Archive for March, 2016

Nettavhengig eg?

Nettavhengig eg? Slett ikkje! Eller… Ein heil påske utan nett-tilgong og eg har lært noko nytt om meg sjølv. Eg er hekta på nettet, og ikkje berre litt, eg blir dratt som av ein strikk mot nett-sjekk kvart femte minutt, eller er det kvart andre? Eg må berre sjekka, berre så vidt, heile tida. Og så har eg altså vore heilt og absolutt utan nett-tilgong i over ei veke. Først tenkte eg, dette har du godt av. Dette er ein fin måte å redusera ditt nettbruk på, få roa deg ned. Men etter to dagar, eller var det ein dag, så starta abstinensen. Ein begynnande desperasjon. Eg tok bussen til byn for å sjå om det var ope ein kafe med mulighet for nett-tilkopling. Men, det var altså påske, og stengt. Eg kasta meg over dama i kassen på coop og spurde om der ikkje var mulighet for wifi-tilkopling. Men nei. Eg gjekk til og med så langt at eg gjekk tur og sneik meg på trappene til naboane for å sjå om nokon hadde nett-tilgang utan passord. Så langt kan ein koma til å gå. Til slutt måtte eg berre resignera. Det var då eit liv før internett også, sa eg til meg sjølv. Men var det no det?

Eg har måtta vedgå det, eg er nett-avhengig! Men kom ikkje her og sei det til meg, ei venninna lo då eg ringte og klaga og ho var så frekk at ho sa at dette hadde eg berre godt av. Det har eg slett ikkje. No er påsken over, og enno kan det ta meg to veker å komma på nett, til dess vil eg truleg bu på dei to kafeane med nett-tilgang som eg i dag har tilbrakt fire timar på, så langt. Og enno vil eg vel sitja her eit par timar til, truleg til stengetid. Men nemn ikkje nettavhengig med eit ord, for eg som til vanleg er sindig og roleg, no glefser eit uhyre inni meg om nokon berre så vidt vil finna på å nemna at å vera utan internett er sunt og godt, og at tilgang ein gong for dagen innom ein kafe sjølvsagt må halda lenge.

Ikkje prøv deg! Eg sit her med det glefsande uhyret klart og kjem ikkje til å landa i harmoni igjen før eg kan sjå det grøne lyset på modemet og vera kopla på igjen. Kvart femte minutt om eg vil, eller kvart andre.

 

kims ikkje med magen min, takk!

Sat på nettet og sjekka nytt, og der fant eg reklame for bladet Henne sitt anti-age spesialmagasin. Store krigsoverskrifter: “Flat mage for alltid!”. Hæ, anti-age? Eg som er så stolt over å ha verkeleg fått bli 64 år, som enno får lov å vera her i livet med mi erfaring, med mitt levde liv, med mitt forråd av gleder og sorger. Skulle eg skjula at eg er så heldig? Er det ei skam å skilta med at ein er har oppnådd alder, at ein er ei som har fått lov å forsyna seg av livsgåvene, på godt og vondt. Og magen min, den store gode varme og mjuke magen min, skal eg skjemmast over den? Nei du store tid, skulle eg ikkje stolt strutta med den magen som har fått bore barn, som har følgd meg gjennom godt og vondt, – og er det ei skam at eg er ei som et? For mat er visst også skam i desse dagar.

Kva er det vi viser den kommande generasjon? At verdiar er å vera evig ung, i alle fall prøva å lata som om. At mat og magar er ei skam? Ein gong var det annleis. Vi kan gå til kunsthistorien og sjå dei frodige flotte damene som er avbilda der. Skamma dei seg av magane? Prøvde dei å skjula magane og posera i strategiske stillinga for å sjå mest mulig flate ut? Nei, dei strutta stolte. Og dei gamle kvinnene i Midtausten, for dei var ein stor mage status. Jo større mage, jo større klokskap og innsikt.

Kanskje er det det som gjer oss så tomme og overflatiske i våre dagar. Vi har for flate magar!!! Nei, Henne og alle andre blad, la oss få vera stolte over våre rynker, gråe hår, og magar. La oss få nyta god mat, og gjerne portvin også, som dei gamle damene i Agathe Krisite sine bøker. La oss få vera frodige og livsbejaande, og elska med magane fritt hengande, med bryst som ikkje går inn i B eller C-cup, la oss få vera stolte og flotte over størrelse 40 også.

