Archive for February, 2015

i desse fifthy shades tider…

I desse firthy shades tider, vil eg berre vera kjapt ute og seia, eg vil ikkje bli slått, eg vil ikkje bli piska, eg vil ikkje bli hengt opp i taket etter snorer, eg vil ikkje bli påsett klyper både her og der. Eg seier nei takk til heile stasen, eg er rett og slett så kjedeleg at eg vil bli elska på god gammaldags vis. Kva andre vel til glede og sorg blandar eg meg ikkje i, men eg vil gjerne slå eit slag for oss som ønskjer det varme, nære og sakte og ømme. For oss som ikkje er så tidsriktige og hippe at vi må låsast fri frå gledene, men som kan nyta på frihand.

Ja, eg har lese bøkene om fifthy shades. Alle tre, og blei lite pirra. Og eg nektar å ta det på min høge alder eller på mine fordommar. Eg er ikkje ny og fersk i verda og ikkje heilt uerfaren heller. Kanskje nettop difor. Prøv alt og hald fast på det beste, står det i Bibelen, men eg trur eg står over å prøva alt, eg held heller fast på det eg har erfart er godt.

Kva vil eg med dette innlegget? Kasta meg i debatten? Nei, eg kjem med ei ganske så enkel frimodig ytring. Vil gjerne hausa opp den gamle gode kvardagslege kjærleiken. For somme av oss er det meir enn greit nok. Og neimen om vi skal skjemmast over det. Så får taubransen venta på sitt oppsving og politiet stå klar til å låsa fri dei som har låst seg for fast. Eg set på litt musikk og dansar tango.

den vesle apekatten…

Det var ein gong ein liten apekatt som elska å kasta bæsj. Kvar dag gjekk han rundt og plukka opp bæsj. Han leita bak buskar, han leita i kratt og i grøfter. Over alt var det bæsj å finna, og han sanka med alt han kunne finna. Den vesle apekatten fylte opp i sekken, og når han syntes han hadde nok, gjorde han seg klar til yndlingshobbyen sin. Han fann seg ein fin plass der alle kunne sjå han, og så skoda han rundt seg etter eit offer å kasta bæsjen på. Og jammen var det stadig nokon å finna.

Lettast var det å ta dei svakaste. Ein skadd rev som hinka seg forbi, eller ein skadd liten hare. Dei kom seg ikkje unna så fort og sto der berre og tok imot bæsjen. Men aller kjekkast syntes den vesle apekatten det var å kasta bæsj på nokon som hadde vore heldige. For å vera heldige, det syntes ikkje den vesle apekatten nokon hadde lov til. At hell og hardt arbeid ofte hang saman, det tenkte han ikkje på. Så når ekornet kom forbi berande på alle nøttene det hadde sanka saman med mykje arbeid og møye, då var den vesle apekatten klar. Klæsj, der kasta han ein saftig bæsj like i andletet til ekornet. Og han greidde seg sjeldan med å kasta berre ein bæsj. Nei, når sekken først var opna, då heiv han det han var god for. Klæs, bæsj, på nytt og på nytt.

Han traff godt, syntes han. Han lo høgt der han dreiv og kasta og kasta. Han vinka frå utsiktplassen sin om det var nokon som såg han: “Berre vent”, vinka han. “Neste gong kan det bli din tur. Det er bæsj nok”. Det den vesle apekatten ikkje forsto, var kvifor det var blitt færre og ferre tilskodarar rundt han. Kvifor det var så få som klappa, kvifor så få ville vera med og leika med han. Fatta ikkje dei rundt han kor kjekt det var å kasta blaut bæsj rett i andletet til nokon? Han forsto heller ikkje kvifor bæsjen ikkje lenger skitna til dei han kasta på. At det berre var hans eigne hender som blei svarte.