Archive for September, 2016

regnbogen…

Eg er vakse opp med “alt med måte”. Sorga måtte vera med måte. Appetitten måtte vera med måte. Forventingane måtte vera med måte. Til og med gleda måtte vera med måte. Ein skulle ikkje bretta seg ut, verken i motgang eller medgang. Særleg i medgang. Det var viktig å framfor alt å ikkje tru ein var noko. Det galt å halda seg i bakgrunnen og vera mest mogeleg usynleg.

Eg prøvde. Du stor mi tid kor eg prøvde. Og alt eg gjekk glipp av mens eg prøvde. Ikkje skulle ein vera dramatisk og med store armslag, så eg batt livet mitt stramt. Ikkje skulle ein brusa ut med gleda si, det var skam. Eg kjende godt grensene, og dei var tronge. Og så utruleg vanskeleg det var å halda seg innanfor når livet brann og levde i ein, på godt og på vondt.

Ikkje meir. Nei, no vil eg ikkje knipa att lenger. No vil eg ikkje gå på stram line eller klippa av det som er. Eg vil sørgja når noko er vondt. Og endå meir vil eg visa gleda mi ope når det brusar i meg. Eg vil tåla å vera synleg, om det kan provosera somme. Eg vil tåla at det er dei som vil rista på hovudet og sukka over meg. Og dei som vil seia “kven trur ho at ho er”.

Eg lever. Og eg har berre denne tilmålte tida som er mi. Eg vil ikkje halda tilbake. Kva betyr det om nokon synes og meiner, ein dag er eg borte, og då skal eg ha levd den tida eg lever, med alle desse regnbogens fargar. Dagane skiftar. I dag er eg lykkeleg. Og eg vil ropa det høgt, fordi det er godt å få brusa ut det som boblar i ein. Morgondagen veit ein ingen ting om, men no, akkurat no er det godt å vera til.

glede på forhånd…

Eg las nett om hypokonderlegen som hadde begynt å ta gledene på forskudd, så fekk han i alle fall den gleda. Og jammen vil eg “stela” det prosjektet. For kor lett er det ikkje å grua seg, heilt bortkasta og i dei fleste tilfelle utan at det ein gruar seg slår til i det heile tatt. All tid og energi ein har kasta bort då. Nei, eg likte det om at dersom det ein gleder seg til ikkje slår til og blir suksess, så har ein alle fall hatt glede likevel, gleda i å gleda seg. Så genialt. Og sikkert vanskeleg. Eg er ikkje kome i gang enno, men eg skal verkeleg prøva.

I morgon skal eg på klassefest, jubileum etter 45 år. Så lett å tenkja, kva har vi eigentleg å snakka om etter 45 år? Har vi i det heile tatt noko felles lenger? Det blir sikkert langdrygt og kanskje finn eg ingen som har lyst til å snakka med meg. Nei, slike tankar skal bort. Her skal eg jammen gleda meg, til å sjå andlet som ein gong var ein del av kvardagen min, andlet eg var glad i, andlet eg ikkje var klar over betydde så mykje for meg men som eg no ser hadde betydning for den eg var og den eg blei. Kanskje kan vi gjenoppfriska øyeblikk i klasserommet, øyeblikk som har vore gløymte men no kjem fram igjen. Kanskje kan ein få takka for vennskap ein ikkje takka for den gongen då ein tok alt som sjølvsagt.

Eg gler meg til å berre vera der, i eit rom med dei som ein gong var ein del av livet mitt. Eg gler meg til kanskje å få ta del i små livsøyeblikk til dei andre, eg gler meg til god mat, og til kanskje ein dans viss eg er heldig. (Ei fortalde meg at det var menn i fleirtal). Kanskje ein liten flørt også, det smakar ikkje vondt det i min alder heller. Å du kor mykje det er å gle seg til, i dag og i morgon, og alle dagar. Og så har eg gleda no, når eg gler meg. Heilt gratis. Eg knabbar ideen frå hypokonderlegen og legg han til livsmottoa mine. Gleda meg på forhånd, så har eg garantert glede.

dyd å vera smålåten…

Nokon er så flinke med måtehald. Nokon greier å ta ein sjokoladebit og eitt kakestykke. Slik er ikkje eg. Tar eg ein bit, så vips er sjokoladeøskja tom. Tar eit eitt kakestykke så vips har eg tatt tre. Det er jammen bra eg ikkje likar alkohol. Det kunne blitt ille. Men ellers, på det gode livet byr meg, der er eg grådig. Og å vera grådig, det er skammeleg. Det lærte vi alt som små. Ikkje forsyn deg før du er buden, ver beskjeden og sei nei takk til meir sjølv om du har lyst på. Det er ein dyd å vera smålåten og prov på karakterstyrke å seia nei når alt i deg skrik ja.

Eg lærte aldri kunsten. Eg prøvde. Eg er altfor glad i alt godt. Eg er altfor livslysten. Eg hadde aldri nok med ein dans, eg ville dansa heile kvelden. Så har eg også måtta tåla å bli avvist. Som då eg i syden i fjor haust endeleg fann ein som dansa som ein gud, etter to dansar spurde eg med glitrane auger, får eg ein dans til. Nei, sa han. Det var det. Den grådige må rekna med smekk på fingeren.

