Archive for December, 2016

ulikskap som ressurs…

Eg var på forfattarbesøk og skulle møta elevar med bøkene mine. Eg kom litt seint ut frå ein fin time med ivrige elevar. Ute på gangen sat ei jente aleine, samankropen inn mot veggen. “Hei, sit du her”, spurde eg og stoppa ved henne. Ho nikka, andletet var så tomt. “Eg har ADHD, eg”, sa ho. Eg smilte til henne. “Så flott”, sa eg, “då har du ein ekstra ressurs i livet. Bruk den godt”.

Jenta såg opp på meg, andletet hennar opna seg. Ho reiste seg og sto framfor meg. “Det har ingen sagt før”, sa ho. Vi blei ståande og snakka samen ei god stund, og jenta var som forandre då ho gjekk ut til dei andre. Etterpå tenkte eg mykje på dette, korleis ein diagnose kan blir stempel på eit ungt menneske. Korleis det kan bli å bli plassert i ein bås, båsen for den som er annleis og ikkje heilt som ein skal. Men viss vi ser på historien vår, korleis hadde det vore om det ikkje var for alle med ADHD som med engasjement og ustoppeleg iver har gått på der andre hadde gitt opp. Og korleis dei med Asberger har kunne fokusert og fått resultat som ingen andre. Og dei med bipolar liding som i sine gode periodar har skapt det vakraste, mest utrulege. Eller dei med dysleksi, som vi kjenner frå historien som ressursmenneske. Og vi kan halda på vidare.

Viss vi først skal setja diagnosar på barn og unge som lever der i skulekvardagen, så la oss få fram ressursen i denne diagnosen. Mulighetane diagnosen opnar for, så den som får diagnosen oppdagar kor unik han eller ho er, kor utvald og med spesielle evner. La diagnosen bli noko å vera stolt over. For kva fattig samfunn ville vi ikkje vore uten desse som tilbake i historien kunne hatt diagnosar men aldri fekk det, fordi tida dei levde i ikkje var ei diagnosetid. Det var plass for ulikskapane utan å setja merkelapp på.

Eg vil slå eit slag for ulikskapen mellom oss. For mulighetane i den einskilde sine evner og utrustning. Vi skal ikkje alle vera like, vi skal ikkje alle gjera det same. Vi skal til saman vera eit stort og vakkert mosaikkbilde av rikdom. Vi trengs alle. Vi er alle unike, med eller utan diagnosar.

“Det har berre gått oppever for oss”, seier mor mi når ho ser tilbake på livet. Og vi som er etter har vel berre levd i oppoverbakken. Mor mi opplevde å bli farlaus før ho var to år gammal, det var ein hard kamp å greia seg for mor hennar som blei aleine med tre små. “Hugs alltid på å støtta Sanitetsforeininga, dei hjelpte oss”, sa onkelen min til mor mi, noko som har stått heilt klart for henne i alle år. Det å hjelpa. Mi mormor som strevde for å halda livet saman for seg og dei tre små, ho sa alltid “ein bli aldri fattig av å gje”. Å møta på sjukeheimen ein som hugsa denne enka som kom på døra deira med havremjøl i ein pose i krigsåra då det for alle var stor armod gjorde inntrykk. Ho delte det vesle ho hadde.

Eg tenkjer på dette i dag, dette med å dela. Vi som surfar på velstanden, som aldri har gått svoltne til sengs, som ikkje har mangla klede eller tak over hovudet. Som har fått utdanning, jobbar, og når det har glippe hjelp på anna vis. Vi som har nok, kvifor er vi så redde for å dela? Har vi mista noko veldig viktig som menneske? Var det overflod som fekk mormor til å gå rundt til naboar med den vesle posen havremjøl? Nei så visst ikkje, ho kunne vel ha trong for det alt sjøl. Men ho visste dei var utan og ho hadde. Og eg trur ikkje ho var aleine om slikt, det var slik haldninga var. Er dette ein verdi vi er i ferd med å mista? Tanken på dei andre, omsuta for dei rundt oss.

Nei, vi kan ikkje hjelpa alle. Det er så sant. Men vi kan hjelpa nokon. Slik sanitetsforeining hjelpte mormor og hennar den gongen for snart nitti år sidan. Og mormor sidan hjelpte dei ho kunne, med det vesle ho hadde. Strikka genserer og sokkar til basarer, og delte havremjøl. Og mange med henne. Det var slik livet fekk meining. Og heldigvis er det mange enno som ser denne verdien og som er der for andre. Heldigvis. Men les ein rundt om i aviser og blad kan ein frysa. Der er det eit “ver deg sjølv nok” som ofte lyser mot ein.

