Archive for July, 2016

den lettvinte måten…

Nokon av oss gjer det på den lettvinte måten. Eg har i dagesvis no beundra på facebook alle dei fylte bærspanna, alle dei stolte som viser fram sjølvplukk og sjølvsylta. Og så kjenner eg det gamle stikket i meg, det burde eg også gjort. Eg er ei dårleg husmor. Eg er eit lat og udugeleg damemenneske. Eller? Må alle lika å gå i skogen og plukka bær? Må alle stå og syngja og stolt laga sitt eige syltetøy. Er det ikkje slik at dei som gjer dette, gjer det fordi dei likar det? Fordi dei synes det er kjekt?

Eg har vore på torget i dag, og kjøpt ein boks med blåbær, som skal nytast med mjølk og sukker på. Og så kjøpte eg to glas med syltetøy, blåbærsyltetøy som enno var varmt. Og når eg no har smakt på det veit eg at eg skal kjøpa fleire glas i morgon. Ja visst er det dyrare enn i butikken, men tre nydelege innvandrarungdommar sto og selde. Og eg kjenner ein stor varme over deira stolthet over å ha plukka og sylta, og å kunna stå der og selja. Dei har ikkje berre sote på rævva og venta på å få alt i nevane. Dei har brukt timar i skogen med å plukka, dei har stått saman med mor kanskje ved komfyren og sylta. Og no står dei der og sel og tener eigne pengar. Og eg er så heldig at eg får kjøpa.

Nei, eg er ikkje lat. Eg er flittig nok med andre ting enn dei huslege. Vi treng ikkje alle gjera det same. Eg kan stolt leggja ut på facebook bøkene mine, og kakene og brøda eg baker, så får andre visa fram bæra og syltetøyet. Noko får vi få lov å gjera på den lettvinte måten. Nokon “låner” mine dikt når dei treng eit ord, så kjøper eg meg syltetøy. Så greit må det få lov å vera.

lovleg og ulovleg savn…

Eg er skild to gonger. Eg har sørgd to gonger. Ikkje sørg først over fremst over at det gjekk som det gjekk, men sørgd over mennesket i livet som mitt som ikkje var der lenger. Og eg har tålt at folk rundt meg har kunna seia med tyngd “Gløym han”, eller “Du får det mykje betre aleine”. Og dei trur på det dei seier når dei hevdar: “Du greier deg så godt aleine”. Og visst har dei rett. Eg greier meg godt aleine. Og eg hadde ikkje perfekte ekteskap, eg mista ikkje eit idealforhold. Men kven har det?

Uavhengig av om ein ønskjer det sjølv eller andre tar valet for ein, å ta farvel med sitt menneske i livet ved ei skilsmisse er i veldig mange sine liv vondt. “Han var ikkje noko for deg”, kan velmeinande venner trøysta. Men det ville dei aldri sagt etter eit dødsfall, uansett kor rett det kan vera. Den sorga er heilag. Den sorga blir verna om og handsama som noko skjørt og ekte, same kor dårleg ekteskapet har vore. Same kor mykje klage, sukk og einsemd der har vore. Sorga er freda.

Sjølvsagt misser somme sin kjære etter eit langt lykkeleg ekteskap, dei fins heldigvis som har det slik overvektig godt saman. Men like mange og kanskje fleire misser sin ektemake etter slitasje, avstand og kulde. Etter like mykje kulde og einsemd som kan liggja bak ei skilsmisse. Så kvifor skal ikkje den skilde få sørga like høgverdig som den med tap etter død? Kvifor blir ikkje den sorga tatt på alvor? Fordi den andre enno lever og er der og fins. Men han/ho er ikkje lenger det menneske den med tapet kan rekna med i tjukt og tynt, mennesket i livet. Den som har vore der, er der ikkje lenger.

