Archive for November, 2016

annleisfolket…

Det fins nokon av oss, annleisfolket. Det fins ganske mange av oss, har eg forstått. Berre at vi gøymer oss så godt, kamuflerer oss så grundig. Men vi kan gjenkjenna kvarandre i blant, og det er sterkare enn noko når det skjer, vi har også eit folk vi høyrer til med. For i det daglege livet er vi ofte framande, i det daglege livet kan vi kjenna oss som om vi kjem frå ein annan klote. Vi ser folk rundt oss som tilsynelatande fiksar både det sosiale og livet. Mens vi, vi blir vippa ut av den minste ting, er tynnhuda og sårbare, – og det som for andre er bagatellar blir for oss store katastrofar. Vi annleisfolket, vi greier ikkje halda frå oss alle inntrykka og forhalda oss rasjonelt til dei. Vi har ein radar som tar inn alt på kilometers avstand. Alle inntrykk blir forsterka, alle miss-stemningar blir overveldande, også om vi sjølv ikkje er det minste involvert. Vi fangar opp røyksignal frå Afrika og kjenner det minste jordskjelv på den andre sida av kloten. Vi overreagerer, vi overdramatiserer, vi er overfølsomme, sukkar dei rundt oss. Vi annleisfolket kjenner oss ofte til bry, og kryp inn i oss sjølv for å beskytta oss. Men livet innhentar oss alltid.

Eg kan ikkje hugsa ei tid utan denne sårbarheten. Eg kan ikkje skulda på oppvekst, på hendingar i livet, på menneske eg har møtt. Eg er fødd slik. Alt som barn sensa eg alt som skjedde rundt meg, stemningar, situasjonar, folk som bar på ting. I sosiale samanhengar blei det overveldande. Eg bar ein klump i magen av uro. Eg kunne kjenna smerta til framande og oppfanga tause rop som ingen andre la merke til. Men eg visste ikkje kva eg skulle gjera med det. Eg opplevde meg som ein framand mellom mine nære. Dei såg ikkje det eg såg, opplevde ikkje det eg opplevde. Altså måtte det vera meg det var noko gale med. Eg var i venneflokkar, men oppfatta annleis, kjende annleis, og konkluderte med at det måtte vera noko feil på meg. Slik konkluderte også andre. Eg visste ikkje at vi var eit annleisfolk. Eit folk som var utstyrt med ei ekstra bør å bera, sårbarheten og varheten.

Eg blei forfattar. Eg fann ein kanal for min annleishet. Men framleis, no sekstifire år gammal, kan eg falla i grøfta å krypa saman i skam over å vera annleis når eg har vore saman med venner som eg synes fungert så mykje flottare i lag, som taklar kodane i det sosiale livet så mykje betre. Eg prøver å fornekta det eg ser og oppfattar, for eg vil ikkje det skal vera slik. Eg veit at gåva eg er fødd med, denne tyngda, denne mørke smerta, er ei gåve eg har fått å forvalta, men i blant er det vondt. Det er tungt. I blant skulle eg gjerne vore annleis. Men nei, eg får heller søka mitt folk, annleisfolket når eg treng bli minna på at det er heilt ok å vera den ein er. At vi annleisfolket mykje meir skulle bore gåva vår med stolthet og brukt gåva vår til å stå opp for dei rundt oss og brukt så mykje mindre tid og krefter på å stira på annleisheten vår. Og somme situasjonar som ein veit vil krevja for mykje kan ein vel snika seg unnna. Vi treng ikkje oppsøka det vi av erfaring veit ikkje er bra for oss.

Ver glad i den nasen du har, song Medaasen. Så får vi vera glad for den vi er. Mi smerte har fødd dikt. Mi smerte har ført til øyeblikk av den sterkaste glede. Mi smerte har kanskje ført til at eg har sett det ingen andre såg, og slik har kunna strekt fram ei hand. Eg er så glad for mangfaldet i livet, så eg får fryda meg over det også her.

 

 

allehelgensdag…

Det er Allehelgensdag i dag. Dagen for å minnast dei vi har mista. Og den som har levde ei stund vil på vegen ha mista nokon av dei som har vore nære. Og nokre tap er vondare enn andre. Men å mista er alltid ei smerte, enten ein har fått ta farvel og ser at døden er ei lise for den som har kjempa lenge nok, eller om ein brått har måtte gje slepp på nokon kjære. Ordet aldri meir er eit av dei aller vondeste. Aldri meir smilet, aldri meir få halda handa, aldri meir få dela ei glede eller ei sorg. Aldri få sjå kva tida vidare kunne gitt. Men Allehelgensdag er også ein dag for takk. Takk for alt ein har fått. Takk for alle dei gode stundene, takk for dei små øyeblikka ein kanskje ikkje såg før dei var borte. Latteren over dei ømme stundene, men også sårheten i det ein ikkje fekk sagt. Livet er så mangfoldig. Har så mange sider. Sorga har så mange ansikt.

Sorga kan vera øm og varm, ho kan vera skarp og vond, ho kan ha i seg både sinne og ein lettelse som vi knapt vågar vedgå. Ho kan liggja i oss med takk eller med sorg over det som aldri blei. Og sorg er noko svært einsamt. Noko ein må bera aleine, same kor mange som er rundt. Vi har ulike sorger, har ulike tap, og sorg kan aldri samanliknast. Sorga er personleg og ingen andre kan seia dei forstår, same kva dei sjølv har opplevd. For sorg er uforståeleg. Ho er som ei bølgje som kjem og så legg seg stille for å koma på nytt. Og bølgjene kan koma etter år og tid og kasta seg mot ein på nytt.

Eg mista mi bestemor då eg var ti år, eg var aleine med henne då ho fall om. Bestemor, mitt næraste menneske i livet. Det er over femti år sidan no, men den sorga vil vera med meg til mi siste stund. Eit tap eg aldri er kome over. Sidan har andre tap kome. Men dette første er enno eit ope sår. Så rart er livet. Kvart nytt tap opnar dette. No vil dei ta bort grava til bestemor, ho har fått si tilmålte tid på kyrjegarden. Så kaldt er samfunnet blitt, etter ei tilmålt tid får ikkje eingong steinen din vera att etter deg. No vil bestemor berre leva vidare i meg den tida eg har att. Og der vil ho vera til mi siste stund. Så sterkt kan eit menneske prega eit anna. Derfor døyr vi ikkje så lenge nokon som har vore glad i oss lever. Vi lever som ei varm glo i dei som har elska oss. Og dei vi har elska er med oss så lenge vi fins.