Archive for October, 2016

har vi tid…

Eg kom på sjukeheimen i dag, for å besøka mor mi, og havna i eit utruleg kosleg bursdagsbesøk. Ei av bebuarane fylte 95 år og det var dekka bord med kaker og kaffi. Og eg blei straks buden med. Der sat vi kring bordet, sju bebuarar, to tilsette og eg og dotter til jubilanten, og vi hadde tid. Då ei av bebuarane blei spurt om kor gammal ho var, sat ho lenge og såg framfor seg. “Eg må tenkja”, sa ho. Og det var tid og rom for å tenkja, og for at svaret ikkje kom. Ingen ting hasta. Vi sat det og åt ei stor og flott bløtkake, vi sat der og samtalen gjekk sakte og ikkje heilt samanhengande. Men det var ei feststund. Og det som sat i meg etterpå, det var nettop dette, det var tid. Tid til å ikkje heilt få kaka til å liggja på skeia, tid til å prøva på nytt og at det ikkje gjekk heilt greit då heller og slik var det berre, det var tid til å venta på å få svar på spørsmål og til kanskje ikkje få svar. Dei var ikkje så viktige eigentleg, alle desse detaljane, det viktige var fellesskapet. Han som klappa seg på magen og smilte stort då han blei spurt om han ville ha meir kake. Ho som plutseleg lurte på kor dei var på fest i dag? Og det blei humring då ei av dei tilsette fortalde om ei kvardagshending heimanfrå. Eit øyeblikk av gjenkjenning frå ei tid som var.

Eg gjekk heimover og tenkte på alle oss som hastar frå gjeremål til gjeremål. Har vi tid til å gå sakte i kvardagane våre? Går vi glipp av noko viktig? Har vi tid til desse små øyeblikka? Smilet som plutseleg kjem, det nøgde klappet på magen, tid til å vera saman utan prestisje og alt vi skal få til. Har vi tid til rett og slett å vera menneske saman. Berre vera til, og det er nok. Denne stunda på sjukeheimen i dag var dyrebar og vakker. Å få vera på ein slik fest, i det vesle fellesrommet, der to flotte tilsette gav meir enn det som kan forventast for at dette skulle bli ei høgtidsstund. Og det blei. Eg er takksam for å ha fått vera med.

Menneske som løftar…

Det fins menneske som løftar ein så ein går rik og sterk og glad vidare. Og så er det menneske ein krympar saman med og der sider i ein sjølv som ein ikkje er glad for kjem fram. Ein kan undrast over mekanismane som blir utløyste. Det viser så tydeleg korleis vi påverkar kvarandre i møta våre. Korleis ting i oss blir aktivert på godt og på vondt.

Kvifor krympar ein i møte med somme menneske? Dei kan vera så vennlege og hyggelege og likevel skjer det. Ein seier dumme ting ein ellers ikkje seier, ein blir vippa ut. Fotfestet vaklar. Det ligg noko i ein som blir trigga. Men er det meir? Kan den vennlege og høflege også utstråla noko anna? Noko som kroppen oppfattar meir enn tanken.

Ein må ikkje omgåast alle. Eg kjenner at eg ønskjer omgje meg med menneske som gjer meg godt. Menneske som løftar meg og lar meg få skina. Eg vil omgje meg med rause menneske med varme hjarte. Men korleis er eg sjølv? Løftar eg menneske rundt meg? Får eg dei til å skina og bli glade etter eit møte med meg? Korleis møter vi kvarandre? Er vi menneske som løftar?