Og så har ein i tillegg til den skjulte og nesten syndige sorga skamkjensla, ein fekk det ikkje til. Ein er tapar i kjærleikens spel. Ein nådde ikkje mål etter gode og vonde dagar. Kva med respekt for den skjulte sorga, kva om at den skilde får sleppa alle kommentarar om at det vil bli til lykke dette på sikt, – ville det bli sagt til ein som hadde mista sin make ved død? Ville det blitt sagt at ein skal vera glad for å vera kvitt den drittsekken? Det hjelper ikkje kor sant det er, det tar si tid å sleppa den som har vore den næraste, same kor lite nært det har vore.

på øverste hylle…

I dag har eg ein tenkedag. Ute pøsregnar det, sommaren går sakte men sikkert mot haust. Og ikkje berre sommaren fer fort, men hausten og året og åra fyk fort forbi dei også, så i dag tenkjer eg alvorleg på kva eg vil. Kva ønskje har eg, og då handlar det om heilt konkrete ønskje, ikkje desse faste om god helse fred på jorda og at alle mine har det godt. Kva ønskjer eg konkret for denne hausten, for året som ligg framom, og kanskje endå litt til også. Tør eg vera heilt konkret, heilt bånn ærlig med dei verkelege ønskja. Dei som er personlege og ikkje for verda og alle andre. Kva ønskjer eg i mitt liv?

Ver realistisk, har eg lært. Set ikkje lista for høgt, har eg høyrt. Ver nøktern og drøym med måte. Men i dag vil eg ikkje drøyma med måte. Eg vil drøyma dei store draumane, eg vil ønskja det både urealistiske og egoistiske. Eg vil sjå inn i framtida og fokusera på det eg heilt ærleg ønskjer, utover god helse og fred på jorda og at alle mine har det bra. Og eg står att med tre store ønskje, tre ønskje der lista ligg høgare enn eg kan hoppa, og eg vågar ønskja det hjartet mitt djupast sett begjærer. Så stort drøymer eg:

Ønskje 1: At eg må ha pengar nok til å kjøpa meg ein ny toroms leilighet nær buss og butikk. Der eg kan ha heim for den tida eg har att.

Ønskje 2: Ein kjæraste som kan elska meg slik eg er, med heile pakken, og vera stolt av meg, – og som eg kan elska tilbake. Ein å rekna med,

Øskje 3: Ei bok som slår gjennom og når langt ut til mange lesarar.

Eg stoggar der, og legg lista open. Så veit eg kva eg ønskjer meg på øverste hylle, men etter god helse, fred på jorda og at alle mine skal ha det godt altså. Er dette konkret nok tru, til at englane kan forstå det og koma seg i arbeid? Og eg må vel gjera litt sjølv også kanskje?

Så til slutt, eg vil jo gjerne bety noko for nokon andre også, det ligg i djupet i meg det :-) . Det går vel an å kombinera vel?

Ja, eg er tjukk!

Min føre detta mann (som det seiest i Sverige), han hadde det med å alltid vera svært så ærleg. Når eg sto framfor spegelen og sukka, “Er er visst ganske frodig”, så retta han straks på meg. “Du er tjukk”, sa han. Og når eg sto der og spurde han forsiktig, “Synes du eg ser veldig tjukk i denne kjolen”, sa svarte han nådelaust “Det er ikkje kjolen som gjer at du ser tjukk ut.” Det er ikkje akkurat behageleg å få høyra slike sanningar, men den som er så ærleg i slikt, han stoler ein også på i andre ting. Marilyn Monroe var frodig, med sine flotte former, eg er tjukk. Slik er det.

Eg antar at han som sa eg var tjukk, tenkte det kunne spora meg til å gjera noko med det. Slik gjekk det ikkje. Det kan rett og slett ikkje bety nok for meg å magrast, sidan eg ikkje går til aksjon. Eg likar mat. Eg trives med livet mitt slik det er. Eg synes heilt ærleg det passar til meg å vera slik eg er. I alle fall dei fleste dagane. Eg er berre fødd i feil tid. Eg måtte då ha vore ein draum for Ruben og Leonardo de Vinci og Vigeland også, så mykje kropp som eg har.

Ja, eg er tjukk. Det får så vera. Og så er eg heller ikkje ute etter ein mann med vaskebrettmage og som ser ut som om han ikkje har smakt mat eit heilt liv. Skal eg finna meg ein ny mann, må det vera ein som likar både mat og  andre livets gleder, som meg sjølv. Min føre dette mann har funne seg ei som verken er tjukk eller frodig. Mens eg, eg ventar no og ser om det dukkar opp ein som synes at jo meir det er å ta i, dess meir er det å vera glad i.

sommarregn…

Vi trøystar oss med når det regnar at jorda treng væte. Vi seier at vi slepp no i alle fall brannfare av for mykje tørke, vi blir ikkje utsett for farleg soling så vi kan svi oss og få hudkreft. Det er mange ting å gleda seg over ein regnvåt og grå sommar. Eg synes eg har det aller beste argumentet. Det er ikkje så ille å vera aleine ein sommardag når det er vått og surt. Ein slepp unna den glade latteren og grillukta frå nabolaget, ein slepp alle dei som går arm i arm og hand i hand og svinsar lettkledde og glade rundt når ein skal ein tur i butikken. I regnet skundar alle seg dei ærend dei må, romantikken må venta til ein er innanhuses.

