Archive for September, 2015

Draumane…

Det blir snakka så mykje om her og no. Eg vil slå eit slag for draumane. Ikkje som flukt, men for å sitera det gamle diktet, henga ei stjerne over vogna si. Noko å strekkja seg mot, noko å ha som rettesnor. Her og no er det vi opplever, erfarer, og kan vera tilstades i, men i blant kan det vera ganske så traurigt det som er, ganske så stilleståande og ganske så krevjande. Så ikkje kims av draumar, eller håpet om det som ventar. Og som mi dotter så klokt sa til meg sist vi møttest, ver varsam med kva du ønskjer deg, mamma, det kan henda du får det.

Skal vi gå framover, så må vi sjå noko der framom å gå mot. Skal vi erfara nye sider av livet, må vi søka dei. Skal vi veksa som menneske, er det klokt å kjenna sine ønskje og behov. Det er draumane som ofte baner veg framover. Det er draumane som ofte er drivkrafta til å gå vidare. Det er gjennom draumane vi kan finna at noko kan venta der framom, noko vakkert, noko nytt, noko verd å søka.

Di meir konkrete draumane er, di betre vegvisar har vi på kor vi skal gå vidare. Di meir vi kjenner draumane våre, di meir kan vi søka å nå dei. Ver varsam med kva du ønskjer deg… Ønsk ikkje om for lite, la ikkje vera å ønskja fordi det verkar urealistisk at dine draumar kan bli noko av. Ønsk stort, drøym stort. Og nyt vegen, i det her og no som er første steget dit vi vil.

går det an å ta friminutt?

Går det an å ta friminutt frå alt vondt i verda? Går det an å skru av tv, krypa opp i sofakroken med strikketøy og fin musikk utan å ha dårleg samvit? Går det an å ikkje orka alle dei grusomme bilda, alle dei fæle kommentarane, all nød, all smerte, alle rop og all styggeskap? Går det an å ta seg litt fri og endå kjenna seg som eit anstendig menneske? Eller, kan ein forbli eit anstendig menneske utan friminutt?

Det er så ufatteleg grusomt det som skjer rundt oss i denne verda no, flyktningekatrofen, krigsområde, hat, terror, nød på nød. Alt dette som ikkje er til å halda ut å vita om. Alt dette som berre må få oss til å handla. Men kor lenge og kor mykje kan vi orka om vi ikkje også fyller på våre eigne liv? Eg ser alle eldsjelene, og eg heiar på alle desse som orkar stå i bredda for hjelpearbeidet, og dei som gir av si tid og sine krefter – og eg håper dei tar seg friminutt, eg håper dei tar seg stunder på krogen med øl eller vin (eg som ikkje drikk), i godt selskap der dei får le og flørta og dansa. For slike øyeblikk, øyeblikk der alt vondt blir lagt til side ei stund, må til skal ein halda ut og halda fram den gode gjerningen.

For vi må halda ut, vi må ikkje igjen sovna, vi må ikkje tåla at andre lir den mest grusomme nød utan å reagera. Vi må ikkje gå trøytte. Så ja, la oss også ta friminutt. La oss la humla susa sånn innimellom, la oss gå ein lang tur og sjå på den fine hausten, la oss laga ostekake og eta saman med ein venn, la oss unna oss musikk og strikketøy. Ikkje for at vi skal gløyma det fæle, men for å orka halda fram å hugsa.

i kveld er eg prinsesse…

Eg har blitt kalla ein del ting gjennom livet. Mamma, bestemor, Bentemor, snuppelure, storesøster, fantejente, drittsekk også, av ein som var skikkeleg irritert på meg. Men no har eg fått tittelen prinsesse! Du og du! Det var ei nabodame som sa så, og ho sa det ikkje for å vera snill. Ho var skikkeleg olm, på alt og alle, og særleg nabolaget der ho syntes ho var blitt svært dårleg behandla. Det hadde aldri skjedd deg, sa surt til meg, du som er nabolagets prinsesse.

Der sto eg, eg som lever av ord var ordlaus. Nabolagets prinsesse? Skulle eg ta det som eit utslag av stor frustrasjon, og kanskje også av misunnelse, eller som eit uventa strålande komplemang? Eg valde det siste. Når noko fint blir sagt om ein, så treng ein vel ikkje gjera det lite. Når ho sa det slik, så kunne vel eg ta imot det. Prinsesse? Gode ord skal ein suga på som drops så dei varer lenge.

Til lags åt alle kan ingen gjera, det er no gamalt og vil så vera. Nokon gleder ein, nokon irriterer ein. Nokon opplever ein slektskap med, andre provoserer ein. I all menneskeleg kontakt er det både å gi og få, å forstå og bli forstått. Og i nabolaget her som andre stader er det alle slag av oss. Eg har ikkje tenkt å seia unnskyld for at ein nabo opplever meg som prinsesse, om det så er som prinsessa på erta. Det er første gongen i livet mitt eg er blitt kalla prinsesse, så eg tillet meg å vera prinsesse i kveld. Eg står på verandaen min og ser opp på stjernene og smiler.