Eg skal til syden. Og gler meg enormt til sol og varme. Kva er vel betre nett no når sluddet fell ned og det er surt og like før bakkane er kvite. Men så kom eg til å prøva bikinien då. Den flotte nye med tigeransikt midt på brystet og ellers tigermønstra over alt. Der sto eg framfor spegelen og strutta og bikinien heldt så vidt på plass det som skulle innunder. Eg har aldri innbilt meg at eg er noko sylfide. I grunnen så har eg ikkje hatt noko plage med heilårskroppen min som er prega av år og forfall. Eg har pynta meg med fine kjolar og i grunnen vore glad i alle livets gåver, inkludert maten. Men så er det bikinien då. Eg kneip meg i sideflesket og konkluderte med at å ta av var fåfengt å tenkja på fem dagar før flyet tok av. Eg sto framfor spegelen og sa til meg sjølv, du er fin nok, du er mjuk og du er deilig. Men det var som om høyrselen min var noko svekka og berre høyrde, “det blir ikkje stas å gå på stranda slik”. Men eg har det ikkje med å gje meg på tap. Det gjeld å ikkje vera rådalaus. Eg fekk ein ide og strena rett til parfymeriet og sa “gje meg sjølvbruningskrem, hurtigverkande og så mørk som mogeleg”. For det er jo mykje betre å vera brunfeit enn bleikfeit. Og den søte dama i parfymeriet var velviljen sjølv, ho fant fram både skrubbekrem og sjølvbruningskrem og hanske til påsmøring, det dyraste som var i butikken men det var det som var det beste, sa ho, og eg kjøpte. Lettlurt er eg, det innrømmer eg. Men kva gjer ein ikkje når ein er i naud.

Så var det heim og setja prosessen i gong. Eg sette på Beach Boys Good Vibrations, og så var det å skrubba seg blank som ei barnerompe, og deretter på med hansken og det mørkbrune skummet som skulle smørast på. Og vips skulle eg vera brun. Eg nynna good vibrations og var alt  mentalt framme i sola. Og eg smurde og eg smurde og så var det å tasla rundt i leiligheten i all sin skrud mens kremen fekk turka, i stort håp om at ingen skulle dukka uventa opp nett no. Og ingen kom. Berre at då eg skulle beundra meg sjølv framfor spegelen som brun og lekker, ja så var det blitt ein rar brunfarge, og bak på leggen var ei kvit stripe eg ikkje hadde fått smurt inn. Ryggen var flekka og stor sett kvit som før, og litt flekker var det forresten både her og der over alt. I grunnen ikkje heilt lekkert dette heller.

Jaja, det er enno nokre dagar til flyet går, så fargen får vel gått seg til, og eg er no den eg er, og den tida er over då eg skulle strena over stranda og få blikk frå kjekke karar. Nei, i dag strekkjer eg meg ikkje lenger enn til at kanskje ein god mjuk litt kvitbleik kar med hengemage og bryst skal tenkja, vi er fleire i same båt. Og kven treng vera billedvakker for å ha det gøy. Her skal det nytast sol og varme med sideflesk og med bryst som svulmar utover bikinitoppen og lår som svingar seg når eg går. Tjohei for glede å vera kvinne i mogen alder. Og om kvelden er det å henga på seg fargerike kjolar og vera lady. Og på seine sydenkveldar er alle kattar grå og alle kvinner vakre, er det ikkje slik?