Er det ulovlig å vera ufattelig julebarnslig? Her er det ei verd som ropar og skrik i nød, og eg pyntar stova med nissar og englar og glorete figurar som glitrer i blått og grønt og raudt, og fryder meg. Og eg spelar julemusikk og gler meg over å tenkja ut julegåver og å pakka inn. Og gler meg til treet eg skal dra inn i leiligheten og pynta, og eg håper verkeleg det kjem nokre julegåver under. For sikkerhets skuld har eg sikra med med å kjøpa eit par til meg sjølv.

Treng eg noko? Nei! Ønskjer eg meg noko? Veit ikkje heilt kva eg skal ønskja meg. Ville eg bli veldig lei meg om alle rundt meg slutta å gje julegåver? JA! Eg er så barnsleg at eg vil pakka opp på julaftan, om så ei nøtt eller ei mandaring. Men dei må vera pakka inn med julepapir, med band og merkelapp på.

Eg overser ikkje invitasjonene til å invitera ein middagsgjest til Kirkens Bymisjon, eg overser ikkje svoltkatastrofen som Kirkens Nødhjelp fortel om, eg overser heller ikkje dei i nærmiljøet som treng litt ekstra, anten det er to eller firbeinte. Men må det vera ei motsetting mellom det og å unna meg litt raus jul sjølv? Kan eg ikkje både tenkja på hine og fryda meg over mitt eige juletre med pakker under? Begge deler? Og eg ventar ikkje på at nokon andre skal laga julegleda til meg, eg lagar mi eiga jul som best eg kan.

Eg er barnsleg juleglad. Eg har til og med kjøpt meg julekjole med nisser på. Eg tenner lys kvar adventskveld, og eg har ein stor nisse på verandaen i tillegg til dei som sit på bokhylla, på fjernsynshylla, på spisebordet og salongbordet. Det er desse få vekene. Det er denne korte tida til å vera i julemodus. Eg har stor respekt for dei nøkterne, dei som vel alternative løysingar, til og med dei som ikkje bryr seg om jul. Men eg håper dei hugsar ein julepresang til meg, som eg kan leggja under treet mitt i god tid på førehand og sitja å sjå på i kveldene før kvelden.

Ja visst er eg barnsleg. Altfor barnsleg for ei dame i min alder. Men eg skjemst ikkje. Så visst ikkje. Jul er jul.