Archive for November, 2015

den verste tida i året…

No startar den verste tida i året for mange. Førjulstida, adventstida, gledestida. Alt skin i raudt og glitter og grønt og julesongane er det ikkje råd å berga seg unna om ein går inn i ein butikk eller eit handlesenter. Overalt ropar det ut, snart er det jul. Og jul er jo glede, er det ikkje. Barnet og krybba og hyrdane og englane og presanghaugane og du grøne glitrande tre. Alle hjarte skal gleda seg. Og så er det nok av dei som ikkje kjenner det slik. Det er ei tid for ekstra einsemd for den som er aleine, det er ei tid for ekstra bekymring for den som har lite å rutta med. Det er ei tid for savn for dei som har mista. I glitteret og dei tende lysa og den store gleda bur også den største sorga.

Ingen skal vera aleine julaftan, sa ei til meg i dag. Den dagen skal døra mi vera vidopen om nokon ikkje har nokon å vera saman med. Kor mange tenkjer slik? Kor mange ser seg om, og ser utover sin eigen nære krins? Kor mange kjøper den ekstra gåva til den som kanskje ikkje får så mykje? Kven stikk til gateseljaren eller tiggaren ei ekstra glede i denne tida, ikkje berre ein slant i julekrybba til ein stoverein frelsesarme.

Det er enno nokre veker til jul, det er enno tid til å sjå seg om, og å sjå med hjartet: er det nokon rundt meg som kunne trenga ei ekstra helsing i år? Ei ekstra open dør? Er det nokon nye landsmenn, nokon som har trødd feil på vegen og ikkje heilt har funnet fotefestet tilbake, er det nokon som ser glitrande og flotte ut utanpå, men som likevel ber ei uendeleg sorg i denne tida?

No skulle vi vera snille med kvarandre alle dagar, men når alle stader skiltar med glitter og song, så trengs det ekstra augo som ser, hender som opnar seg og hjarte som har raus plass. Denne tida er den verste tida i året for så mange, for kanskje mange fleire enn vi ser, og som vises utanpå. Det er kun menneskeleg varme som kan gje små friminutt frå den smerta mange ber.

kva anna har vi?

Det kan ha med alder å gjera. Eller med det å ha tid. Eller alt det som skjer rundt oss i verda no. Det kjem så mange tankar. Om kva det er å leva, og kva det er å vera eit menneske. Kva får somme til å fanatisk kasta seg inn i ein ideologi, og blindt bli verande i stengde mønster, at dei utan motforestillingar følgjer ei overtyding om at Gud seier, eller Allah seier eller lova seier. Korleis kan dei små viktige tinga i livet bli så heilt borte, i dette store altoverskuggande. Korleis kan eit liv bli så lite verd, når det er så mykje vakkert mellom oss. Kan den som brutalt tar liv ha sett inn i eit anna menneske sine augo, sett det sårbare og vakre, – kan den som vører eit liv så lite ha kjent den mjuke handa mot kinnet, blitt stroken ømt nedover nakken? Kan den som held livet så lite verd ha stått i ein soloppgang og kjent seg så uendelig liten og så uendeleg rik på ein gong? Og, bur det ein latent fanatikar i oss alle? Er det berre tilfeldighetar som har spart oss frå å gå inn i folden?

Bur det en lengt i så mange av oss etter noko større? Noko utover oss sjølve? Er det det som får oss til å søka gudar og englar og ideologier. Er det ein lengt etter å bety noko, stå i ein større samanheng, ha ei oppgåve, eller eit kall i livet? Vi treng ikkje gå ut i verda for å finna dei overtydde, dei er ganske så nær oss,  dei som er overtydde om at Guds klåre ord seier at seksuelt samliv kun skal skje mellom to av ulikt kjønn i eit inngått ekteskap, og at alt anna fører til mørkaste fortapinga. Vi har dei nær oss, dei som er overtydd om at livet vi lever no er berre eit av dei mange vi skal gjennom, og at kvart liv er ei prøving vi skal bestå. Dei er nær oss dei som trur at svara på livsgåtene kjem frå døde eller englar eller guidar. Så er det kanskje ikkje så framandt at nokon trur på Allah, at nokon trur seg i eit heilagt krosstog og har eit størrre oppdrag i livet. Det får berre så enorme konsekvensar.

Kva kan vi stilla opp mot idealisme, og mot overtydingar som ikkje er gode for menneska? Kan svaret vera at menneske møter menneske? At vi blir nære kvarandre og blir glade i kvarandre. Vi drep ikkje dei vi elskar, ikkje dei friske av oss. Vi drep ikkje dei som gjer godt mot oss, det store fleirtalet av oss. Hatet er mot dei framande, dei ukjende, dei andre. Så kanskje er det ein veg å gå å ikkje bli ein av dei andre, ikkje bli ein framand, kanskje vegen er å møtast, ikkje med harde ord, men med eit tekrus, ei eplekake, med omsorg, med varme. Slik den fanatiske bibeltru får andre tankar når hans eiga dotter kjem heim med sin jentekjæreste og ho viser at dette er rett for henne, slik kan vel også den fanatiske ideologen som vil sprengja seg sjølv og ta andre med i rennet få eit anna syn når hans redde nabo blir ei kjær bestemor med varme og godleik mot han.

Ikkje veit eg. Men krig trur eg ikkje på som svar på krig. Hat trur eg ikkje på som svar på hat. Så kva anna har vi enn å byggja relasjonar, la barn og unge få kjenna seg omslutta av varme og omsorg, la dei få vera viktige og ha betydning. La menneske få møta menneske, for der, djupt inne er vi vel mødre og fedre, søstre og brødre, barn og besteforeldre alle.

 

Godhetstyranniet…

Eg les i avisa i dag at godhetstyranniet rir Norge. Og eg som trudde det var egoismen og grådigheten som reid oss. Ja, ja, så ulikt kan ein sjå det. Eg er av dei enkle som høgaktar godheten. Som set det å vera god, raus og omtenksam øverst på lista av eigenskapar verd å verna om. Kva samfunn får vi om vi ikkje vil dela, ikkje vil inkludera, ikkje er viljug til å ofra litt av eigen velstand for dei som har mindre?

I dag er det “eg” som er i sentrum, ikkje “vi”. I dag er det her hos oss og dei vi reknar som våre som gjeld. I dag skal “eg” ha og ha, og mitt er mitt, og det er mitt potensiale som skal utviklast. Far min hadde eit ord for det meste, eitt av orda var “meg mitt og mine, skit i dei hine”.

Er godheten blitt ein trussel no? Er det å tenkja “vi” og kjenna medansvar for dei som er fødde på den same jord men ikkje på langt nær har vore så heldige som oss blitt ut. La godheten ri i Norge, tenkjer no eg. Vi vil bli eit så uendeleg mykje fattigare samfunn ellers.