Archive for August, 2016

God nok!

Eg hugsar ei venninne fortalde at ein psykolog hadde sagt til henne at godt nok var godt nok. Alt trong ikkje vera perfekt eller hundre prosent. No har ikkje eg vore av dei som har hatt som mål å bli toppscorar eller nummer ein, men det har alltid lagt i meg at ein skal jobba mot å bli sitt beste. No har eg bestemt meg for at nestbest får vera godt nok. Visst har eg mine oppheng. Visst har eg mitt forbedringspotensiale på så mange område. Men er det nødvendig å slita seg ut med alt dette? Er eg ikkje god nok som eg er? Kan eg ikkje rett og slett leva godt med mine oppheng og mine svakhetar, så lenge det ikkje går ut over andre? Må eg bli flinkare og betre heile tida?

Eg er impulsiv. Eg er ivrig og blir så engasjert at dei rundt meg iblant blir sveiite. Men er ikkje det min styrke like mykje som ein svakhet? Eg kan gå ned i grublerier og setja meg i kroken for meg sjøl, men er det ikkje det det blir bøker av om det er irriterande for omverda? Eg kan kjøpa ein ny kjole på impuls endå skapet er fullt, men det er mine eigne pengar eg bruker, så kvifor skal eg skjemmast over det? Og så ler eg på dei feile plassar. Visst har eg mine sære sider. Men er det ikkje det som gjer meg til meg?

Er det så stas med desse perfekte? Desse glatte og blanke i pelsen, som aldri blir irriterande verken høgrøyste, overivrige eller impulsive. Desse som aldri ler for høgt, seier noko dumt eller gjer noko dei ikkje skulle. Kva i all verda er det som gjer at dette er idealet når det er dei andre det er kjekt å vera i lag med. Dei som er gode nok. Heilt uperfekte flotte levande og så utruleg gøyale. Det er slik eg ønskjer å vera. Uperfekt, levande, glad og trist og med mine oppheng og feil, frå no av.

Så lenge eg er snill, for det vil eg vera.

Skam å seia, slik er det…

Eg blir heilt svimmel eg, av alle desse spreke folka eg kjenner. Dei klatrar til toppar, dei seglar i kajakkar, dei vinkar frå vatn og fjell. Og eg, eg sit på verandaen min og strikkar. Roten frå ræva og ned, som han sa min eks eks (sidan eg har fleire). Men for tida har eg å skulda på, ein vond fot. Det blir verre etter operasjonen, kva skal eg skulda på då, for eg vil neppe bli sett sveittande og pesande opp dei tyngste bakkane. Eg vil neppe ta kanoturar rundtom i dei ulike vatn. Eg vil ikkje ein gong bli eit syklande lyn forbi husdørane. Eg er rett og slett av det sakte slaget. Skam og hengjande øyrer, men slik er det.

Ja, eg går tur med gutta boys, som heldigvis ikkje er av dei kjappaste eller er ute etter medalje for fortast gjennomført runde langs vatnet. Vi luntar av stad og kjeften går vel kjappare enn føtene. Men du kor kjekt det er. (No må foten min snart bli bra så eg kan vera med igjen). Eg er også flink til å gå rundt i butikkar og handlesenter, det kan kjapt gå nokre kilometer der når eg er på høgget. Hadde vore komen langt til fjells på dei stega eg tar der. Og eg går fram og tilbake til bussen, nokre meter her og nokre meter der skal ikkje kimsast av.

Nei, eg kan ikkje skryta på meg sportslege aktivitetar. Eg luska meg i all hemmelighet inn på datingsider på nettet, i tilfelle der skulle finnast ein eg kunne i alle fall nesten halda følgje med, men nei. Dei trenar tre fire gonger i veka, joggar, klatrar, svømmer og spelar fotball (for seniorar sjølvsagt, men likevel) alle som ein. Ikkje ein einaste skiltar med at han likar seg best på sofaen med ei god bok, at han har ein rund god mage å krypa inntil, eller at han trives best i bil når han skal til fjells eller sjøs. Berre sprekingar alle som ein. Mens eg… Ja, ja, det er no ein ting av det sportsleg eg likar, å dansa. Det hjelper vel litt.

