Enkelte dagar er tenkedagar. For meg er togreiser tenketid. Eg reiser frå aust til vest og frå vest til aust, og så over grensa til naboland. Kvar plass har eg heim og kvar plass rommar sitt. Men å vera nomade på dette viset gjer at ein lett kan kjenna seg rotlaus. Kven er eg, og er eg den same uansett kor eg er? Kor mykje blir vi prega av det som er rundt oss? Korleis speglar menneska oss, dei vi omgir oss med? Kjem det beste i oss lettare fram einskilde stader mens det verste blir trigga ein annan stad? Korleis vera heil og trygg same kor ein er?

Det handlar vel om å våga sjå seg sjølv, våga kjenna på kva ulike stader, miljø og menneske gjer med ein. Og våga velja det som gjer ein til den beste ein kan vera? Å ta dei val som gjer ein best funksjonell til å fylla den oppgåva ein har i livet. For vi er vel ikkje her for å susa bort dagane til ingen ting?

Eg har reist med tog i dag. Sett landskap fly forbi. Og prøvd kjenna etter kven eg er, kva val eg har tatt i livet, konsekvensane av dei, og kor eg er i dag. Kven vil eg vera? Kven kan eg vera for å yta mitt beste? Svaret kan ikkje plukkast, men eg kan halda fram med prøva vera ærleg med meg sjølv. Gå den vegen som er min, og stå i det om andre synes eg skulle gjort ting annleis.