Archive for February, 2017

blind date…

Eg har vore på blind date for første gong i livet mitt. Kanskje for første gong på date i det heile tatt. Av og til, i øyeblikk av eit eller anna, kan ein koma til å gjera ting ein aldri trudde ein skulle gjera. Det dumpa inn på e-posten min tilbod frå ei datingside, 19 kroner for seks månader. Nitten kroner tenkte eg, det et jo lite for å finna ut kva som skjer der inne i dette hemmeleg men svært så populære landskapet. Så eg heiv meg på, impulsivt og uten å tenkja meg meir om. No var det 19 kroner pr. månad, men skitt, det er ikkje ein kaffikopp for månaden ein gong. Men eg angra før eg hadde lagt ut statusen min og eg ville sletta meg umiddelbart. Berre at der dumpa det ei melding inn før eg fekk snudd meg rundt. Ikkje noko tørrprat der i garden, rett og slett ein invitasjon til middag i byen. Hjelpe og trøyste, eg skumma profilen til han som var så dristig, såg at den i alle fall såg spiseleg ut, sjekka bilde som også var spiseleg. Skitt, tenkte eg, dei gale har det godt, og eg takka ja. Ein god middag på byen har eg sansen for, og kva gale kunne skje ein fredagskveld på ein av byens bedre restaurantar. Knipen var han i alle fall ikkje, eg sjekka menyen på nettet, for uvant som eg er med fine rettar måtte eg jo sjekka om eg forsto kva maten dei serverte der var, eg har før sote og valt mat ut frå russisk rullett. Eg såg fort at her var prisar eg ikkje hadde råd å spleisa på, så eg var glad for at eg var invitert. Og i alle fall to av rettane hadde eg høyrt om før, så det skulle vel gå bra.

Første runde unnagjort, så var det neste bekymring. Kva skulle eg ha på meg. Og, fyren visste like lite om meg som eg om han, så han visste slett ikkje at eg er ei kvinne med vel store former, min eks ville skamlaust sagt tjukk. Ville han snu i døra, denne karen som baud meg ut usett og usjekka? Eg visste enno ikkje anna enn fornavnet hans, og han mitt. Ville eg bli ståande der og gapa, svolten med nasen mot vindaugsruta inn til restauranten utan nokon kavaler? Eg kasta bekymringane bak ryggen. Ute komen får ute vera, sa bestemor. Hadde eg sagt ja fekk eg la det stå til. Eg bestemte meg for ei hylse av ein kjole som smaug seg over volangane mine, det du ser er det du får.

Sidan eg alltid er ute i god tid, så traska eg rundt i sidegatene med sommarfuglar i magen både vel og lenge, for ikkje å stå der og trippa og verka overivrig ved restauranten når daten kom. Panikken var på plass no. Kva i all verda hadde eg gitt meg ut på. Og korleis skulle eg vita kven han var, og han kven eg var. Dette var rein galskap, det var like før eg snudde. Men eg kunne jo ikkje vera så uhøfleg og berre utebli heller. Og så var eg svolten. Næringvit har eg.

Det gjekk bra. Eg blei ikkje ståande att som ei attergløyme. For daten kom. Ein hyggeleg og allsidig kar, som spanderte trerettars middag og noko godt å drikka dertil. Han preika og eg åt. Og maten smaka vedunderleg. Eg kom meg på bussen heim så velfødd som berre mogeleg var. Og om nokon lurer på om vi skal møtast igjen, daten og eg? Han veit framleis ikkje etternamnet mitt. Men eg har no vore på mitt livs første og truleg siste blind date.

aleine på kafe…

Det er ikkje synd i den som sit aleine ved eit kafebord. I alle fall dei fleste av oss. Det treng ikkje seia at vi er einsame, at vi manglar sosial omgang eller er attegløymer om vi sit der og nyt ein god middag aleine, eller har ein kopp cappuccino aleine ved kafebordet, eller nyt eit kakestykke til kaffien. Det fins dei av oss som trivs med aleinetid, som har gode stunder utan selskap der vi sit med kaffien vår, som likar å berre vera i folkelivet utan å måtta konversera eller forhalda oss til andre. At vi rett og slett nyt å vera aleine ei stund i surret frå andre rundt.

Det skal liksom vera slik at vi skal vera i flokk, flokken vår. At går vi ut, så skal vi vera fleire. Eg fekk merka det godt den gongen eg gjekk ut for å dansa om helgane, mukk aleine. Er du her aleine, spurde folk. Kor tøff du er, sa andre. Men kjære vene, eg gjekk ut for å dansa fordi eg elskar å dansa, – andre gonger var eg ute med venner. For eg har venner om eg ofte er å sjå aleine på kafe. Ingen stader tenkjer eg så bra som på kafe aleine. Aldri dukkar de topp fleire gode idear enn når eg sit der og høyrer summing av prat rundt meg.

Nokon går på fjellet, og gjerne aleine. Det er ikkje synd i dei om dei ikkje har turfølgje. Somme av oss går aleine på kafe, og det er ikkje synd i oss om vi sit der ved bordet mukk aleine. Vi er ulike, vi har ulike behov. Nokon ville ikkje trivast aleine på kafe, slik eg ikkje trives aleine på fjelltur, eller på fjelltur i det heile tatt. Å vera i ei vennegruppe og dela latter og prat er topp og viktig, men for meg er det også viktig med aleinetida på kafeen. Det er då og der eg pustar med magen og fyller på mine indre rom. Så ikkje sjå på den som sit aleine med medkjensle, heller ørlite misunnelse.

Kor langt kan vi strekkja oss for å møta kvarandre, utan å gje frå oss vår integritet? Korleis kan vi møtast med motstridande haldningar og meiningar, og framleis halda fast på vårt eige? Når det spissar seg, når ulike meiningar gnissar mot kvarandre, når vi tar ulike konsekvensar av det vi ser og begge meiner vi har rett, korleis framleis møtast i omsorg og i respekt?

Når totalt ulike overtydingar møtes, er det så lett å gå i krig. Sjå motstandaren som fiende. La haldningar og meiningar ta over alt fokus i staden for å sjå mennesket bak den ein er ueinig med. Det blir baktaling, det blir å grava fram skit om den andre. Det bli å fordømma, anklaga, trykka ned. Og så misser vi kvarandre, vi som kanskje før var ein del av kvarandre sine liv.

Korleis lever vi med at vi ser så ulikt på ting? Ser ulikt på innvandring, ser ulikt på Trump, ser ulikt på likekjønna sin rett til kyrkjeleg vigsel. Og alt det andre, der prinsipp, djup overtyding, eller eige grunnlag å stå på blir truga. Er det mogeleg at vi framleis kan sjå kvarandre som medmenneske, at vi framleis kan vera gode med kvarandre, at vi kan visa kvarandre respekt og lytta til kvarandre og tala vel om kvarandre. Om vi aldri blir einige, kan vi likevel ha omsut for kvarandre?

Vi skal ikkje la bli å kjempa for det vi trur på, vi skal halda fast på vårt eige og stå opp for det vi trur på, men det skulle vel vera mogeleg å gjera dette i audmjuk respekt for dei som vi opplever som motstandarar, skulle det ikkje?