Archive for May, 2017

sommarkropp?

Det er tid for å tenkja på sommarkroppen, står det både her og der å lesa. Eg fekk ei annonse dumpande inn til meg der det sto “det er enno ikkje for seint å skaffa seg sommerkroppen”, og så tilbod om noko som skulle få kiloer til raskt å brenna bort. Å nei, det skal nok meir til enn nokre pillar for at eg kan skilta med sommarkropp som får menn til å snu seg etter meg på stranda, for det er vel det som er målet? Det er så enkelt at den tida er forbi for meg om eg hadde tatt av både ti og tjue kilo. Eg har ein levd kropp, eg har ein kropp som uansett kilo ber preg av livets tann. Eg har ein godt brukt heilårskropp. Men han fungerer!

Ja visst kunne eg ha godt av å ta av både ti og tjue kilo, men då for helsa si skuld, ikkje for sommarbikinien. Eg synes rett og slett vi skal få lov til å komma til sommaren som til vinteren med den kroppen vi har. Med dei kiloane for mykje eller for lite som er våre, med dei skavankane vi har, og vera gode nok. Men hysteriet med kropp har nådd langt inn i så mange av oss. Til og med tilårskomne og godt levde damer kan komma til å seia at uff då, når det passerer ei på badestranda, for stor eller for mager. Bryst skal løftast opp med puter, magar skal haldast inne med tvangstrøyer. Det skal trimmast og trenast og etast gras som om vi var kuer. Det har nådd så langt inn i oss at vi tenkjer stakkars når nokon har for mange valkar som dansar rundt på kroppen. Som om det diskvalifiserer oss som kvinner å ha noko meir å bera rundt på. Og den største av alle skammer, det er å vera glad i mat!

Eg er glad i mat. Eg er glad i kroppen min også. Eg nektar å godta at eg skal måtta ha på meg store telt gjennom sommaren for å skjula at eg ikkje er ung og smekker eller i alle fall tilnærma lenger. Eg vil la den kroppen eg har få nyta D-vitaminer, eg vil svulma akkurat så stor og så levande og så livsglad og matglad eg er , utan at nokon skal få hindra meg i det. Min sommarkropp er som vinterkroppen, stor og deilig! Punktum.

 

 

når våren brusar…

Endå ein gong skulle eg få oppleva det. Å forelska meg. Gamle dama, snart utgått på datoen, kjenner våren brusa i kroppen. Å nei, eg har ingen kjæreste, ingen mann som held meg i handa på tur eller som eg kan krypa inntil når kvelden kjem. Han som har fått det til å dansa i brystet mitt veit ikkje kva glede han er i livet mitt. Og det treng han slett ikkje få vita. For denne tida her med eld i hjarta og brusande blod, denne tida er så dyrebar at ingen kvardag skal få røra ved ho.

Å starta på nytt forhold i min alder og med mi ballast, å måtta tilpassa seg eller aller verst, risikera å bli avvist, nei det vågar eg neppe utsetja meg for. Men deilig er det, at det enno er mogeleg å kjenna slik. At det enno kan dansa småalvar i blodet, at eg kan kjenna korleis hjarta hoppar ved eit blikk eller eit tilfeldig møte. Eg gøymer skatten min djupt i det varmaste og lunaste i meg. Og kjenner at eg lever, eg lever. Det er ein ekstra dimensjon i kvardagen. Eg har vore der før, og det har gått over. Men er ikkje mindre sterkt når det står på. Det opnar så mange rom inst inne.

Og han som er gjenstand for alt dette, han som uvitande er sentrum i livet mitt, i tankane mine, i alt eg er desse dagane, han går omkring i sin kvardag og lever sitt liv utan å kjenna til kor stor lykke det er for meg berre å vita at han fins. Nei, eg drøymer ikkje om ei framtid med han. Eg drøymer om at eg må greia nyta og ta vare på desse dagane mens elden enno brenn i meg, så eg kan nyta endå ein gong slik det er, å vera dirrande yr og levande. Heldige eg, som i denne fase av livet får kjenna på dette, og eg nyt det. Ja, eg nyt det alt eg kan og kallar det nåde.

det er livet alt…

Det skal god rygg til å bera gode dagar, var det ein som sa. Eg sit og tenkjer på dei orda no. Ser ut på sola, har sote ved fjorden og nytt å bli stroken over huda av sola. Og så sit eg her med klump i halsen og varme bak augo. Vil gråta. Fordi eg har det så godt? Er det alderdommen som har teke meg? Eg har jo sett dei gamle mennene som stadig tørkar augo. Er det noko med å bli særleg ømhuda eller tynnhuda med åra, at alt, godt som gale, går rett i fletta på ein. Går det an å gråta når ein har det som plomma i egget? Må ein ikkje dansa og jubla og senda takk som lette såpebobler oppover i lufta? Går det an å vera tristglad?

Ja, visst er det grunnar nok til å gråta. Visst er det berre å kasta eit ørlite blikk på dagsnytt og aviser for å få meir enn god nok grunn til gråten. Eller å sjå inn i sine indre kammer, der det ligg små rennande elvar frå det levde livet. Men når ein har det godt? Har nok mat, klede så ein kan skifta tre gonger om dagen om ein vil, tak over hovudet, gode venner. Familie ein er glad i. Og så ligg gråten der? Ikkje til å forstå. Kan ein savna når ein har nesten alt? Kan ein ønskja når ein har hendene så fulle at det flyt over?

Det er forunderleg dette livet. Det har i seg så mange nyansar. Eg bryr meg ikkje så mykje om kvifor og kva, eg sit her og lar berre tårene vera. Dei er ein bit av livet dei også. Ein er ikkje sjuk om ein er trist og litt melankolsk i blant, ein er berre eit levande menneske som tør kjenna. Og det vil eg jo vera.

Ja, eg har det godt, veldig godt. Og eg gret likevel. Kanskje av takk for alt det fine eg har fått med meg i livet. For all den rikdom eg har tatt imot og måtta sleppa, slik ein må i livet, fordi det alltid går vidare. Sola skin, fjorden glitrar, og eg seier som Arja: Jag vil takka livet!

Ver den du er!

Det skulle vera så sjølvsagt: Ver den du er! Stå for det som er ditt og ver stolt over ditt forråd. For ingen av oss er her på slump, tenkjer eg. Det vi har fått utlevert, det er vårt til å bruka og foredla. Det er ikkje spørsmål etter kva ressursar vi har, men kva vi gjer med det vi har fått utlevert. For det er det som kan fullbyrda vårt syfte på denne jorda. Om vi kunne sjå det slik, då kunne vi sleppa misunnelse og kamp om plass og posisjon. Vi skal ikkje vera like og gjera det same, vi skal utfylla kvarandre. Der vi snik oss unna det som er vårt for å prøva vera noko vi heller ville vore, der tar vi bort ein ressurs frå heilskapen.

Det er så lett å samanlikna seg, føla seg mindre, mindre verd, mindre verdifull, mindre sett. Det er som om alle vil stå på toppen av same pallen. Men om vi alle gjorde det, kva verdi hadde pallen då? Det er ulike pallar, så det viktige er å finna ut, kor er min plass? Kva er det som er mitt å fullbyrda? Kva har eg fått utlevert for å fylla ut i heilskapen? Og la oss vera stolte over den plassen som er vår. Same kor han er, og kva prestisje og posisjon denne plassen har, om vi blir sett eller ikkje. Vera tru mot det vi er gitt.  For det er vårt liv vi skal leva, og ingen andre sitt. Stå stolte, og rakrygga, på vår plass.