Kanskje ikkje alle har det slik, men for mange av oss kjem dei vonde dagane. Kanskje ikkje fordi noko fælt har skjedd eller fordi det er noko som særleg står på. Men vi har våre sår som blir trigga, eit lite ord, eit eller anna som skjer, og vi rasar inn i eit rom vi ikkje var førebudd på å koma inn i no. Så står vi der, og noko sårt og tungt er opna. Det riv i våre indre landskap, vi er i fritt fall i kjenslene våre. Dagen som kanskje starta optimistisk er bitt ei utfordring å koma gjennom. Og vi kjempar for å koma oss vidare, ut i det opne rommet vi vil vera i. Men så heng noko att.

Rart med desse gamle såra, med desse ømme punkta vi ber med oss, oftast godt gøymte. Rart med denne sårbare tynne huda som så fort kan revna. Vi kan ha trudd at det er ting vi er ferdige med, vi kan ha tenkt at dette er fortid og historie og gjeld ikkje lenger i livet i dag. Så brått stuper vi inn i det. Og iblant tar det også tid før vi forstår kva som har utløyst dette. Vi må stogga opp og leita etter, kva var det no som blei trigga? Vi kan bli sinte i vårt forsvar, vi kan overreagera, og dei rundt forstår ikkje kva dette er. Men det er livet vårt. Det er det som gjer oss til menneske og ikkje robotar. Vi kan bli berørte. Vi kan bli små og redde same kor vaksne og kloke vi er.

Dei vonde dagane. Dagane då vi særleg treng nokon å krypa nær, nokon som tar imot og forstår, det er ofte dei dagane vi kjenner oss mest einsame. Mest aleine. For kven kan ta imot det som vi ofte kjenner skam over, at vi reagerer som vi gjer. Vi vil så gjerne få livet til og at alt skal vera vakkert. Vi bit heller tennene saman og lar det vonde få gå endå djupare inn, riva enno meir opp av det vi har prøvd reparera. Når vi treng kvarandre mest, la oss våga be om den nærheten vi ønskjer. Snille jenter som ikkje ber om sjokolade får ikkje sjokolade, sa ei til meg ein gong. La oss leita rundt oss etter ei beslekta sjel som tåler den vi er, i vonde dagar som i gode. Dei er der kanskje, dei som kan møta oss også når vi treng vrengja ut det vi ikkje er stolte av. Viss vi tør kan det henda vi blit tatt imot og sjølv kan ta imot tilbake.