“Det er skitt å bli gammal, dei kan prøva dei som vil”, seier mor mi. Ho høyrer til den gamle skulen. Av dei som stolt vil greia seg sjølv, av dei som ikkje ber om noko, og som ikkje skal vera til bry. Ikkje ein gong på sjukeheimen, der ho betaler omtrent heile pensjonen sin for å bli tatt vare på kan ho be om noko. Nei, dei har det så travelt stakkars, dei som jobbar der, seier ho. Å stilla krav, den tanken er heilt fjern. Eg er redd det blir annleis den dagen vi som er fødd etter nittenfemtitalet kjem dit. Eg er stygt redd det blir endå travlere for dei som jobbar der då, for vi vil spørja. Garantert.

Mor mi nemnde ein dag at ho hadde ikkje ete egg sidan ho kom på sjukeheimen for to år sidan. “Får de ikkje egg” spurde eg forundra. Jau, dei fekk egg, men ho takka alltid nei fordi ho ikkje hadde hender som greidde kunsten å knekka egget og eta med skei. “Men be om hardkokt då, og få dei til å skrella det til deg og skjera opp til å ha på skjeva” sa eg. Ho såg på meg som om eg hadde foreslått at ho skulle be om å få ei reise til månen. Spørja om noko, nei,det var umogeleg. Og no er det no eingong slik at betjeninga på sjukeheimen, dei er ikkje tankelesarar, så korleis skal dei kunne vita kva mor har lyst på når ho ikkje seier noko.

Ein dag eg kom var ho så svolten, rett etter lunsjen. Dei hadde fått lappar, men berre ein lapp var blitt lagt på fatet hennar, og det blei ho ikkje mett av. “Men kjære deg, bad du ikkje om ein til” spurde eg. Nei, om fatet sto på bordet rett framfor henne fullt av lapper så tok ikkje ho når ingen baud henne. Slik er ho opplært. Ein skal bi budt maten, ein skal ikkje forsyna seg. Å ja, eg hugsar familiebesøka frå barndommen, hadde vi ikkje blitt innprenta at vi berre fekk ta så og så mykje hadde vi ete til vi sprakk, får å by, og by og by, ja rett og slett nauda i gjestane maten, det var slik det skulle vera,  Uten å bli budt var det forbudt å ta. Ein som kom uvitande om dette inn i familien, åt skam på seg, for han forsynte seg kvar gong han blei budt han, og trudde han måtte det. Jaja, ikkje lett for ei dame på 91 å venda om på det som har vore normen. Ein lapp på fatet og ingen som byr meir, det betyr at det er det du er unt.

Eg prøver sjå for meg meg og mine venner på sjukeheimen, enno nokolunde klare i toppen. Ville vi ikkje bedt om det egget vi ville ha og dei lappene vi hadde lyst på? Ville ikkje vi ha gitt klar melding om at no treng eg hjelp, og teke imot hjelpa som noko vi betalte for og hadde rett til. Sjå for deg at sekstiåtterne som gamle gjekk svoltne frå bordet mens bordet bugna av mat. Men enno lever dei og er på sjukeheimane våre, dei som ikkje greier sjølv å skjera over ei brødskive med eggerøre og laks på som betjeningen så flott har laga til men takkar nei og ber om ei skive med kvitost, fordi den greier dei få i seg utan å søla. Dei som ikkje vågar ta den gode maten dei får tillaga fordi dei er redde for at dei ikkje greier kutta maten opp til å få i seg, når dei veit dei ikkje har krefter i hendene til å bruka kniven. Dei som seier “eg har ikkje lyst på” fordi dei ikkje vil vera til bry.

Dei tilsette på sjukheimane våre gjer ein fantastisk jobb, dei prøver å leggja alt til rette, men å vera tankelesarar er dei ikkje utlærte til, og dei kan ikkje sjå utanpå somme av dei gamle at dei heller går svoltne frå bordet enn å be om ei halv skive ekstra. Og det er jo også noko med respekt å lytta til det som blir sagt. Men eit nei er ikkje alltid eit nei, det handlar om kultur dette. Og med så mange ulike personar med så ulike kulturar er det neimen ikkje lett. “Det er skitt å bli gammal”, seier mor, men blir eg gammal og kjem eg på sjukeheimen, så skal eg i alle fall ikkje nekta meg det som er godt, om eg søler aldri så mykje og må masa på dei tilsette. Høyrer du mor!!!!