Archive for March, 2015

påske, verste tida på året…

Så er det påske igjen, og “alle” skal på hytta eller samla familien rundt påskepynta bord, eller gå i fjellet eller ha festleg bypåske. Det florerer av skrytebilde på nettet, leande ansikt, fellesskap, ski og raudvinsglas og “alle” har det så utruleg kjekt. Nei, slik er det ikkje. Påsken er for mange den verste tida på året, den mest einsame, den tristaste. I jula tenkjer folk på kvarandre, ingen skal liksom sitja aleine i jula, då lagast det til og inviterast. Men påska?

Det er så ufatteleg mange dagar i påsken. Snakk om langfredag og lidingsveke, nett slik er det for mange fleire enn ein skulle tru. Ikkje alle har familie rundt seg, ikkje alle har venner som hugsar at ein fins midt i all påskestasen, og ingen ropar ut skamma si at ein er aleine. Visst går det an å laga påske for ein også, ein kan fylla rødvinsglaset, laga seg pizza, leggja ut bilde på nettet av sin einsame fjelltur. Ja, vi skjuler vår smerte så godt vi kan. Og prøver gjera det beste ut av det. Visst fins dei som trives aleine. Men mange ønskjer det var annleis, særleg desse dagane.

Ikkje alle “lykkelege” familiar og “lykkelege” hytteferiarar er så lykkelge når det kjem til stykket, men på bilda ser det så utruleg fint ut alt, så fint at ein kan grina. Så kanskje det går an i påsken å ikkje berre visa praktsida av livet, ikkje skilta og skryta uhemma kor flott ein har det. Heller vera ørlite var overfor det at ikkje alle har verken hytte eller råd til storbyreise, at det å vera aleine er ekstra tungt akkurat desse dagane, dei verste i året!

 

trolla i magen…

Skulle eg ikkje snart vera vaksen nok til å erkjenna mine svakhetar og stå for dei? Skulle eg ikkje snart tillata meg å ikkje alltid vera så forbaska forståelsesfull og positiv. Skulle eg ikkje snart slutta med å stengja alle dei såre, vonde kjenslene inne i magen?

I dag er eg såra. I dag er eg patetisk sjølvopptatt. Eg bryr meg rett og slett ikkje om flykatastrofen og all nøden i verda. Eg er fokusert på min eigen navle. Er det nokon som ikkje likar meg? Framstår eg som useriøs og ikkje dyktig nok? Kvifor ville ikkje komiteen ha meg til vervet eg var foreslått til? Er dei andre så mykje dyktigare enn meg? Er det noko med meg?

Visst er det noko med meg. Det er noko med oss alle. Og kvifor heftar det meg om folk ikkje likar meg? Eg har strevd altfor mykje med å lika alle, med å finna det positive, med å forstå og innretta meg. I dag vil eg ta fri. Eg vil sleppa fram alle trolla i magen. I dag vil eg la meg sjølv kjenna det eg kjenner. Og det er stygt! Eg fantaserar grusomme ting. Eg badar i dritt.

Det går nok over, men i dag er eg her og luftar trolla i magen. Det verste er at det kjennes forbaska godt!!!

Få lov å vera annleis…

Eg var eit “utanforbarn” då eg vaks opp. Hadde det den gongen funnest ppt og denslags hadde dei heilt sikkert blitt kobla inn. Eg var ikkje sosial. Eg var ein drøymar, og ein observatør. Eg brydde meg ikkje om leiken til dei andre, var eg med var det for å vera grei. Eg likte å stå i friminutta og sjå og laga indre historiar. Å kor eg dikta. Og ikkje eit sekund kan eg hugsa at eg kjende meg utanfor eller utestengd eller aleine. Skulle eg ha vore tvinga inn i “normalen”? Skulle lærarane ha puffa på meg og påtvunge meg å vera meir som dei andre?

Eg hadde ein lærar som lot meg drøyma. Eg hadde ein lærar som viste respekt for min annleisheit. Ein lærar som gret då han las høgt stilane mine og som aldri lot meg kjenna meg liten. Tvert om. Han gav meg vekstrom. Eg hadde behov for ein litt annan veg, og eg fekk det.

Eg veit at mange barn blir haldne utanfor. At mange lir av å ikkje vera ein i flokken. Og desse må bli sett og få sin plass. Men det kan enno finnast i barneflokkane drøymarar, outsidarar som har ein annan veg dei treng gå. Som treng å få drøyma, som treng få vera observatørar utan å bli tvinga inn i flokken. Som har ei stor indre verd som dei skal ta vare på.

Eg er så takksam for at ingen sosialiserte meg og aktiviserte meg inn der eg likevel aldri ville passa inn. Eg er takksam for at det den gongen var lov å vera ein outsidar, det var lov å stå aleine i skulegarden og drøyma. Det var lov å heller villa teikna enn å spela ball og hoppa strikk. Det var lov å vera annleis. For somme av oss er annleis, same kor mange instansar som er der for å tilpassa oss. La oss få glitra fram i det som er oss.