Archive for May, 2015

eg elskar jobben min…

Eg veit eg er av dei heldige. Eg elskar jobben min. Aldri er pulsen så sterk og varm som når eg sit der og skriv. For meg er dette lykke. Men som all lykke har også denne sine smertespunkt. Som når orda berører det skjøraste, naknaste. Det kjennes. Men så er det fryden dei andre stundene, når noko opnar seg, når det er som om no, no… Om det i etterkant kjem blåmandag, så er dette min beste rus. (kanskje også min einaste :-)

Andre kan synast eg lever livet mitt på verandaen eller på kafear. Det er friminutta mine det. Det er pustepausane. For det meste skriv eg, langt over arbeidstilsynet si øvre grense for arbeidstimar for veka. Eg rett og slett greier ikkje stogga. Eg må berre skriva litt til, og litt til, og litt til. Så er det også blitt atten bøker dei siste fire åra.

Når andre snakkar om at dei gler seg til å bli pensjonistar, så kjenner eg jubelen over at det ikkje finnes øvre aldergrense i min jobb. Det eg fryktar er at orda skal bli borte, at kjelda skal turka ut. Men det er her og no eg lever, og enno fløymer det. Så eg skriv trøstig vidare, takksam og audmjuk. Ja, eg elskar jobben min.

mandagsmenneske…

Det må vera lov å ikkje lika heilagdagar! Det må vera lov å seia det høgt også. Eg trivs best i kvardagane. Eg tok til meg Frode Grytten sine ord på TV 17. mai: “Eg er eit mandagsmenneske”. Når det er helg og høgtid mobiliserer eg. Finn på ting for å lura meg sjølv, så eg kan tru alt er heilt greit. Men så snart nokon seier god påske eller god pinse, eller god 17. mai for den saks skuld, så kjem tungsinnet og nappar i meg. Eg har aldri vore eit søndagsmenneske, eller eit festmenneske.

Eg har ikkje tenkt å analysera meg sjølv, leita etter grunnar til at det er slik, og grava meg ned i kva og kvifor. Eg aksepterer at det er slik. Eg er eit mandagsmenneske, (takk til Grytten), og eg vil gje meg sjølv lov til å vera det, og halda fram med å finna på ting når høgtidene kjem, om ikkje for å lura meg sjølv, så for å minna meg på at eg likevel har det ganske så OK. Så vil eg la dei som nyt dei etterlengta fridagane etter travle arbeidsveker få nyta i fred, og unna dei det.

Eg er no fødd med gullhår i ræva uansett!