Det er kanskje ikkje så rart at så mange lever med meiningsløyse i dag, når alle skal vera seg sjølv nok. Når vi lever som om vi tar det for gitt at vi skal få stå her og berre nyta i oppoverbakken for alltid, og endåtil har fortent det. Den største gleda du kan ha, det er å gjera andre glad, skreiv vi i minnebøkene som barn. Kanskje denne enkle sanninga er det som kan berga oss som menneske, frå einsemd, motløyse, tomhet og meiningsløyse. At vi bryr oss om kvarandre.

denne jula…

Det er noko sorgvakkert med denne jula. Tida då vi alle skal vera glade med glitrande barneaugo. Då vi skal gleda oss over å vera saman, då vi skal ha fred framfor alt, – den tida då alle konflikter skal dekkast til, då alle motsetningar skal gøymast. Då vi skal eta ribbe og pinnekjøt og lutefisk og skåla med kvarandre glade jul. Det er noko sorgvakkert ved det. Desse innbitte forsøka våre på at alt er så uendelig kjekt. Denne lykka vi framfor alt må vera i, i alle fall vi som er så heldige å ha nokon å feira saman med. Vi skal kle oss i vår beste puss, både utvortes og innvortes. Det er vårt beste vi skal by, denne korte tida.

Eg hugsar ei jul frå barndommen, ei jul som står som spikra i minnet mitt. Vi var samla i stova heime, mor, far søster mi,bestemor, bestefar og den ugifte tanta. Vi hadde ete julemiddag og sat og skulle dela ut gåvene som låg under treet. Då banka det på døra. Det var ikkje julenissen som kom, det var ein som hadde forvilla seg bort julaftan, han sto ved døra i nokså forkommen tilstand og spurde etter bestefar. Han hadde vel knapt det klart for seg at det var julaftan, der han sto. Men på ei julaftan viser ein ingen bort. Mannen blei buden inn, han blei buden kaffi og småkaker og sat der ved bordet med oss. Han sa ikkje mykje. Søster mi var enno ikkje så stor  at ho forsto noko av jula, men eg var særs opptatt av pakkehaugen. Og pakkar blei delte ut, alt måtte gå sin gong slik jula skal.

Det var då gjesten som sat der ved bordet tok fram portemoneen sin, eg kan enno sjå for meg den brune slitte skinnpungen. Han opna pungen og lot det han hadde i renna ut på bordet. Til deg, sa han høgtideleg til meg. Og eg plukka lykkeleg opp dei brune kobbarmyntane. Ei lita barnehand full av eittøringar og toøringar. Knapt ein femøring. Men det var som den mest dyrebare skatt. Det er kanskje den gåva eg hugsar best av alle eg har fått. Det og stemninga i stova den kvelden, som eg då ikkje forsto så mykje av. Det sorgvakre.

Sidan har eg forstått at nokon nok sat heime venta på julaftangjesten og ikkje hadde det så kjekt, nokon bar sorga over han som hadde tutla seg bort ei julaftan og ikkje fann verken veg eller hugsa dag. Men for meg står denne julaftan i eit heilt eige lys. Det var noko så inderleg trist og så inderleg godt med det som skjedde. Juletreet med dei skinande lysa, pakkane under treet, og han som sat der ved bordet og tømde skinnpungen sin for eittøringar.

Det er noko sørgjeleg vakkert med det å skulle leva opp til så mykje forventingar som ei jul er. Det er noko djupt sårt i å skulle vera i så mykje lykke. Men det får så vera, jul er jul, og vi kan vera julegjestar hos kvarandre. Tøma ut til kvarandre det beste vi har, om det ikkje alltid varer til påske, så er det dyrebart der og då.

 

advent-tankar..

Advent, forventing, glede… No når alle lys skal tennast, alle kaker skal bakast, alle hus skal pyntast, og alle hjarte skal gleda seg, så er det viktig å vita at det ikkje er slik for alle. For somme er denne tida den tyngste i året. Det er ikkje alle som kan kjenna forventinga, som kan kjenna gleda. Denne tida er tvert om den tyngste, tida då savn blir endå sterkare, då einsemd kjennes endå vondare, då alle lys blir som spyd i hjarta som minner på det som ikkje blei. Det er tid for tungsinn, for sorg, for kulde i hjarte. Det å høyra alle dei kjende julesongane blir så vondt at å gå inn i eit handlesenter eller ein butikk blir noko ein gruar seg for.

Det er viktig å hugsa at livet ikkje er rettferdig, livet gir skarpe sår, og vi veit aldri kor tid vår tid er der, til å bli raspa i. Ja, vi skal gleda oss. Eg har alltid vore ein jule-elskar, eg har alltid gledd meg og pynta og planlagt. I år trur eg at eg vil gå saktare, vil vera meir var. Ei som hadde plass i livet mitt orka ikkje livet meir, det å gå mot jul forsterka mørket. Eg kjenner når eg tenkjer meg om fleire som gjerne skulle gjort som bjørnen, sove seg forbi jula. Det kan gjera oss meir vare å hugsa dette.

