Archive for October, 2015

Ååååå, fristelsar fristelsar fristelsar. Kom eg ikkje heim med ein ny kjole i dag også. Eg kunne ikkje gå frå DEN kjolen til halv pris, kunne eg vel? Eg har gjort avtale med meg sjølv, ein kjole inn, ein kjole ut. Men no er det ikkje ein einaste kjole igjen i skapet mitt som kan spasera ut. Eg likar dei alle. Og kven veit kva ein kan få bruk for, det kan jo vera ein skal ut ein dag då verken raud eller grøn eller gul eller blå passar. Då må ein jo ha den lilla i bakhand.

Eg står her og stirer inn i skapet mitt. Der er plass, for eg har arva eit dobbeltskap, slik at kjolane mine er spreidde over tre skap no. Det ser mindre ut då. Men eg vedgår at eg har eit oppheng på kjolar, eg stirer inn i skapet og veit at dette er min svakhet, dette er min lidenskap (i alle fall ein av dei). Eg seier til meg sjølv at det er mange som har ulike oppheng. Somme har skapet fullt av sko, og sjå mannfolka med fiskeutstyr og verktøy i kjellaren. Og damer med oppheng på pynteting i huset, og dei som stadig må mala om og bytta ut puter og gardiner. Det er vel ganske så uskuldig med kjolar vel?

Eg står her og overbeviser meg sjølv om at den nye kjolen var meg vel unt. Og så billig som han var. Og så i turkis som eg ikkje har frå før, men som eg har sko som matchar. Jau, dette var eit røvarkjøp og rein nødvendighet. Og så lyser han så godt opp i skapet mellom dei raude og lilla og cerise og grøne og gule og blå, og ikkje minst dei tre svarte. Visst trong eg nettop denne, for plutseleg kjem det ein turkis dag, og då hadde eg stått der utan om det ikkje var for dette nyinnkjøpet!

å vera seriøs…

Kva er det å vera seriøs? Er det å vera alvorleg, vera høgtideleg og ikkje skusla med smil i utide. Er det å knipa latteren igjen til passande anledningar og ellers vera opphøgd og utilnærmeleg? Er det eit stempel på seriøsitet å vera knipen og tilbakehalden og tilknappa? Vises det å vera seriøs ved å vera så konsentrert om heile tida skilta fag og at ein ikkje lar det vera den minste misstanke om at ein kanskje er litt glad og livsnytande? Eller er det vi meir dansande som har desse tankane? At vi bøyer oss litt for djupt for dei alvorlege?

Kva er det å vera seriøs? Eller for å seia det annleis, er det så viktig alltid å vera seriøs? Er ikkje det viktigaste å levera eit skikkeleg stykke arbeid same kva ein jobbar med. Er ikkje seriøsitet å vera påliteleg, grundig og trygg i si gjerning? Om det blir følgd av latter, spøk, dans og litt lause replikkar, skulle det gjera det ein presterer mindre?

Eg har høyrt på dei alvorlege, dei med stramme munnviker, dei med tunge blikk og sjølvhøgtydeleg framferd. Eg har latt meg imponera over kunnskapen, har kanskje lytta litt ekstra i ærbødig respekt. Men jammen er eg blitt tilført like mykje om ikkje meir frå dei som var levande uhøgtidelege rause varme og lettvindte. Er det ikkje på tide å løfta opp dansarane, og gje også dei plass på øverste hylle no?

kjenna på det som er…

Rart når ein har vore omgitt av så mange menneske, så mange impulsar, så mange opplevingar å koma heim til stilla. Til å vera i sitt eige rom igjen, der ein kan høyra sine eigne pulsslag, og der ein kan kjenna på tomrommet som er der, etter dei ein drog frå. Det er lett å kjenna seg bråeinsam, kjenna på savnet, lengselen, – det er då ein må snu flisa og kjenna på kor heldig ein er som har fått vore der. Som har fått fylla sine indre rom med nærhet og fellesskap. Kor heldig ein er som har nokon å reisa til, nokon å møta, nokon å som ønskjer å ha ein som gjest. Mykje vil ha meir, seier eit gammalt ord. Og vi vil vel helst ha alt og heile tida, mange av oss. Men det å kunna vera nøgd med det ein får, det å kunna takka for det ein har, den kunsten trur eg ein blir svært rik av.