På hutrige haustdagar kan ein hasta forbi og vera aleine utan at det gjer så mykje. Om vinteren kan ein pakka seg inn og vinka med votten. Våren er litt verre, men sommaren, då skal “alle” noko. Kor skal du, kva skal du, har du hytte kanskje, eller båt, eller i det minste ein bubil. Nei, ein har ikkje noko av det. Berre sitt eige selskap. Og å dra på tur aleine er verre enn å vera aleine heime. Vi trives så godt i eige selskap, seir vi og smiler og smiler. Eg har nok av ting å ta meg til, smiler vi. Men det er ingen å gå tur med, ingen å gå på kino med, ikkje eingong nokon å sjå ein dum TV-serie saman med.

Så regnet er fint det, for jorda og huden og for den som er aleine. Men snart kjem sola… Heilt sikkert. Då gjeld det å smila seg forbi alle med grillkos i hagen, forbi alle som går tett saman gjennom sentrum for å handla inn vin og reker til kveld i hagen eller i båten eller i si eiga stove. Då gjeld det å passa på å leggja ut på facebook kor fint ein har det heilt aleine i eige selskap, med vinglaset og rekene og jordbæra, og kom ikkje her og tru at ein ikkje har det så fint som berre det!

har sjølvrealisering ein pris…

Kva er prisen for å skulle realisera seg sjølv heile tida? Er ikkje prisen at det ikkje er inn lenger å stilla opp for kvarandre. For korleis skal vi orka jobb, alle timane på treningssenter, alle aktivitetane for familein, og så endåtil orka vera noko for nokon rundt oss? Korleis skal vi ha plass til andre når vi skal ha så mykje rom for oss sjølve? Vi skal henga med i rennet om å vera hot og inn og ha fått med oss det meste at kulturarrangement og tilbod ellers, vi skal laga hip mat, vi skal vera aktive og engasjerte. Er det plass nok til at vi kan sjå kvarandre i alt dette?

Vi skulle ha besøkt den gamle i familien, og vi skal nok rekka det ein dag tenkjer vi. Det kan henda den dagen vi rekk det er det for seint. Vi skulle ha stilt opp for den vennen som slit, men dagane blir borte for oss. Vi skulle ha hjelpt den naboen som er aleine, men kor tid skal vi nå det. Vi har jo så mykje sjølv vi skal ta oss av.

Eg las om kvinna som bestemte seg for å ta heim sin gamle far for å bu hos seg, han var blitt aleine og gjekk der og visna. Ho opplevde ramaskrik rundt seg. Du er ikkje klok, sa folk. Kva med ditt liv, sa folk. Slik er det blitt. Vi må ikkje ofra våre eigne liv for andre. Berre tullingar gjer slikt. Vi skal realisera oss sjølv, vi skal ta vare på vårt potensiale og utvikla det. Vi har eit helsevesen og ein velferdsstat som kan ta seg av ei dei som treng det.

Prisen i samfunnet vårt i dag, er den einsemd? Er den avstand mellom oss? Er den depresjon og frykt, der vi ikkje har nokon vi veit vil stilla opp for oss om det trengs? I katastrofar er vi der, i øyeblikka av direkte nød kan vi kjenna det brenn i oss at vi vil gjera noko, men det er øyeblikka. Om ei veke og to er vi vidare i vår eigen egotripp og vårt engasjement er over. Kor mange stayarar er det, kor mange som vil realisera seg sjølv med å bry seg om andre?

Det var berre ein tanke dette, ein søndag formiddag. Etter å ha lese eit avisinnlegg, om ei tullete dame som ikkje forsto sitt eige beste og valde ta seg av sin gamle far. Ein tanke berre, før eg durar vidare med mitt.

