inspirert av dei to ulike sokkane som blir vist på nettet i dag, til ære for alle annleise. Og eg tenkjer, det er til ære for oss alle. For er det nokon av oss som ikkje er annleis? Er det nokon av oss som ikkje er unike? Og skulle vi ikkje vera stolte over dette, at det fins berre ein av oss. Ingen er akkurat den eg er.

Eg hadde ein kjærast ein gong, som var ein av desse kontormennene, dei som kjem på rekkje med same dressjakken, same dokumentmappa, same hårsveisen, og same nestenbarberte kinn. Du står der og ser og undrast, kven av dei er det eg kjenner tru, og er du nærsynt kan du risikera å ta feil. Men når du kjem nær, så er det likevel den eine som er den du ser. Og slik er det med ungdomsflokkar også, same stil, same image, men kjem du nær ser du ditt menneske, som ingen andre er lik. Det er lett å la seg lura av fasaden.

Men nokon er meir ulike enn andre, å sjå til, eller i måten å vera på, og kanskje desto meir unike. Kor vakker det er med dette mangfaldet. Måtte vi aldri skrella bort eller prøva tilpassa så mykje at det vakraste blir borte. Det unike.

Det kan vera belastande å gå rundt å kjenna seg annleis i eit samfunn av konformitet. Det kan kjennest sårt og gå rundt og kjenna på sin ulikskap. Men skulle vi ikkje verkeleg gjera kampanje for egenarten, for det unike, for det annleise, så vi alle uansett kven vi er kan få veksa og utvikla vårt potensiale. Få vera stolte av den vi er. At vår annleishet blei vår styrke. Og at vi med vår ulikskap kan vera med å utvikla kvarandre og utvida kvarandre sine indre rom.

Hurra for å vera annleis. For å vera den ein er. Ingen av oss er skapt som feilvare!