Eg sit her i mi stove, og har ikkje tatt musikk på i kveld, eg lyttar til nokre ungdommar som ropar og ler ute på vegen, og eg vil kjenna på det som er. Vera i det som er, på godt og på sårt. Det er vel det som er å leva, å favna det alt, og så varma seg på gåvene livet gir. Og dessutan å laga seg gleder. Så no blir det te i uglekurset, ein liten sjokoladekjeks, og litt mimring over alt eg har fått med meg i minneboka frå ei innhaldsrik reise.

 

Det er livet…

Kva skjer når den du er glad i og høyrer til forelskar seg i ein annan? Eller når du sjølv forelskar deg i ein annan enn den som er din partnar? For slikt skjer. Slikt skjer oftare enn vi vil vera ved. Fasinasjon, tiltrekking, betatthet, begjær. Det er livet. Er det mogeleg å møta dette utan at det blir katastrofe? Er det mogeleg å ta eit steg til side og erkjenna at slik er det? Er det mogeleg å stå i dei såra kjenslene, kjenna på sinnet, frustrasjonen og frykten utan å la seg driva med. Går det an å leggja seg på veret og venta og sjå?

Ei forelsking er på sitt høgste dei første to tre månadane. I den perioden tar fornuften ofte fri, det er då ein rasar ned i vekt, har uendeleg med energi, er besett av den personen som har fanga interessa til ein. Kan den andre greia å venta og sjå kva som vidare skjer? Kan den andre greia stå roleg, same kor vondt det er, og venta og sjå? Kan ein sjølv sjå i augo det som skjer med ein og vita at no er eg fanga av krefter som er sterkare enn livet, men som eg endå kan styra.

Dei fleste fortel ikkje sin make om når dette skjer. Dei skjuler det så godt dei kan, lever sitt hemmelege liv. Difor kan to som lever saman eit heilt liv bera på slike løyndommar begge to, om tida då dei nær flagga ut. Men dei blei. Kanskje mange fleire kunne blitt eller fått bli om vi snakka meir ærleg om at ting skjer i livet, det ideelle, det  blanke og upletta er ofte ei løgn. Noko vi vil, noko vi held fast på mot bedre vitande. Livet er ikkje ein rett veg.

Kan vi tåla at vi er menneske, at vi i blant mister kontrollen, at vi iblant lar oss rusa av dei “ulovlege” kjensler, og kan vi tåla at den vi er glad i også er eit menneske med eit heilt spenn av det som høyrer menneskelivet til. Kan vi tåla å venta på kvarandre og gje rom til å landa igjen? Kan vi tåla å erkjenna at vi har vore der, i dette landskapet, så mange av oss?

Å vera sunn…

Det er inn å vera sunn. Sunn, mager, med sixpackmage og sprettrumpe. Vi skal eta magert og grønt, og for all del passa oss for sukker. Då skal vi i følge dei kulørte vekeblada og dei litt mindre kulørte avisene få eit godt liv. Sper vi på med litt sjølvhjelpsbøker og ein dose helsekost, så skulle alt vera i boks. Men er det så sikkert at dette er det viktigaste for helsa vår?

Eg vil slå eit slag for det eg opplever som det aller sunnaste, nemleg kunsten. Vi kan berre sjå på den vesle som nettop har greidd å stå på føtene sine, set på musikk og han dansar rundt i full fryd. Og barnet som får boltra seg med malerfargar, sjå gleda. Eller engasjementet over Hakkebakkeskogen og spenninga over Kaptein Sabeltann. Og det å bli oppglødd over slike øyeblikk i livet, gjeld ikkje berre barn. Det gjer noko med oss alle.

Kva gjer ikkje musikken med oss. Kan vi tenkja oss eit liv utan? Eller ho som går ut frå biblioteket med famna full av bøker, forventinga og lyset i augo. Eller han som fell i stavar over ein statue han snublar over, eller bilda som heng på veggen og som vi ikkje greier sleppa med blikket. Dansen der vi kan flyta med i draumen. Eller teaterstykket som rører ved det inste i oss og opnar rom i oss. Og diktet…

Kven var vi utan kunsten? Kven blei vi som menneske utan denne dimensjonen? Kor tid skal det bli sanning at av alt det sunne er kunsten den aller sunnaste. Viss eg var helseguru ville eg sagt: vil du vera sunn, så sørg for å få ei kunstoppleving for dagen!