 

å vera hot…

Det er viktig å følgja med på kva som et “hot” las eg på nettet. For det er ikkje sikkert det som var “hot” for nokre år sidan er hot no. Nei vel, nei. Så då må ein vel orientera seg då, for å sørga for å vera “hot” nok. Eller må ein? Tenk om vi alle protesterte mot det å vera “hot” og var oss sjølve. Fann vår eigen stil, leita etter vår eigen smak, laga vår eigen private mote som held seg frå år til år. Kva om vi gjorde det til “hot”?

Eg var ute på byen i går kveld. Og eg var ikkje “hot”. Eg såg meg rundt der eg tumla meg inn, og alle gjekk kledde som om dei var stempla i same maskina. Svarte smale bukser, det var visst eit “must”, eller i alle fall smale bukser og høge hælar på damene. Og eg som kom i min velbrukte gulgrøne kjole. Woow, eg må ha sett ut som museumsgjenstand. Og det er eg vel også, såpass lenge er det sidan eg var på byen sist. Eg sat der og studerte “folket”. Og ja, dei var nok meir rutinerte på utelivet enn meg, både i klesdrakt og i oppførsel desse som sat der med glasa sine. Dei såg ganske “hotte” ut heile gjengen.

Er det slik at eg også gjerne vil vera “hot”? Vil eg vera ein som sklir umerkeleg inn? Tja. Vi har vel alle i oss eit behov for å høyra til, for å passa inn og vera god nok. Men kva med personlegdom? Kva med særpreg? Er ein rar viss ein skil seg ut? Kan ein bli innlemma viss ein har ein stil som er annleis? Må ein då finna seg andre annleise å vera saman med? Må ein i dag vera “hot” for å bli akseptert? Og krevs det at ein stadig følgjer med på trendar og stilartar for å henga med i det “hotte”? Stakkars dei som er unge i dag, om det er slik. I grunnen stakkars oss alle om vi bit på.

Jammen er det eit slit å leva når ein skal vera på høgda, passa inn, henga med og følgja trendane heile tida. Ikkje rart folk er for slitne til å berre stikka innom døra til kvarandre og ta ein kopp kaffi. Eller kaffi er vel ikkje “hot” lenger. Cappuccinoen er vel også gått ut av mote.  Best å halda seg trygt heime, for i si eiga stove kan ein slengja på seg nett kva ein vil. Ein kan drikka god gammaldags kaffi og til og med unna seg ein kakebit, berre ingen får vita at det er ei heilt kjedeleg formkake og ikkje cup-cakes. Eller er cup-kakene ute også no.

kan kunsten gjera ein skilnad?

Kan ein song gjera ein skilnad i verda, blei Ole Paus spurt. Kanskje det er det einaste som kan gjera ein skilnad, undrast han. Eg vil gjerne utvida, løfta fram kunsten i det heile. Kan det vera slik at kunsten, at musikken, poesien, litteraturen, billedkunsten, teateret, dansen, er håpet. At det er gjennom dette vi kan bli berørt i ei tid der så mykje svirrar rundt og så lite når inn, at det er gjennom kunsten vi kan erkjenna, forstå, få opna rom i oss. Er kunsten eit av dei viktigaste verktøya vi har i vår tid, til å berga oss som menneske og medmenneske?

Vi har fått så mykje fakta innover oss, vi har fått så mykje nød og skrik så nært at lite berører. Berre der vi sjølv personleg er ramma reagerer vi. Vi orkar ikkje forhalda oss til alt det som trengjer seg på oss. Vi sløvnar, vi vik unna, vi blir sjølvopptatte og late. Vi byggjer våre eigne små borger der vi låser oss inne med dei som er vår like. Ubehaget held vi frå oss, det som krev skuggar vi unna, så altfor mange av oss. Og det skjer så gradvis at vi ikkje merkar at vi blir kalde.

Så kjem musikken, smyg seg inn under alle hudlaga, gjer noko med oss. Så kjem poesien og litteraturen, røskar oss ut av svevnen. Så kjem dramatikken, dansen, opnar ei dør både ut og inn. Og billedkunsten, som berører og opnar både det mjuke og det sterke i oss. Dette som får oss til å få kontakt med det djupaste i oss, det sårbare, det empatiske, det som kan få oss til å vakna.

Kunsten er kanskje vårt håp. Er det han som kan gjera ein skilnad? Vera det som kan berga oss. Måtte han berre få eit stort rom, måtte han få gode vilkår, måtte vi berre ta godt vare på denne kanalen til forbli menneske.