I dag opna eg ei sjokoladeøskje eg hadde i skapet, skulle berre ta meg ein bit til kaffien. Vips, der var øskja tom. Og eg kvalm. Der kan du ha det så godt, kviskra nissen på skuldra mi, der ser du når du ikkje kjenner måten. Den som vil ha alt det han ser, han får grina når andre ler, sa far min. Eg vil ikkje ha alt det eg ser, eg vil ikkje ha fine hus og hytter og båtar og bilar, eg vil berre ha ein kjole eller fem, og ei god kake og ein deilig sjokolade. Og så litt til god kake og deilig sjokolade. Ja, så legg det seg på sidebeina. Og på magen, og på låra. Det er ikkje utan straff å vera glad i det søte.

Er det manglande karakter, eller er det manglande vilje som gjer at eg tillet meg alt det gode. At eg tillet meg sjokolade og kake og at eg elskar å dansa og elska og dikta. For det blir mange bøker av min mangel på måtehald. Det blir mykje latter av min manglande karakterstyrke. Det hadde heilt klart vore både sunnare og klokare å knipa igjen lystene sine og vera meir måtehalden, eg hadde sikkert levd lenger i landet. Men eg hadde hatt det mykje mindre gøy.

draumar…

Eg trur at draumar er viktige. Utan draumar kan vi lett visna og bli grå. Draumane er det som får oss til å gå inn i ein ny dag med forventing, draumane er det som får oss til å strekkja oss litt lenger. For det vedunderlege kan jo skje. Somme av oss fekk høyra som barn at hald opp med den drøyminga og grip tak i arbeidet. Men det går jo godt an å kombinera draum og arbeid. Det går godt an å ha føtene solid planta på jorda og i det kvardagen krev, og enno ha draumar. Og draumane treng ikkje vera store og utopiske for å vera glede. Av og til kan små draumar vera nok.

Eg hugsa då eg var ungjente og forelska. Det var nok å vakna kvar morgon og drøyma om at han den utvalde skulle sjå på meg og smila. Det skjedde vel aldri, men draumen løfta dagen min og gjorde at eg alltid hadde denne spenninga i meg. Livet hadde ein ekstra farge. Sidan kom andre draumar. Draumar om den boka som skulle slå gjennom og visa att i historia. Om ho aldri kom, nett den boka, så kom det mange andre mens eg drøymde. Drøym og arbeid. Drøym og gå for det som brenn i deg. For det er vel draumar som har ført til det meste av framgang gjennom historia. Ofte urealistiske draumar i andre sine auger, men der drøymaren ikkje har gitt slepp på draumen.

Store draumar, og små draumar. I dag har eg gått gjennom dagen med ein liten god draum, om den klemmen eg ikkje fekk i dagmorges. Som eg kunne fått. Frå ein som ikkje hadde tid. Men kanskje ein annan dag vil eg få den klemmen, eller ein annan klem. For som ein gammal venn av meg sa i si tid, klemmar er hjartemedisin. Ja, eg drøymer, og vedgår det ope. Eg drøymer små draumar, og i blant urealistiske store draumar. Men kven veit, for alt vedunderleg kan vel skje? Og så lenge eg drøymer, så lever eg!

samlivstapar…

Det har vore mange fine par som har blitt vist fram på facebook i sommar, på ulike turar, i ulike hagar, på ulike hytter eller i båtar, eller i fjerne land. To som har fått det til, å halda saman, utan at eg på nokon måte trur dei alle har sklidd lett gjennom livet og samlivet. Men dei har greidd det. Det er lett å kjenna seg litt annanrangs då, som ein av dei som ikkje fekk det til. Ein av dei som måtte kasta hansken inn og måtte gje tapt før målstreken. Og for min del, ikkje tapt berre ein gong, men to. Eg er rett og slett ein tapar på samlivsfronten. Slik er det.

Å ja, eg starta med draumar eg også. Eg starta med alle gode tankar om i gode og vonde dagar. Likevel er eg her, med to brotne ekteskap bak meg. Det er ikkje å koma frå at ein spør seg kvifor. Kva er feil på meg? Kvifor fekk eg det ikkje til? Kor var det det gjekk galt? Er eg rett og slett ikkje eigna til tosomhet? Og ein ser på dei som har fått det til, i alle fall å halda samen, og lurer på kvifor dei har greidd det ein sjøl ikkje greidde? Eg har hatt flotte menn. Ingen av dei har vore drikkfeldige eller valdelege eller særleg meir vanskeleg enn dei fleste. Så det må vel vera meg då?

Det er lett å tenkja aldri meir! Det er lett å tenkja at dette her med samliv er noko eg ikkje kan, og så å sky alt som menn er. Ikkje risikera fleire tap, halda seg langt unna. Men er det ikkje då fare for eit krympa og trongt hjarte? Kan ein kombinera det å vera ei open varm kvinne med å samstundes beskytta seg mot alle menn? Eg veit ikkje heilt. Eg veit berre at eg har eit stykke  veg å gå med å akseptera mine tap. Tåla leva med at eg ikkje fekk det til.

Så er eg ein samlivstapar då. Men enn så lenge nyt eg det gode liv aleine. Lyttar til musikk på radioen, strikkar og kjenner det er godt med ro og fred. Det er ikkje det verste som kan skje å halda fram med å ha det slik som no, om så for resten av tida som er att. Styra sine eigne dagar, si eiga tid og ikkje minst sine eigne pengar. Kjøpa så mange kjolar ein lystar utan at nokon treng meina det minste om det. Ein må berre tåla og sjå alle dei som får til det ein sjølv ikkje greidde. Og greia unna dei det, dei som har greid å bevara noko som gjer at dei blir,  gjennom gode og vonde dagar.