Ingen vil bli synast synd i, ingen likar veldedighet, ingen vil bli tatt seg av. Men det går an å gi av eit varmt hjarte, i respekt og verdighet. Det går an å ha varhet til å sjå den smerta som er der, og ikkje tru ein kan ta den bort, men vera nær i den. Det er dei små små tinga som gjer ein forskjell. Det er dei små øyblikka då ein tar seg tid som betyr noko. Den vesle helsinga. Og ingen av oss veit kven som ber eit mørke inni seg bak den vakre fasaden, det er ikkje utanpå det vises kven som svelgjer ned gråten gjennom dei julepynta gatene.

Eg ønskjer ei var adventtid, med opne hjarte for kvarandre.

 

julekontaktannonse…

Rart med denne førjulstida, ein blir liksom litt sentimental. Om ein trives aldri så godt i eige selskap, så verkar det som om “alle” har ein kjæraste å feira jul saman med. Ei einsleg sjel kan falla så djupt at ein vurderer ei kontaktannonse. Overskrift: “Nokon å klemma jula inn saman med”. Men kva meir skulle ein skriva i annonsen? Eg blei sitjande å tyggja på den tanken, diktar som eg er. Ville det slå an å skriva: “Kjedeleg dame som ikkje likar alkohol, som er lite festglad, som er både kveldstrøtt og morogntrøtt søker kjæraste. Er ei ufatteleg dårleg husmor, lagar kun lettmiddagar, gjerna oppvarma Fjordland, kan i periodar vera særs distre og i si eige verd, ikkje berre i minutt men timar og dagar. Er usedvanleg lite praktisk, bruker like gjerne kjevlet som hammar når bilde skal hengast opp. Taklampen kan stå uten lys i i vekesvis fordi ho gruer seg til å stå på ein stol for å skifta pære, høgredd som ho er, også på høgd 30 centimeter.”

Eg er redd få ville bita på min annonse. At eg er rimeleg snill, har humor og kan bake sjokoladekake hjelper vel ikkje særleg på. Heller ikkje er det vel noko pluss at eg ikkje alltid kler meg heilt A4, og at eg kan få latterkule på dei mest upassande stader og til dei mest umogele tidspunkt. Eg trives heime i stovekroken, men elskar å gå ut på kafe, og er veldig glad i mat andre lagar. Noko sylfide er eg heller ikkje. Og vil vel neppe bli, slankekurar eg har prøvd har alltid havarert. Eg er for glad i alt godt.

I grunnen har eg ikkje anna å skilta med enn at eg er einsleg kvinne litt over den beste alder, og at eg har livslyst. Men i grunnen trur eg at eg passar best aleine, så eg vil nok la den annonsen forbli eit innfall av adventstoskeskap. Det blir nok jul utan kjæreste også, og viss eg er heldig kan det jo dukka opp ein nisse eg kan gje eit kyss sånn i forbifarten.

julebord på sjukeheimen

Av og til kjenner ein seg ekstra priviligert. Eg har vore på julebord i dag. Det finaste julebord ein kan tenkja seg. På sjukeheimen. Der kom vi til det flottaste dekka bord, der blei vi møtt av tilsette i sine vakraste julebordkjolar, der kom dei frå avdelinga, ein og ein, med sine gåstolar, rullestolar og somme arm i arm med ein pårørande eller tilsett, alle oppdressa, pynta, og somme kom endåtil rett frå frisøren. Det var fest. Og vi, vi pårørande, blei vist til det pynta bordet, og der, saman med våre nære, fekk vi ei julebordoppleving som vil bli hugsa. Flotte snittar, og etterpå kaker som kunne rekka til fem avdelingar til, og alle heimelaga. Vi kunne berre forestilla oss alt arbeidet som var gjort i forkant, med å bera stolar og bord frå rundtomkring, dekka på, pynta, gjera det til fest. Og så den store adventkalenderen på veggen, der første sekk blei opna og gåve utdelt til den som blei trekt til denne datoen, – og med løfte om at det kom fleire dagar og fleire adventpresangar. Det var tilsette som ytte langt over det stillingsinstruksen seier. Tilsette som med varme og omsorg såg kvar av dei som var der.

Det er ikkje sjølvsagt at slikt blir ytt. Det er ikkje sjølvsagt at dei tilsette haler og drar stolar, pyntar bord, baker kaker, og endå har overskot og tid til å le og vera god mot dei dei har tilsyn med. Der sat vi ved bordet og blei servert, vi som skulle ha servert desse som tar seg så godt av våre. Der sat vi og fekk del i noko vakkert. Ein musikkterapeut som spelte opp til julesongar, ein av bebuarane som song for oss så det kom tårer i augo og varme i hjarta. Det var ei ro, ein fred, eit nærver der. Det var ei heilag stund. Honnør til desse som gir oss ei slik oppleving.

Eg trur ikkje eg treng fleire julebord i år. Og i alle fall kan ikkje noko overgå den opplevinga det var i dag, av ekte medmenneskeleg varme, lun humor, og det å få vera i lag slik, nett slik kvar einskild er. Utan all ferniss og all prestisje. Her var vi berre menneske saman som opplevde noko godt. Det skulle vore mange slike julebord!