Archive for April, 2016

e da så nøye då…

Truleg har eg gjort veldig dumme val i livet. Eg ser på venner og kjente som kan visa fram flotte hus, fine hagar, dyre bilar, og hytter og båtar. Og endå har dei råd til reiser og feriar til eksotiske spennande plassar. Mens eg sit her i min vesle leilighet med loppemarkedmøblar eller “arva”, eller utstyr kjøpt når det var ekstra billig på sal. Ingen bil, ingen båt, inga hytte, ikkje noko statusglans å visa til. Eg spinkar og sparar til mi eine sydenveke i året. Ja, eg har vel vore dum kanskje. Men angrar eg?

Eg har valt forfattaryrket, endå eg har utdanning til å kunna tena det tredoble eller kanskje endå meir, eg har skilt meg og ikkje grave til meg meir enn det eg absolutt måtte ha. Og eg angrar ikkje eingong, eg har nok. Og eg har det gode liv. Eg styrer dagane mine, eg blir lykkeleg kvar gong eg får noko til så det blir til litt ekstra eg kan unna meg, – eg manglar ingen ting av det eg treng. Jaja, ein snill mann skulle ikkje vera å forakta, men det er vel ikkje berre søtamjølk med det heller, seies det.

Eg har ikkje vore lur, eg har ikkje gjort dei smarte vala som kunne gje meg pengar i banken og status. Men e da så nøye då, eg har det godt. Eg stortrives i den vesle hula mi, eg trives med livet mitt og det eg har. Og eg nektar å skjemmast over at eg ikkje kan ta ein spontantur på week-end til London og Paris. Eller at eg ikkje kan hiva meg med på cruice, som alle seier eg så billig no. Eg har fjorden glitrande framfor meg. Og ein kopp kaffi på kafeen mens eg strekkjer ansiktet mot elva, det har eg råd til. Så jammen er eg rik. Og eg trur i grunnen eg er klok også, når eg no tenkjer etter.

bli slank mens du søv…

Eg såg annonsen på facebook. Bli slank mens du søv! Og eg måtte flira, for dette har eg sett før, og til og med prøvd. Kva har eg ikkje prøvd i min slankekarriere. Sov deg slank, eller Slumberslim, heitte det den gongen. Og oppskrifta var suveren. Eg skulle henga eit bilde av ei superslank dame på kjøleskapet, men ha bilde av mitt eige hovud oppå. Så ville eg kvar gong eg opna kjøleskapet bli minna på kor fin eg skulle bli. Og så, før eg sovna om kvelden skulle eg seia til meg sjølv ti gonger høgt: “eg vil bli slank” “eg vil bli slank” “eg vil bli slank”. Det skulle vera så idiotsikkert at eg fattar ikkje kvifor det ikkje virka. Eg tok ikkje av eit kilo, ikkje eit halvt ein gong. Så eg har stor skepsis til plasteret som no skal klistrast under føtene om natta så kiloane skal renna av mens ein søv.

Alt vi kvinner lar oss lura av. Og eg som litt i overkant rund har vore eit lett offer for alle gode slanketilbod. Slankepillar, slankepulver, slankeplaster, og ikkje minst slankesolane. Dei var eit scoop, for der galt det berre å gå tur med solane i skoa to timar kvar dag så skulle kiloane renna av. Kunne nok gjort same nytta å gå to timar utan solane og få same resultat. Men dette blei for strevsamt, så solane blei liggande saman med pulveret, pillane og plasteret inst i eit skåp. Det var lettløysingane eg helst ville ha. Men med tida har eg innsett at det berre er ein einaste kur som hjelper, det er å å eta mindre og bevega seg meir, så eg kan berre ønskja lykke til for dei som vil sova seg slanke.

Eit anna spørsmål er om det er så viktig å vera så slank. Så lenge det ikkje er helsefarleg kan vi vel framleis gjera gjeldande at di meir å ta i di meir å vera glad i. Og mjuke og gode, det er vi no, vi runde vel?

i somme øyeblikk…

Det er lett å vera storkjefta! Det er lett for singelkvinner å seia høgt “kva skal vi med ein mann?”. Og dei fleste av oss singeldamer greier oss godt sånn til kvardags. Men av og til, som no, tenkjer eg “skulle hatt ein snill mann”. Eg sit på buss-stasjonen i Bergen, har kome med tog over fjellet etter fagmøte i Oslo. Eg har rangla, eg er oppfylt med opplevingar og har hovudet fullt og er sliten etter den nesten åttetimarlange reisa. Kor godt skulle det ikkje vore å bli henta. Kor godt hadde det ikkje vore med ein mann, sjølvsagt med bil, som sto klar til å kjøra meg heim.

Slik kan ein tenkja, og senda lange blikk etter dei tilsynelatande heldige med menn som hentar og til og med overtar kofferten. Og her sit eg, med tre kvarters ventetid på buss og viten om at når bussen er framme har eg enno ein heil lang bakke å gå etterpå med sekk på ryggen. Takk og lov at eg ikkje tok trillekofferten. Nei, i slike øyeblikk skulle ein hatt ein mann. Ein mann som henta ein på toget.

Eg har i grunnen hatt ein slik mann. Eg har hatt to. Men når dei også henta andre damer på toget…. Eg seier ikkje meir. Så når eg tenkjer etter, så går det greit å venta på bussen. Det er god trim å gå bakken, særleg med sekk på ryggen og trass i regnver. Så pyttsann, høgt heng dei og sure er dei sa reven om rognebæra han ikkje fekk tak i. No kjem snart bussen.

vi vel sjølv i dag…

Det var slik då eg vaks opp, barn skulle vera stille snille og veloppdragne. Dei skulle sjåast men ikkje høyrast. Dei skulle teia når vaksne snakka og alltid ta minste eplet og minste kakestykket. Jenter skulle vera pene pyntelege og prydelege, gutane høflege og hjelpsame. Det var i steinalderen dette, men for mange av oss har det følgd oss gjennom livet. Ikkje minst skamma om vi ikkje følgde oppskrifta og tedde oss heilt som forventa. På søndagskulen sang vi “ver forsiktig vesle fot kor du går”, og “ver forsiktig vesle munn kva du seier”. Krevjande reglar å følgja etter kvart som ein vaks til og livslysten vakna. Krevjande foreskrifter når ein skulle ut i verda for å navigera seg fram etter evner og behov. Ver forsiktig, med å tru du får det til, med å satsa der du kan koma til å tapa, med å gå andre vegar enn dei andre syns du skulle gå.

Kor mange draumar ligg urealiserte att på vegen? Kor mykje unødig skam over dristige val? Kor mykje skjult depresjon for det ein aldri vågde forsyna seg med. Dei ville oss vel dei som gav oss levereglane, men i dag veit vi at i blant er det største kakestykket vårt. I blant er det dristige verd å prøva sjølv om det kan ha sin pris. Og skam kan trygt bytast ut med stolthet over å vera eit heilt og vakkert og uperfekt menneske. Nei, ikkje ver så altfor forsiktig, vesle fot. Ikkje ver så altfor redd for å snakka ut, vesle munn. Og no er det heilt lovleg å vera både synleg og bli høyrd. La oss gå for det!

Steinalderen ligg bak oss. Vi vel sjølv i dag!