Nei, ta ikkje frå meg magen min! Aldri i verda om eg vil halda magen inne når eg møter ein attraktiv mann. Eg vil leva som den eg er og elska og fryda meg over livet, ei godt vaksen kvinne, med mage og rynker, – eg seier som dama i Sverige som viste underklede på moteoppvisning, og ikkje var verken ung eller glatt: “Sjå, eg har englevenger” sa ho og viste det vi kallar grevinnearmar. “Og sjå volangane mine” sa ho og strauk over det som krølla seg rundt livet. La oss vera stolte kvinner som dei vi er! Flate magar og anti-age? Bull shit!

tankar ein fredagskveld…

Så har livet ført meg hit. Tilbake til mi barndoms bygd. Her eg tasla i hælane på bestemor i tunet med hønene frittgåande rundt. Her eg fekk sykkel til tiårsdagen og sykla stolt på Amandabutikken for å handla. Her eg gjorde meg ærend ut når Øyagutane sykla forbi til fotballtrening. Her eg som nykonfirmert gjekk til min første dansefest i Fjellheim. Her eg kom med i “klubben” og havna i det kristne ungdomsarbeidet. Her eg skreiv mine første dikt og blei gymnasiast på det nye gymnaset.

Sidan jobb, ekteskap, barn, bøker, og så skilsmisse, og vidare nytt ekteskap og flytting. Etter kvart også boka som gjorde venn til fiende. Og så no tilbake, med endå eit havarert ekteskap bak, med mange fleire bøker på samvitet, med mykje levd liv med.

Komen heim. Er det mogeleg å finna rom nok her for den eg i dag er? Alle tap, alle sidespor, alle sorger og også den sterke livslysten. Eg sit i den nye hula mi i den raude sofaen og tenkjer på han eg møtte i byen hin dagen. Flytta tilbake til Os? spurde han. Jammen er du modig.

Er eg det?

det vakraste…

Det hender øyeblikk stoggar og står der skinande. Eg var i Mariakyrkja i Bergen i går kveld, og fekk ta del i kvinnegudsteneste på kvinnedagen i den ærverdige vakre og historiske bygningen. Ei fullsett kyrkje, eit stort fellesskap, ord og tonar som løfta, – men det sterkaste for meg kom så uventa, så vakkert. Under nattverden kom ein mann ustø og snublande fram mot altaret, føtene var forkrøpla, huda og kledsbonad viste at han kom frå ein annan stad enn det norske og finkulturelle. Men han gjekk målretta framover om det gjekk sakte og ustøtt. Då trødde kyrkjetenaren fram, tok mannen varsamt i armen og leia han fram til altaret. Ho sto der med han og viste han korleis brødet blei dyppa i vinen (noko eg sjølv ikkje visste, lenge som det var sidan eg var med på noko slikt), og då mannen hadde fått brødet og vinen, følgde kyrkjetenaren mannen med kjærleg hand ned midtgangen, der han fekk støtta seg til henne mot bakerst i kyrkja der han sette seg og fann varme.

Då gudstenesta var slutt, sto to av kyrkjelyden sine kvinner ved utgangen med kollektbøssene, og ved sida av dei sto mannen med koppen sin. Han hadde fått brød og vin, no fekk han også slantar i koppen. Ingen viste han bort, ingen snakka han til rette, kjærleg blei han smilt til, kjærleg fekk han noko i si kollektskål han også. Hjelpa dei ute, hjelpa dei heime. Det trengs begge deler, seier vi, og her ved utgangen frå Mariakyrkja blei det vist i praksis.

Å sjå denne mannen stå der, å sjå han bli tatt imot, å sjå han få varme og tilhørighet, det var det sterkaste og vakraste denne dagen gav meg. For kva er det vi kan feira meir enn det å ta vare på kvarandre som menneske, her er ikkje mann eller kvinne, her er ikkje framand eller kjend. Vi er alle menneske med same verd, og det vi viser kvarandre viser kven vi sjølve er.