Men eg er nok ei senke når det gjeld trim og fysisk aktivitet, eg går nok lett stort elende i møte i åra framover så makeleg som eg er. Ja, ja, eg får kosa meg slik eg kan best så lenge eg kan. Men det ser fint ut altså, på bilda, både fjellet og sjøen. Og om nokon har god tid så kan eg kanskje bli med eit stykke på veg, eg også. Berre så det er sagt. Har berre ikkje fått rette motivasjonen enno.

fredagstanke ved vindauga…

Eg har innsett, eg er heilt klart blitt for gammal. Eg synes ikkje det er hot med å visa rumpa på instagram, eg kastar ikkje lange blikk etter sexy kelnere i syden, eg slettar alle gode tilbod på E-post om lengre augnevipper og kremer som skal gjera huden min yngre og vakrare. Eg er rett og slett havna der at eg synes eit roleg greitt liv er heilt greitt. Eg synes menn som er litt å ta i er OK, eg ser meir etter eit varmt blikk enn etter sprettrumper. Eg hoppar og skrik ikkje på konsertar, eg nyt musikken og ergrer meg over dei som ikkje greier halda kjeft så andre får høyra. Så ja, er er nok blitt for gammal. Men eg bryr meg!

Er eg ei actionkvinne? Ja, det trur eg faktisk eg er. Eg står ikkje på nokon barrikade og knyter høgt heva nevar. Men eg engasjerer meg når eg oppdagar det eg synes er skeivt i samfunnet, eg marker mine haldningar, eg gjer lyd når eg opplever urettferd, eg brukar tid og midlar der eg ser det trengs. Men for meg er engasjement noko som må kombinerast med både ømhet og respekt og varhet. Eg kan ropa ut med stor styrke mine meiningar, men må også gje rom for andre å ropa ut det motsette. Eg kan kjempa med nebb og klør for det eg trur på, men må samstundes vita at andre har andre ståplassar og skilja mellom sak og person. Så er eg då actionkvinne, eller er eg blitt ei sidrumpa bestemor?

Eg har levd ei stund no, og gått nokon vegar og også sidevegar. Eg har sloss og eg har krope i hi og sleika sår, eg har vore ei løve og eg har vore ei redd mus. Eg har forsynt meg og eg har gitt frå meg. Og eg tar det alt med på min livskonto. Er det eit teikn på alderdom at eg no mest av alt vil det gode, at er er blitt mjuk og sentimental og trur at håpet for vår framtid er at vi møtes og ser kvarandre med all vår ulikskap, med alle våre ulike erfaringar og liv. At forankra verdier som respekt, solidaritet og menneskelighet må få liggja i botn for alle kampar vi vil og må kjempa.

Så er eg vel blitt for gammal, men så lenge eg enno pustar vil eg halda fast på det som er viktig for meg, og i stor audmjuk respekt prøva huga at livet har sine ulike fasar, at dei ulike aldrar har sine utfordringar og gåver, – at det er ei tid for sprettrumper ei tid for ei mjuk god mage, og at kvar må få gå sin eigen veg, og kanskje kan eg greia behalda nysgjerrigheten ei stund til over alt det som eg enno ikkje ser.

 

“Vi gir oss aldri”

For snart tjue år sidan fekk eg eit måleri av den kjende kunstnaren, og min venn, Olaf Storø. Eit bilde av to små menneske som klatrar oppover ei stupbratt fjellside. “Vi gir oss aldri”, heiter bilde. Dette bildet har eg hatt på veggen i alle år, og tittelen er blitt som eit mantra for meg: “Vi gir oss aldri”. Det kan vera bratt, det kan vera så tungt at ein kan kjenna at no orkar ein ikkje meir. Det kan blåsa og det kan vera så kaldt at ein berre vil gi opp. Men “vi gir oss aldri”. Dei to små menneska i det store bratte landskapet, dei held ut, dei bit seg fast, dei kavar seg vidare, om så sakte og med musesteg. Dei er på veg.

Vi gir oss aldri. I blant kan det vera freistande å leggja seg under dyna og flykta frå alt som krev. I små øyeblikk kan ein også velja dette. Men så er det opp igjen. Vidare med livet. For kan det ikkje også i denne bratte fjellsida vera øyeblikk der ein kjenner sigerssuset “eg greier det”. Kan det ikkje vera øyeblikk der ein stoggar og ser på utsikten, som er overveldande og rik. Kan det ikkje der i den bratte bakken vera at ein får gripa handa til medklatraren, og får kjenna fellesskapet.

Kor skal dei, desse to sta klatrande menneska? Skal dei til toppen? Vil dei nokon gong nå toppen? Og kva om dei er framme, kan dei greia nyta at det ikkje er meir kamp no, ikkje meir slit no, dei har nådd målet. Er det å klatra også noko som gir meining?

Det er mykje eit bilde på veggen kan snakka til ein, det kan få fram tankar, få fram refleksjonar. Eit bilde er aldri berre eit bilde. Men tittelen, den slepp eg ikkje frå meg. “Vi gir oss aldri”. Ikkje på tørre møkka om vi gir oss, om det kan vera aldri så strevsamt i blant.